Breitenwang

Breitenwang er ein kommune i distriktet Reutte i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 18,9 km² med 1 465 ibuarar i 2016. Landsbyen Breitenwang ligg 850 meter over havet, ein kilometer nordaust for distriktshovudstaden Reutte.

Breitenwang kring 1900

Smelteverket Plansee, verdsleiande i pulvermetallurgi, er med sine i kring 2000 tilsette i Breitenwang den suverent største arbeidsplassen i kommunen. Langt fleire menneske pendlar inn til Breitenwang enn ut.

I Breitenwang har det sidan 1980-åra ofte vorte arrangert verdscuprenn i nordisk kombinert. Eit juniorverdsmeisterskap i nordiske greiner fann stad i Breitenwang i 1994?

KjelderEndra