Terra Nova-ekspedisjonen

Terra Nova-ekspedisjonen (1910–1913), offisielt British Antarctic Expedition 1910, var ein britisk ekspedisjon leia av Robert Falcon Scott. Ifølge han var hovudmålet å ta seg til Sørpolen for å sikre at det britiske imperiet fekk æra for prestasjonen.[1] Scott og fire følgjesveinar nådde Sørpolen 17. januar 1912, men oppdaga at at dei hadde tapt «Kappløpet mot Sørpolen» for ekspedisjonen leia av Roald Amundsen, som hadde vore der trettitre dagar tidlegare. På ferda tilbake til Cape Evans-basen omkom Scott og laget hans. Dagbøkene deira vart funne under eit søk etter sørpolgruppa åtte månader seinare, og dermed vart ekspedisjonen si historie kjend.

Laget til Scott på Sørpolen, 18. januar 1912. Frå venstre: Wilson, Scott, Oates, Bowers, Edgar Evans.

På denne tida var Scott den mest erfarne leiaren av polarekspedisjonar i Storbritannia, og hadde leia Discovery-ekspedisjonen til Antarktis i 1901–04. Terra Nova-ekspedisjonen, oppkalla etter forsyningsskipet til ekspedisjonen,[a] var eit privat initiativ finansiert med innsamla midlar og eit mindre statleg tilskot. Vidare hadde han støtte frå den britiske marinen som bidrog med erfarne sjøfolk, og frå Royal Geographical Society. I tillegg til målsetjinga om å nå Sørpolen, gjennomførte Scott òg eit omfattande vitskapeleg program, og utforska Victoria Land og Dei transantarktiske fjella. Eit forsøk på å ta seg i land for å utforske King Edward VII Land mislukkast derimot. Ei gruppe reiste òg til Cape Crozier i juni og juli 1911 midt under den strenge antarktiske vinteren.

Scott sin heltestatus i Storbritannia var utan konkurranse i mange år etter han døydde, og det vart reist få spørsmål om årsakene til ulukka. Den siste fjerdedelen av 1900-talet vart ekspedisjonen granska nærmare, til dømes har Scott si dagbok fått stor merksemd fordi den detaljerte framstillinga kastar lys over hendingane rundt tragedien. Det er kome frem fleire kritiske synspunkt om årsakene til utfallet, og det vert framleis diskutert i kva grad Scott hadde skuld i det som skjedde.

Førebuingar

endre

Bakgrunn

endre

Etter Discovery-ekspedisjonen tok Scott opp att den sjømilitære karrieren sin. Men han hadde framleis ambisjonar om å vende tilbake til Antarktis, og då med erobringa av Sørpolen som overordna mål.[2] Discovery-ekspedisjonen leverte eit betydeleg bidrag til kunnskapen om Antarktis, men ein kom ikkje lenger sør enn 82° 17' S og kryssa ikkje Rossbarrieren.[3][4] Discovery-ekspedisjon sin base låg i McMurdo-sundet, og Scott var overtydd om at dette var hans eige «revir» som han aleine hadde rett til å bruke som utgangspunkt for nye ekspedisjonar.[5] I 1909 tok han i mot meldinga om at ein ekspedisjon leia av Ernest Shackleton nesten hadde lukkast i å nå Sørpolen. Med utgangspunkt i Scott sin gamle base kryssa Shackleton Rossbarrieren, oppdaga ruta over Beardmorebreen til Antarktisplatået, og heldt fram mot Sørpolen. Han vart tvungen til å gjere vendereis på 88° 23' S, mindre enn 180 km frå polpunktet.[6] Scott likte dårleg at Shackleton hadde brukt «hans» base.[7] Dette forsura forholdet mellom dei to, og auka motivasjonen til Scott til å overgå Shackleton.[8]

Under førebuingane til den føreståande ekspedisjonen var Scott klar over at andre liknande ekspedisjonar vart planlagt. Ein japansk ekspedisjon var i emning;[9] Den australasiatiske antarktisekspedisjonen under Douglas Mawson skulle starte i 1911, men hadde startstad frå ein annan sektor av kontinentet.[10] I mellomtida hadde Roald Amundsen, ein potensiell rival, kunngjort planar om ei arktisk reise.[11][12][13]

Mannskap

endre
 
Kaptein Scott, leiar av ekspedisjonen.

Sekstifem menn (inkludert reservar) danna mannskapet i Terra Nova-ekspedisjonen.[14] Dei vart valde ut frå 8 000 kandidatar,[15] og inkluderte seks tidlegare deltakarar frå Discovery-ekspedisjonen saman med fem som hadde vore med Shackleton på Nimrod-ekspedisjonen 1907–09.[16] Løytnant Edward Evans, som hadde vore navigasjonsoffiser på «Morning» under støtteoperasjonen til Discovery i 1904, vart utnemnd til Scott sin nestkommanderande. Han hadde skrinlagt planane om sin egen ekspedisjon, og overførte den økonomiske støtta si til Scott.[17]

