Bric de Rubren (italiensk Cima Mongioia) er ein 3 340 meter over havet høg fjelltopp i Kottialpane, på grensa mellom departementet Alpes-de-Haute-Provence i Frankrike og provinsen Cuneo i Italia.

Bric de Rubren
fjell
Land  Frankrike,  Italia
Fjellkjede Kottialpane
Høgd 3 340 moh.
Førstestiging Paul Agnel og Joseph Risoul
 - dato 20. juli 1878
Koordinatar 44°37′16″N 6°56′56″E / 44.62111°N 6.94889°E / 44.62111; 6.94889
Kart
Bric de Rubren
44°37′11″N 6°56′59″E / 44.61972222°N 6.94972222°E / 44.61972222; 6.94972222
Wikimedia Commons: Cima Mongioia

Allereie i 1823 gjorde ein fransk offiser som dreiv topografisk landmåling for Frankrike eit forsøk på å nå toppen av Bric de Rubren. Fyrst 55 år seinare stod dei fyrste menneska på toppen av fjellet, franskmennene Paul Agnel og Joseph Risoul.

Kjelder endre