Brei blålibelle

insektart
Brei blålibelle
Brei blålibelle-hann
Brei blålibelle-hann
Brei blålibelle-hoe
Brei blålibelle-hoe
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Augestikkarar Odonata
Familie: Libellulidae
Slekt: Libellula
Art: Brei blålibelle L. depressa
Vitskapleg namn
Libellula depressa

Brei blålibelle (Libellula depressa) er ein augestikkar i familien libellar.

Brei blålibelle lever i norske vassdrag. Arten var lista på norsk raudliste 2006. Frå 2015 og i 2021 var arten rekna som livskraftig.

Utbreiing endre

Brei blålibelle er utbreidd i Mellom-Europa og austover i Asia til Kaspihavet. Han finst i Danmark, Søraust-Sverige, Finland og Søraust-Noreg rundt Oslofjorden.[2] Arten har eit lite utbreingsområde, og talet på eigna levestader (menneskeskapte dammar i tidlege suksesjonsstadiar) er potensielt svært varierande. Arten er kjens for å føreta vandringar, og vil raskt kunne gjenetablera seg i område der han tidlegare har døydd ut. Trass i dette mangla funn i Noreg frå 1896 til 1977.[3] Målretta undersøkingar har vist at arten var betydeleg meir vanleg enn ein tidlegare hadde gått ut frå,[4] og kvalifiserer ikkje lenger for raudlisting etter IUCN-kriteria.[1]

Kjelder endre

  • Holmen, M. & H. Pedersen. 1995. Odonata i Danmark, foreløbig status 1995. Nordisk Odonatologisk forum. Vol 2, side 4
  • Olsvik, Hans. & Dolmen, Dag. 1992. Distribution, habitat, and conservation status of threatened Odonata in Norway. Fauna norv. B. 39. Side 1-21.
  • Sahlén, Göran. 1996. Sveriges Trollsländor. Feltbiogerna. 165 sider. ISBN 91-85094-43-9
Referansar
  1. 1,0 1,1 Olsen KM, Andersen T, Bengtson R, Holtung H og Kjærstad G (24. november 2021). «Øyenstikkere: Vurdering av blåbredlibelle Libellula depressa for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 14. mars 2022. 
  2. «Blåbredlibelle Libellula depressa Linnaeus, 1758», www.artsdatabanken.no, henta 14. mars 2022 
  3. (Dolmen 1989)
  4. (Lønnve 2012)

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Brei blålibelle
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.