Av personellet frå den britiske marinen var løytnant Harry Pennell, som skulle vere navigatør og ta kommandoen på skipet når mannskapet til Scott hadde gått i land,[18] i tillegg til dei to sanitetsløytnantane George Murray Levick og Edward L. Atkinson.[18] Den tidlegare marineoffiseren Victor Campbell, kjend som «The Wicked Mate», var ein av få deltakarar som var dugande på ski, og han vart vald til å leie gruppa som skulle undersøke Kong Edward VII Land.[19][20] I motsetnad til Discovery-ekspedisjonen var bidraget til marinen primært mannskap utan offisersgrad, inkludert Antarktis-veteranane Edgar Evans, Tom Crean og William Lashly. To offiserar utanfor Royal Navy vart valde ut: Henry Bowers, kjend som «Birdie», ein løytnant frå den indiske marinen,[18] og Lawrence Oates, kjend som «Titus», ein kaptein frå 6. kavaleriregiment. Den velhaldne Oates tilbydde tenestene sine gratis og donerte òg 1 000 pund (2009-verdi ca. 75 000 pund) til ekspedisjonen.[21]

Som leiar for det vitskapelege programmet oppnemnde Scott Edward Wilson som sjefsforskar. Wilson var Scotts nærmaste fortrulege i laget; under Discovery-ekspedisjonen hadde han følgt Scott til ekspedisjonen sitt sørlegaste punkt. Han var ikkje berre ein dugande zoolog, men òg ein talentfull illustratør. Den gruppa vitskapsmenn han leia var – ifølge Scotts biograf David Crane – «den mest imponerande gruppa forskarar som hadde vore på ein polarekspedisjon» –[18] og inkluderte fleire som seinare skulle hauste stor respekt som forskarar: meteorologen George Simpson, den canadiske fysikaren Charles Wright, og geologane Frank Debenham og Raymond Priestley.[22] Den leiande geologen Thomas Griffith Taylor, biologen Edward W. Nelson og assisterande zoolog Apsley Cherry-Garrard utfylte laget.

Cherry-Garrard hadde ingen vitskapeleg trening, men var Wilsons protesjé. Han hadde, som Oates, medverka med 1 000 pund til finansieringa. Etter først å ha vorte avvist av Scott, opprettheldt han bidraget sitt, noko som imponerte Scott tilstrekkeleg til at han omgjorde avgjersla si.[22] Scotts biograf David Crane skildrar Cherry-Garrard som «den framtidige fortolkaren, historikaren og samvitet til ekspedisjonen.»[23] Herbert Ponting var fotograf, og bilete hans kom til å gje avgjerande informasjon om ekspedisjonen og det tragiske utfallet.[24] Etter råd frå Fridtjof Nansen rekrutterte Scott òg den unge norske skieksperten Tryggve Gran.[25]

Transportmidlar

endre

Scott avgjorde å ha ein oppdelt transportstrategi, med bidrag frå hundespann, motordrivne sledar og ponniar.[26][27] Han utnemnde Cecil Meares til å overta ansvaret for hundespanna, og rekrutterte Shackletons motorspesialist, Bernard Day, til å føre motorsledane.[28] Oates skulle ha ansvaret for ponniane, men sidan han ikkje kunne slutte seg til ekspedisjonen før i mai 1910, sette Scott Meares til å skaffe dei. Meares hadde derimot ingen erfaring med hestar, noko som resulterte i ponniar av låg kvalitet og yteevne.[29]

Ekspedisjonen til Shackleton 1907–09 var den første som tok i bruk motorkraft og ponniar i Antarktis.[30][31] Scott meinte at ponniene hadde vore til god nytte for Shackleton, og var imponert over potensialet til motorsledane. Likevel baserte Scott seg på at ekspedisjonsdeltakarane skulle trekke utstyret[32] etter at motorsledane og ponniene hadde trekt sledane over Rossbarrieren og dermed spart mennene for krefter til dei seinare etappane opp Beardmorebreen og over Antarktisplatået. I praksis fekk dei berre ei kortvarig glede av motorsledane, og alderen og den dårlege forfatninga til ponniane gjorde at heller ikkje dei var til særleg nytte.[33] Erfaringane til Scott frå Discovery-ekspedisjonen hadde gjort han skeptisk til om hundespanna var til å lite på,[34] men han skreiv at han innsåg at dei var særs effektive i dei rette hendene.[35] Etterkvart som ekspedisjonen gjekk framover vart han stadig meir imponert over eigenskapane deira.[36]

Finansiering

endre
 
OXO var ein av mange kommersielle sponsorane av ekspedisjonen.

I motsetnad til Discovery-ekspedisjonen, der finansiering vart ordna i fellesskap av Royal Society og Royal Geographical Society, vart Terra Nova-ekspedisjonen organisert som eit privat initiativ utan særleg institusjonell støtte. Scott rekna totalkostnaden til 40 000 pund (3 millionar pund etter 2009-kurs),[1][21] der halvparten av dette etter kvart vart dekt av eit statleg tilskot.[37] Resten vart skaffa ved private donasjonar og lån.[38] Ekspedisjonen fekk i tillegg støtte gjennom gratis materiell og hjelpemidlar frå kommersielle firma.[39] Pengeinnsamlinga vart i hovudsak organisert av Scott, noko han fortsette med i Sør-Afrika, Australia og New Zealand etter at «Terra Nova» hadde segla frå britisk farvatn, og det tok ein stor del av tida og energien hans.[40]

Den desidert største kostnaden var kjøpet av skipet «Terra Nova» for 12 500 pund.[37] Skipet hadde vore i Antarktis tidlegare, som støttefartøy for Discovery-ekspedisjonen.[41] Scott ønska å segle henne som eit marinefartøy under White Ensign, og for å sikre dette hadde han skaffa seg medlemskap i Royal Yacht Squadron. Han var såleis i stand til å handheve militær disiplin på ekspedisjonen, og som registrert skvadronsyacht var ikkje «Terra Nova» forplikta til å følgje forskriftene i Board of Trade, noko som elles kunne ha gjeve henne seglingsforbod.[42]

