Brevgrotta er ei grotte i ørkenen i Israel, nær grensa til Judea. Ho fekk dette namnet då det i 1960-1961 vart funne brev og papyrusfragment datert attende til Bar Kokhba-opprøret i år 132–135. Somme av breva var personlege brev mellom Bar-Kokhba og undersåttane hans, og ein særskild bunt med papyrus, kalla Babata eller Babatha, skildra livet og slitet til ei kvinne, Babata, som levde på denne tida.

Brevgrotta
grotte
Land  Israel
Koordinatar 31°25′57″N 35°20′34″E / 31.432607°N 35.342913°E / 31.432607; 35.342913
Kart
Brevgrotta
31°25′57″N 35°20′34″E / 31.432605555556°N 35.342913888889°E / 31.432605555556; 35.342913888889
Wikimedia Commons: Cave of Letters

Geografi endre

Grotta ligg i ei kløft kalla Nahal Hever, kring 20 km sør for staden der Daudehavsrullane vart funne. Ho ligg nokre kilometer sør for En-gedi, og kring 10 kilometer nord for Masada, på vestsida av Daudehavet.

 
Ein rull funnen i grotta, ein del av Babathaarkivet

Oppdaging endre

Gruppa vart først oppdaga av beduinar frå Ta`amireh-stamma og så utforska i 1953 og 1955 av ein inspektør i Israelsk antikvitetsdepartement, Y. Aharoni. Etter at somme brev skriven av Bar-Kokhba, funnen i grottene i ei kløft kalla Wadi Murraba‘at, 18 km sør for Qumrangrottene og 3 km frå Daudehavet, vart seld, vart det sett saman ein ekspedisjon i 1953 for å utforske denne grotta. Ekspedisjonen drog i staden til Nahal Hever der det var rapportar om beduinaktivitet. Då dei kom fram oppdaga dei at det like over Brevgrotta var ein romersk leir. Ein annan leir låg på sørsida av kløfta. I Brevgrotta vart det funne kalkolittiske gjenstandar frå 3000-talet, og ting frå romartida. Dei utforska ikkje grotta vidare fordi nokre store steinar blokkerte tilkomsten til resten av grotta, i tillegg til at beduinane alt hadde vore der. Det var først i 1960, då fleire dokument frå Bar Kokhba-opprøret vart selde til vitskapsmenn i Jordan, at dei israelske styresmaktene godkjende ein ny ekspedisjon. Med støtte frå det israelske forsvaret, byrja fire forskargrupper å utforske ørkenen sommaren 1960. Dei fann då nokre av breva i grotta, og resten av breva vart funnen året etter.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre