Brillepetrell

fugleart
Brillepetrell
Spectacled Petrel, Procellaria conspicillata Foto: Brian Gratwicke
Spectacled Petrel, Procellaria conspicillata
Foto: Brian Gratwicke
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av brillepetrell
Utbreiinga av brillepetrell
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Procellaria
Art: Brillepetrell P. conspicillata
Vitskapleg namn
Procellaria conspicillata

Brillepetrell, Procellaria conspicillata (engelsk namn: Spectacled Petrel) er ein sjøfugl i stormfuglfamilien. Han lever i Sør-Atlanteren nord for den antarktiske konvergensen, og hovudsakleg i eit belte mellom 25 og 41° S. Arten har berre ein hekkestad, på det vestre platået på Inaccessible_Island, Tristan da Cunha. Dette er ein av dei største petrellane som hekkar i hòler.

Skildring endre

Dette er ein stor petrell, ca 55 cm i lengd, med mørk fjørdrakt. Han har karakteristiske kvite band rundt auga, og nebbet er gult. Levetida deira er gjennomsnitt 26,4 år.[1] Dei et blekksprutar, småfisk og krepsdyr.[1]

Denne petrellen hekkar årleg og vil leggje eitt egg i kullet. Reiret ligg i hòler langs elvebreidder eller i myrer.[1]

Dette taksonet var tidlegare rekna å vere ein underart av kvithakepetrell, Procellaria aequinoctialis,[2] men er i dag kjent som ein sjøvstendig art.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 BirdLife International (2012)
  2. Clementslista versjon 6.3 frå desember 2008

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Brillepetrell