I den første offentlege appellen sin erklærte Scott:

«Hovudmålet med ekspedisjonen er å nå Sørpolen, og dermed sikre at æra for denne prestasjonen går til det britiske imperiet.»[1][43]

Det fanst òg naturvitskapelege og geografiske mål – sjefsforskar Wilson framstilte det vitskapelege arbeidet som hovudmålet til ekspedisjonen: «Ingen skal seinare kunne sei at dette berre var ei poljakt. Me vil at erobringa av Sørpolen berre skal vere eitt av fleire vitskapelege resultat.»[44]

Wilson håpa å vidareføre studiane av pingvinkolonienCape Crozier som vart starta under Discovery-ekspedisjonen,[45] og å gjennomføre eit forskingsprogram av eit omfang som ingen tidlegare hadde sett innan geologi, magnetisme og meteorologi.[1] Vidare eksisterte det planer om å utforske Victoria Land,[1] og Kong Edward VII Land, Campbell som leia sistnemnde, skreiv at det var den utforskinga heile ekspedisjonen dreidde seg om.[46]

Første sesong, 1910–11

endre
 
«Terra Nova» fotografert av Herbert Ponting i desember 1910.

Utreise

endre

«Terra Nova» segla frå Cardiff 15. juli 1910.[47] Arbeid med finansieringa gjorde at Scott vart oppteken, og han slutta seg til ekspedisjonen først i Sør-Afrika.[48] Han forlèt skipet i Melbourne for å fortsette pengeinnsamlinga, medan «Terra Nova» fortsette til New Zealand.[49] I Melbourne venta eit telegram frå Roald Amundsen, der han informerte Scott om at nordmennene «fortsetter mot sør»;[50] telegrammet var den første indikasjon Scott fekk på at han var med i eit kappløp. På spørsmål frå pressa om hans reaksjon, svarte Scott at planane hans stod fast, og at han ikkje ville ofre det vitskapelege målet til ekspedisjonen for å vinne kappløpet til polen.[49] I dagboka si skreiv han at Amundsen hadde eit god høve til å lukkast, og kanskje fortjente å vinne visst han hadde hellet med seg.[51]

Scott gjekk igjen ombord i «Terra Nova» på New Zealand, der ytterlegare forsyningar vart teke ombord, inklusive 34 hundar, 19 sibirske ponniar og tre motordrivne sledar.[49] «Terra Nova» forlét Port Chalmers kraftig overlasta 29. november 1910.[49] I løpet av dei første dagane av desember vart skipet utsett for ein kraftig storm. På eitt tidspunkt, der skipet kjempa mot tung sjø og pumpene ikkje fungerte, måtte mannskapet lense henne med bøtter.[52] Stormen førte til at dei mista to ponniar, ein hund, ti tonn kol og 65 liter bensin.[53] Den 10. desember møtte dei den sørlege pakkisen og vart hindra i 20 dagar før dei klarte å bryte gjennom og fortsette sørover. Forseinkinga, som Scott skildra som «rein og skjer uflaks»,[54] kosta dei 61 tonn kol.[55]

Cape Evans-basen

endre
 
Inne i hytta til Scott på Cape Evans
Foto: Kuno Lechner

Då dei kom fram utanfor Ross Island 4. januar 1911, speida mannskapet etter moglege stader å gå i land rundt Cape Crozier på den austlege delen av øya,[56][57] før dei sigla vidare til McMurdo-sundet i vest, der både «Discovery» og «Nimrod» tidlegare hadde gått i land. Etter at Scott hadde vurdert ulike overvintringsstader, valde han eit nes han frå Discovery-ekspedisjonen huska som «Skuary»,[58] om lag 15 km nord for basen frå 1902 på Hut Point.[55] Scott håpa at denne staden, som han døypte om til Cape Evans etter sin nestkommanderande,[58] ville gje ein trygg ankringsplass, og etter kvart som havet sør for plassen fraus til, ville gjere det mogeleg å passere over isen til Hut Point og Rossbarrieren.[59] Mannskapa vart sendt i land med ponniar, hundar, dei tre motoriserte sledane (der éin gjekk tapt under lossing),[60] og det meste av forsyningane. Scott uttrykte undring over styrken til ponniane då han såg dei frakte forsyningar og materiell frå skip til land.[61] Ei prefabrikkert hytte som målte 50 x 25 m vart reist og gjort eigna til bustad frå 18. januar.[62]

Amundsen når fram

endre

I planane til Scott inngjekk at ei gruppe under leiing av Victor Campbell skulle segle «Terra Nova» austover til halvøya King Edward VII Land, aust for Rossbarrieren, eller som eit alternativ til Victoria Land i nordvest. Der skulle dei overvintre og seinare utføre rekognoseringar og vitskapelege undersøkingar.[63] I tillegg til Campbell bestod medlemmane i gruppa av Priestley, Levick, Abbot, Dickason og Browning.

Campell og mannskap kasta loss og segla austover den 26, januar 1911. Då dei ikkje fann ein eigna landingsplass på King Edward VII Land, valde Campbell å segle til Victoria Land. På returen vestover støtte «Terra Nova» på Amundsen sin ekspedisjon i Hvalbukta, ei vik i Rossbarrieren.[64] Amundsen var høfleg og gjestfri, rigga til for Campbell i nærleiken av leiren, og tilbaud han òg hjelp med hundane.[65] Campbell avviste høfleg tilbodet og reiste tilbake med mannskapet sitt til Cape Evans for å avlegge rapport om utviklinga.

