Brekkvasselv er ei bygd i Namsskogan kommune i Trøndelag. Bygda ligg langs elva Namsen i Namdalen, 198 meter over havet. Både Europaveg 6 og Nordlandsbanen passerer gjennom bygda. Kommunesenteret Namsskogan ligg 15 km nord for Brekkvasselv. Bygda voks fram med bygginga av Nordlandsbanen, då arbeidarar fekk slå seg på staden. Den nedlagde jarnbanestasjonen på Brekkvasselv ligg 203 km frå Trondheim og 220 km til Mo i Rana.

Kjelder endre

  • Norsk Allkunnebok. II. Bandet. 1950