Bremanger kommune

kommune i Vestland

Bremanger kommune er ein kystkommune som ligg på grensa mellom Nordfjord og Sunnfjord i Vestland fylke. Kommunen er delt i to — indre og ytre Bremanger, høvesvis fastlandet og øyane Bremangerlandet og Frøya.

Bremanger kommune
kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Svelgen
Areal 833 km²
 - land 788 km²
 - vatn 45 km²
Folketal 3 629 (1. januar 2020)
Målform nynorsk
Ordførar Anne Kristin Førde (Ap)
Kommunenr. 4648

Bremanger
61°48′31″ N 5°25′15″ E
NO 4648 Bremanger.svg
Wikimedia Commons: Bremanger
Nettstad: www.bremanger.kommune.no

KommunikasjonEndra

Øyane er knytte saman med bru. Ytre del av kommunen har ferjesamband med Måløy. Tunnel under Skatestraumen og bru til Rugsund knytte øyane til fastlandet i 2002(Bremangersambandet 1).Ny tunnel Bortne-Langesi(Bremangersambambandet 2) opna i 2013 og kortar avstand frå øyane til Svelgen (og Florø/Førde) med 40 km.Det er ferjesamband over Nordfjorden frå Isane til Stårheim.Det er snøggbåtsamband nordover til Selje og sørover til Florø og Bergen. Avstand til flyplass i Florø frå Svelgen er 59,9 km. Svelgen, som ligg inst i Nordgulen, er kommunesenter.

NæringEndra

Næringsgrunnlaget i ytre delen av kommunen har tradisjonelt vore knytt til fiske- og fiskeforedling, noko kystkulturlandskapet ber preg av. I Svelgen ligg den største arbeidsplassen i kommunen — Elkem ASA Bremanger Smelteverk, ei metallurgisk industriverksemd med om lag 290 årsverk. Elles er der jordbruk, skogbruk og serviceverksemder.

NaturEndra

Kommunen har ein svært variert natur, frå det golde kystlandskapet til frodige landbruksbygder og høge fjell og brear i indre del av kommunen. Fjellet Hornelen er den høgaste sjøklippa i Nord-Europa.

TettstaderEndra

  • Bremanger med 419 innbyggjarar per 1. januar 2017
  • Kalvåg med 448 innbyggjarar per 1. januar 2017
  • Svelgen med 1 233 innbyggjarar per 1. januar 2017

BygderEndra

Kjende folk frå Bremanger kommuneEndra

BakgrunnsstoffEndra