Scott fekk meldinga 22. februar under den første depotlegginga til ekspedisjonen. Ifølgje Cherry-Garrard var den første tanken til Scott og mennene hans å storme over til Hvalbukta og gjere opp med Amundsen.[66] Scott registrerte derimot hendinga roleg i dagboka si: «Éin einaste tanke festar seg i hovudet mitt. Den anstendigaste, i tillegg til den klokaste, løysinga for oss er å halde fram akkurat som om dette ikkje hadde skjedd. Å gå vidare og gjere så godt vi kan til heider for vårt land, utan frykt eller panikk.»[67]

Depotlegging, 1911

endre

Ferda mot polpunktet skulle starte neste vår, og den første sesongen var målet å plassere ei rekkje depot på Rossbarrieren frå barrierekanten (Safety Camp) og sørover til 80 °S med «Eitt-tonn-depotet» som det sørlegaste og største. Arbeidde vart utført av tolv menn, dei åtte best skikka ponniane og to hundespann. Istilhøva hindra bruk av motorsledar.[68]

 
Hytta til Scott frå Discovery-ekspedisjonen ved Hut Point, brukt som ly og depot under Terra Nova-ekspedisjonen.
Foto: Emilio Floris

Ifølgje Cherry-Garrard føregjekk avreisa 27. januar «i all hast på grensa til panikk».[69] Framdrifta var treigare enn venta, mellom anna fordi ponniane gjekk med redusert trekkevne etter at trugene dei trengde over Rossbarrieren var blitt etterlatne på Cape Evans.[70] Den 4. februar etablerte gruppa Corner Camp, 64 km frå Hut Point, der ein snøstorm heldt dei attende i tre døgn.[70] Eit par dagar seinare, etter at marsjen heldt fram, sendte Scott dei tre svakaste ponniane heim (to omkom på vegen).[71] Då dei kom nærare den planlagde breiddegraden, vart Scott uroa for at dei attverande ponniane ikkje ville klare seg med mindre gruppa snudde med ein gong. Mot rådet til Oates – han ynskte å gå vidare og bruke ponnikjøttet etterkvart som ponniane kollapsa, avgjorde Scott å leggje Eitt-tonn-depotet ved 79° 29'S, ca. 50 km nord for den tiltenkte plasseringa.[71]

Scott drog tilbake til Safety Camp med hundespann, etter å ha risikert sitt eige liv for å redde eit hundespann som hadde fall i ein bresprekk.[72] Wilson syntes dette var ein «vanvittig risiko» – [65] Scott vart stadig meir imponert over prestasjonane til hundespanna.[73] Då dei langsamare ponniane returnerte, var eitt av dyra i så dårleg forfatning at det døydde kort tid etterpå. Seinare gjekk dei overlevande hestane gjennom havisen nær Hut Point. Trass i eit energisk redningsforsøk omkom ytterlegare tre ponniar.[74] Av dei åtte hestane som reiste ut med forsyningar til depota, var no berre to tilbake.[75]

Vinteren 1911

endre

Den 23. april 1911 forsvann sola for resten av vintermånedane og ekspedisjonsdeltakarane slo seg til ro i hytta på Cape Evans. Under det sjømilitære regimet til Scott vart hytta delt av ein mur som bestod av transportkassar, slik at offiserar og ivrige stort sett levde fråskilde; forskarane vart rekna som «offiserar» i denne samanhengen.[76] Alle vart heldt i verksemd: det vitskapelege arbeidet fortsette, observasjonar og målingar vart gjort, utstyr vart overhalt og tilpassa for framtidige reiser. Dei overlevande ponniane trong dagleg mosjon, og hundane kravde jamleg tilsyn.[77] Scott brukte mykje tid på å rekne lasting av sledane for den komande marsjen mot polen.[78]

I rutinen inngjekk òg jamlege førelesningar frå eit breitt spekter av emne: Ponting om Japan, Wilson om teikning, Oates om hestehald, og geolog Frank Debenham om vulkanar.[77][79] For å sikre at den fysiske forma vart opprettheldt vart det ofte spelt fotball i halvmørket utanfor hytta, Scott skreiv ned at «Atkinson er langt den beste spelaren, men Hooper, PO Evans og Crean er òg ganske bra.»[80] Avisa South Polar Times, som hadde blitt produsert av Shackleton under Discovery-ekspedisjonen, stod opp att under redaksjonen til Cherry-Garrard.[77] Den 6. juni vart det arrangert ein fest for å markere 43-årsdagen til Scott, ein annan fest 21. juni markerte vintersolkverv.[81]

Hovudekspedisjonen, 1911–12

endre

Northern Party

endre

Etter å ha formidla meldinga om Amundsens tilkome, segla laget til Campbell, som no var døypt om til Northern Party, nordover frå Cape Evans den 9. februar 1911, og nådde fram til Robertson Bay i nærleiken av Kapp Adare 17. februar. Der bygde dei ei hytte i nærleiken av den norske oppdagaren Carsten Borchgrevink sitt gamle hovudkvarter.[82]

