Bruravik-Brimnes

(Omdirigert frå Brimnes-Bruravik)

60°28′56″N 6°54′12″E / 60.48222°N 6.90333°E / 60.48222; 6.90333

Utsyn frå ferjekaien på Brimnes.
Foto: Francis
MF «Melderskin» trafikerer ruta.
Foto: Harald Sætre

Bruravik-Brimnes var eit ferjesamband mellom Brimnes i Eidfjord og Bruravik i Ulvik herad. Strekninga inngjekk i fylkesveg 7 og vart betent av Tide med ferja MF «Melderskin» i opptil tre avgangar i timen. Om sommaren vart hovudferja supplert med ei noko mindre ferje. Overfarten tok om lag ti minutt og gjekk over Eidfjorden.

Ferjesambandet vart avløyst av Hardangerbrua då ho opna 17. august 2013.

Bakgrunnsstoff endre