 
Borchgrevink si hytte på Kapp Adare.
Foto: Kuno Lechner

Gruppa heldt seg vinteren 1911 i hytta. Dei sledeturane som var planlagt for sommaren 1912 kunne ikkje gjennomførast fullt ut på grunn av tilstanden på havisen, og at dei ikkje lukkast med å finne ei alternativ indre rute. «Terra Nova» kom tilbake frå New Zealand 4. januar 1912 og transporterte laget til ein stad i nærleiken av Evans Coves, ei plassering omtrent 400 km sør for Kapp Adare og 400 km nordvest for Cape Evans. Planen var at dei skulle plukkast opp 18. februar etter å ha gjort seg ferdig med ytterlegare geologiske undersøkingar,[83], men på grunn av tung pakkis, var fartøyet ikkje i stand til å nå inn til dei.[84] Gruppa, med magre rasjonar som dei måtte supplere med fisk og selkjøt, heldt seg vinteren i 1912 i ei snøhole som dei grov ut på Inexpressible Island.[85] Her vart dei utsett for store påkjenningar – frostskadar, svelt, dysenteri, ekstrem vind, låge temperaturar, og ubehaget med å måtte bruke ein spekkomn i eit trongt rom.[86][87]

I byrjinga av april 1912 prøvde Edward Atkinson, som hadde kommandoen på Cape Evans i fråveret til Scott, å sende fire mann opp langs kysten av Victoria Land for å kome Campbell og hans menn til unnsetning. Atkinson si gruppe starta 17. april, men forsøket mislukkast på grunn av dårleg vêr.[88] Northern Party sette kursen for Cape Evans 30. september 1912, ei ferd som innebar kryssing av den farefulle Drygalskitunga. Browning var svært sjuk og Dickason vart nesten utsliten av dysenteri, men heile gruppa klarte å nå Cape Evans 7. november etter ei farefull ferd.[89] Geologiske prøvar og anna materiale som vart samla inn av Northern Party vart henta frå Cape Adare og Evans Coves av «Terra Nova» i januar 1913.[90]

Vestlege geologiundersøkingar

endre

Første geologiske ekspedisjon, januar – mars 1911

endre

Formålet med denne reisa var geologisk utforsking av kystområdet vest for McMurdo-sundet, i eit område mellom McMurdo Dry Valleys og Koettlitzbreen.[91] Dette arbeidet vart gjennomført av ei gruppe som bestod av Griffith Taylor, Debenham, Wright og PO Evans. Dei gjekk i land frå «Terra Nova» 26. januar på Butter Point,[92] på kysten av Victoria Land, tvers over McMurdo-sundet for Cape Evans. Den 30. januar etablerte laget hovuddepotet sitt ved Ferrarbreen. Dei gjennomførte undersøkingar i McMurdo Dry Valleys og ved Taylorbreen, før dei flytta seg sørover til Koettlitzbreen. Etter vidare arbeid der, starta dei tilbaketuren 2. mars og tok ei sørleg rute til Hut Point, der dei nådde fram 14. mars.[93]

Andre geologiske ekspedisjon, november 1911 – februar 1912

endre

Dette var ei vidareføring av arbeidet utført i løpet av den førre ekspedisjonen, denne gongen med fokus på området Granite Harbour ca. 80 km nord for Butter Point.[94] Taylor hadde denne gongen med seg Debenham, Gran og Forde. Hovudturen starta 14. november, og innebar at dei måtte krysse eit vanskeleg havisparti til Granite Harbour, der dei nådde fram 26. november. Hovudkvarteret vart etablert på eit område dei kalla Geology Point, og ei steinhytte vart bygd. I dei neste vekene utforska og kartla dei Mackaybreen, og fleire formasjoner på nordsida av breen vart identifisert og namngjevne. Mennene venta å bli plukka opp av «Terra Nova» 15. januar 1912, men skipet kunne ikkje nå fram til dei. Dei venta til 5. februar før dei valde å dra sørover, og vart redda frå isen då dei endeleg vart oppdaga frå skipet den 18. februar. «Terra Nova» vart i januar 1913 sendt ut for å hente geologiske prøvar frå begge ekspedisjonane.[95]

Vinterekspedisjonen til Cape Crozier

endre

Denne reisa var Edward Adrian Wilson sin idé. Han hadde foreslått ein slik ekspedisjon i zoologidelen av den vitskapelege rapporten til Discovery-ekspedisjonen, og var ivrig etter å følgje opp tidlegare forsking. Det vitskapelege føremålet med reisa var å sikre seg egg frå keisarpingvinane frå hekkeplassane ved Cape Crozier på eit tidleg fosterstadium, slik at «vesentlege punkt i utviklinga av fuglen kunne dokumenterast».[96] Dette kravde ei ferd midtvinters for å få egg kort tid etter befruktinga. Eit sekundært mål var å eksperimentere med matrasjonar og utstyr i forkant av polferda sommaren etter.[97] Scott godkjende dette, og eit lag som bestod av Wilson, Bowers og Cherry-Garrard drog av stad 27. juni 1911.[98]

 
Utsikt austover frå Cape Crozier.
Foto: Akvarell av Edward Wilson

Ekspedisjonar i den antarktiske vinteren hadde ikkje tidlegare vorte forsøkt; Scott skreiv at «det var eit dristig vågestykke, men dei rette mennene bestemte seg for å prøve det.»[98] Cherry-Garrard skildra seinare påkjenningane i dei 19 dagane det tok å reise dei 100 km til Cape Crozier. Utstyr, klede og soveposar var konstant islagt; 5. juli fall temperaturen under -60 °C «– 109 kuldegrader [F] – så kaldt som nokre og kvar ønskjer å halde ut i mørket og i frosne klede»,[99] skreiv Cherry-Garrard. Ofte var den daglege tilbakelagte distansen berre eit par kilometer.[100]

På Cape Crozier klarte dei tre mennene trass store vanskar å få bygd ei hytte av stein, snøblokker og eit stykke tre dei brukte i taket.[101] Dei var då i stand til å vitje pingvinkolonien og samle fleire egg frå keisarpingvinane.[102] Igloen vart nesten øydelagd i ein kraftig snøstorm. Stormen tok òg med seg teltet som dei var avhengige av for å overleve heimreisa, men heldigvis fann dei dette igjen, ein halv kilometer unna.[103] Gruppa la i veg på turen tilbake til Cape Evans, og kom fram 1. august.[104] Dei tre egga som overlevde reisa gjekk først til Natural History Museum i South Kensington, og deretter vart dei grunnlaget for ein rapport frå dr. Cossar Stewart på University of Edinburgh.[105] Egga kunne derimot ikkje bidra til å bevise Wilson sine teoriar.[106]

Cherry-Garrard skildra seinare dette som «den verste reisa i verda»,[107] og brukte det som tittel på boka som han skreiv i 1922 som ei skildring av heile Terra Nova-ekspedisjonen. Scott kalla denne vinterlege reisa for «ein fantastisk prestasjon»,[104][108] og var særs nøgd med utprøvinga av rasjoner og utstyr: «Vi er så nær det perfekte som erfaring kan bringe oss.»[104][109]

Ekspedisjonen til Sørpolen

endre
 
Kart som viser rutene Scott (blå) og Amundsen (grøn) følgde til polpunktet. Scott nådde polpunktet først den 17. januar 1912, 34 dagar etter Amundsen.

Den 13. september 1911 la Scott fram planane sine for ferda mot Sørpolen. Seksten menn skulle byrje reisa over Rossbarrieren med hjelp av motorsledar, ponniar og hundar til Beardmorebreen, der hundane skulle returnere og ponniane nyttast til proviant. Deretter skulle tolv menn i tre grupper fortsette oppover breen og dra sledane sjølv. Berre éi av desse gruppene skulle fortsette frem til Sørpolen, dei andre skulle vere støttegrupper og sendast attende ved spesifiserte breiddegrader. Scott ville avgjere samansetnaden av sørpolgruppa undervegs.[110]

Motorgruppa (Lt. Evans, Day, Lashly og Hooper) starta frå Cape Evans 24. oktober med to motordrivne sledar, og skulle trekke forsyningar til 80° 30'S og vente på dei andre der. Innan 1. november hadde begge motorsledane brote saman, den siste etter 94 km.[111] Mennene måtte sjølv trekke 336 kg med forsyningar dei resterande 240 km til avtalt plassering, og nådde fram to veker etter planen.[112] Den neste gruppa, som hadde starta frå Cape Evans 1. november, tok dei ikkje igjen før 21. november.[113]

Day og Hooper returnerte til basen 24. november med ein rapport til Simpson, som då hadde ansvaret på Cape Evans. Det var meininga at hundane òg skulle returnerast, men på grunn av det langsame tempoet valde Scott å ta dei med vidare.[114] Den 4. desember slo ekspedisjonen leir nær Gateway (passasjen mellom Rossbarrieren og Beardmorebreen) og ein snøstorm tvinga mannskapet til å bli verande i leiren fram til 9. desember, og å forsyne seg av rasjoner meint for bre-etappen.[115] Då snøstormen løya, vart dei resterande ponniane skotne; dei var særs utmatta og kunne ikkje lengre trekke. Den 11. desember returnerte Meares og Gerov med hundane til basen. Med seg hadde dei ei melding om at «stoda ikkje er så rosenraude som dei kunne ha vore, men vi held motet oppe og håpar lukka snur.»[116]

Dei resterende tolv mennene klatra Beardmore, og 20. desember la dei att eit depot øvst på breen. Det var framleis ingen avklaring frå Scott om kven som skulle vere med i sørpolgruppa. Den 22. desember, ved 85° 20'S, sendte Scott tilbake Atkinson, Cherry-Garrard, Wright og Keohane som første støttegruppe.[117] Scott gav Atkinson munnleg ordre om at hundane skulle sendes ut for å assistere polfararane på returreisa.[118]

Dei to siste gruppene heldt fram sørover under betre forhold som gjorde at dei makta å ta igjen noko av tida dei tapte på Rossbarrieren. Innan 30. desember var dei à jour med tidsplanen til Shackleton frå 1908–09.[119] Den 3. januar 1912, ved 87° 32'S, avgjorde Scott samansetnaden til sørpolgruppa – fem mann (Scott, Wilson, Oates, Bowers og Edgar Evans) skulle fortsette, medan Lt. Evans, Lashly og Crean skulle returnere som den siste støttegruppa.[120] Avgjersla om å ta fem mann fram involverte nye utrekningar av last og rasjoner, sidan alt hittil hadde vore basert på grupper på fire mann.[121]

Under returreisa til støttegruppa vart Evans alvorleg sjuk av skjørbuk. Etter Eitt-tonns-depotet kunne han ikkje gå vidare, og kameratane trekte han på sleden hans til eit punkt 56 km sør for Hut Point.[122] Den 18. februar gjekk Crean alene for å nå Hut Point, og der støtte han på Atkinson og Gerov som førebudde ein hundespanntur med forsyningar til Eitt-tonns-depotet. Ei redningsgruppe vart danna, og Evans vart brakt til Hut Point 22. februar, så vidt i live.[123] Lashly og Crean vart begge seinare tildelt Albert Medal for Lifesaving for innsatsen under redningsaksjonen.[124]

Sørpolgruppa heldt fram mot målet og passerte vendepunktet til Shackleton (88° 23'S) den 9. januar. Sju dagar seinare, om lag 25 km frå målet, oppdaga dei det svarte flagget til Amundsen og innsåg at nordmannen hadde kome dei i forkjøpet. Dei nådde polpunktet 17. januar 1912, og fann at Amundsen hadde vore der 14. desember 1911. Han hadde sett igjen eit telt, nokre forsyningar, og eit brev til kong Haakon i Noreg, som han høfleg bad Scott om å levere.[125]

 
Scott og hans menn på Amundsenbasen, Polheim på Sørpolen. Frå venstre: Scott, Bowers, Wilson, og PO Evans. Biletet er teke av Lawrence Oates.

Scott skreiv i dagboka si: «Sørpolen. Ja, men under heilt andre omstende enn venta... Gode Gud! Dette er ein frykteleg stad og forferdeleg nok for oss som har slite for å kome hit utan å få gleda av å vere dei første.»[126] Han konkluderte med oppføringa: «No står ein desperat kamp att [for å få meldinga gjennom først]. Eg undrar meg på om vi kan makte det.»[127]

Etter å ha stadfesta posisjonen og planta det britiske flagget, vendte gruppa til Scott heimover neste dag. I løpet av dei neste tre vekene hadde dei god framdrift, og dagboka til Scott omtaler fleire «gode dagsmarsjar».[128] Likevel byrja Scott å uroe seg for den fysiske tilstanden til mennene, og særleg for Edgar Evans, som leid av alvorlege frostskadar og som Scott skildra som «ein god del nedkjørt.»[129] Tilstanden for føtene til Oates vart ei aukande uro sidan gruppa nærma seg toppen av Beardmorebreen og gjorde seg klare for nedstiginga til Rossbarrieren.[128]

Den 7. februar starta dei nedstiginga, men fann denne hardare enn venta og hadde vanskar med å finne att depota. Trass i dette gav Scott ordre om ein halv dags «geologisering», og 14 kg med prøver vart lagt til sledane.[129] Edgar Evans si helse vart no raskt svekka; ei skade i handa ville ikkje gro, han var alvorleg frostskadd, og hadde truleg òg skada hovudet etter fleire fall på isen. «Den vanlege sjølvsikkerheita hans er heilt borte»,[130] skreiv Scott.[129] Alle leid av underernæring, men som den kraftigast bygde påverka det Evans mest. Nær botnen av breen kollapsa han og døydde 17. februar.[129]

På etappen tilbake over Rossbarrieren vart dei fire overlevande utsett for nokre av dei mest ekstreme vêrtilhøva som nokon gong er registrert i denne regionen.[131] Vêret, og den vanskelege snøflata («som å trekke slede over ørkensand» – Scott, 19. februar)[132] bremsa dei kraftig, og det same gjorde den stadig dårlegare foten til Oates. Scott håpa på ei endring i vêret, men februar gjekk mot slutten og temperaturen fall ytterlegare.[133] Den 2. mars kom dei fram til depotet midt på Rossbarrieren, men det viste seg at oljelageret var kraftig redusert på grunn av fordamping: «Sjølv med dei mest rigide sparetiltaka kan dette knapt føre oss til neste depot ... 115 km unna.»[134] Det same hadde skjedd ved neste depot som dei fann 9. mars, og det var framleis ingen teikn til «hundane som ville ha vore vår frelse.»[134]

Dagsmarsjane var no redusert til mindre enn 8 km, og dei leid av desperat mangel på mat og drivstoff. På eller rundt 17. mars gjekk Oates, openbert tilrekneleg, ut av teltet, og sa ifølge Scott: «Eg skal berre utanfor, og eg kan kome til å bli der ei stund.»[134] Dette offeret var derimot ikkje nok til å redde dei andre. Scott, Wilson og Bowers vart sittande vêrfaste på eit punkt 18 km sør for Eitt-tonns-depotet, etter å ha vorte stoppa av ein kraftig snøstorm 20. mars. Trass i daglege forsøk på å kome vidare, klarte dei det ikkje. Det siste dagboksnotatet til Scott, datert 29. mars 1912, den datoen ein trur dei døydde, avsluttar med desse orda:

«Kvar dag har vi vore klare til å kome oss vidare til vårt neste depot 18 km unna, men utanfor teltdøra er det framleis eit kvervlande kvitt kaos. Eg trur ikkje me kan håpe på noko betring no. Me skal kjempe til siste slutt, men me vert svakare, sjølvsagt, og det kan ikkje vere lenge til slutten nå. Det er synd, men eg trur ikkje eg kan skrive meir. R. Scott. For Guds skyld, ta vare på våre folk.»[134][135]

Forsøk på å redde sørpolgruppa

endre

Etterfylling av Eitt-tonns-depotet

endre

Like før avreisa mot polpunktet gav Scott instruksjonar til Meares, og gjentok dei til Simpson, at det skulle bringast nye forsyningar til Eitt-tonns-depotet. Desse ordrane spesifiserte transport av «fem XS[136] rasjonar, eller om det var knapt, i det minste tre ... og så mykje hundemat som mogeleg, depotet skal vere på plass innan 10. januar 1912».[137] Då Atkinson returnerte til Cape Evans 28. januar], oppdaga han at minimumsmengda på tre rasjoner var lagt i depotet, men ikkje hundemat. Han avgjorde å ta dei to manglande rasjonane med seg til Eitt-tonns-depotet sjølv, men tok tilsynelatande ikkje omsyn til mangelen på hundemat.[138] Mankoen på hundematen gjorde at det vart nesten umogeleg for Atkinson å utføre Scott sine ordre om å «ta hundane med sørover».[118]

Akuttsituasjonen som oppstod da Lt. Evans vart redda frå Rossbarrieren endra planane til Atkinson, og oppgåva med å forsyne Eitt-tonns-depotet gjekk til Cherry-Garrard, som den einaste tilgjengelege «offiseren». Med han var den dyktige hundekøyraren Dimitri Gerov. Atkinson var enno ikkje uroa over tryggleiken til polfararane, sidan Scott ikkje var forseinka, og gruppa hadde hatt planmessig framdrift da Evans sist såg dei på Antarktisplatået. Atkinson sine munnlege ordre til Cherry-Garrard, slik dei vart hugsa og nedskrive seinare , var «å reise til Eitt-tonns-depotet fortast råd og levere maten der. Viss Scott ikkje hadde kome før meg, måtte eg sjølv finne ut kva eg skulle gjere», og «hugs at Scott ikkje var avhengig av hundane for å returnere, og at hundane ikkje måtte risikerast».[139] Scott hadde tidlegare gjort det klart at han ville spare hundane til vitskapeleg arbeid i den tredje sesongen.[140]

Cherry-Garrard forlét Hut Point med Gerov og to hundespann 26. februar og kom fram til Eitt-tonns-depotet 4. mars. Scott var ikkje der, så dei rasjonane dei hadde med seg vart lagt i depotet. Forsyningane for gruppa til Cherry-Garrard heldt til 24 dagar, nok til at dei kunne vente i om lag åtte dagar før de måtte returnere til Hut Point. Alternativet var å fortsette sørover, men då ville det bli naudsynt å bryte ordrane til Scott (men ikkje Atkinsons instruks om å «sjølv finne ut kva du skal gjere») fordi mangelen på hundemat gjorde at hundar måtte ofrast langs vegen. Cherry-Garrard valde å vente på Scott, men etter seks dagars venting, den 10. mars, vart vêret dårlegare. Med minkande forsyningar, og sjølvsagt utan at Cherry-Garrard kjende til at polfararane kjempa for sine liv berre 100 km unna, starta dei tilbaketuren.[141] Seinare skreiv Atkinson at «eg er sikker på at ingen annan offiser i ekspedisjonen kunne gjort det betre»,[142] men Cherry-Garrard var resten av livet plaga av tanken på at dei vêrfaste kameratane kunne vorte berga om han hadde teke andre avgjersler.[143]

Siste redningsforsøk

endre

Etter at Cherry-Garrard vendte heim frå Eitt-tonns-depotet utan meldingar om Scott, steig uroa sakte. Atkinson valde å gjere enno eit forsøk på å finne sørpolgruppa, og 26. mars drog han ut med Keohane, dragande på ein slede med rasjoner for 18 døgn. I særs låge temperaturar (-40 °C) nådde dei Corner Camp 30. mars, men ifølgje Atkinson gjorde årstida og det kalde vêret det umogeleg å flytte seg lenger sørover. Atkinson rapporterte: «I mitt sinn var eg moralsk sikker på at gruppa hadde omkomme».[144]

Dei attverande ekspedisjonsmedlemmane (med unntak av Campbell sitt lag som framleis var borte) venta på Cape Evans gjennom vinteren, og heldt fram det vitskapelege arbeidet. På våren måtte Atkinson, no leiar av ekspedisjonen,[145] vurdere om ein skulle konsentrere seg om redning av Campbell si gruppe, eller prøve å finne lagnaden til polfararane. Etter eit møte med heile gruppa valde dei å først søke etter spor av Scott.[146] Eit søkelag sette av stad 29. oktober, i lag med muldyr som hadde kome frå «Terra Nova» under forsyningsturen hennar førre sommar.

Den 12. november fann dei teltet som inneheldt dei frosne lika av Scott, Wilson og Bowers. Atkinson las relevante delar av dagbøkene til Scott, og korleis katastrofen hadde gått føre seg vart kjend. Etter at dagbøker, personlege ting og nedskrivingar var samla inn, vart teltet lagt over lika og ein varde av snø reist, toppa av ein kross laga av skia til Tryggve Gran. Tryggve Gran brukte Scott sine ski, og skal ha sagt at iallefal skia sklle fullføre turen.[treng kjelde] Laget søkte òg etter Oates lenger sør, men fann berre soveposen hans. Den 15. november reiste dei ein varde i nærleiken av der dei trudde han var omkomme.[147]

Ved retur til Hut Point 25. november fekk dei reie på at laget til Campbell på eiga hand hadde redda seg trygt tilbake til basen 5. november.[147]

Etterspel

endre

Sidan Campbell no var den øvste marineoffiseren til ekspedisjonen, overtok han kommandoen fram til «Terra Nova» nådde fram 18. januar 1913. Før den endelege avreisa vart ein stor trekross reist ved Observation Hill, på ein stad med utsikt over Hut Point. Krossen vart påført namna til dei fem døde, saman med eit sitat frå Alfred Tennyson-diktet «Ulysses»: «To strive, to seek, to find, and not to yield».[148]

Tapet av Scott og mennene hans overskygga alt anna i nyhendebiletet, inklusive bragda til Amundsen.[149] I mange år var biletet av Scott som ein tragisk helt uhandgripeleg, for sjølv om det var splittingar mellom nokre av dei som hadde hatt nær omgang med ekspedisjonen, inkludert slektningar av dei omkomne, vart denne usemja aldri offentleg kjend. Den offentlege oppfatninga var så godt som uendra heilt fram til 1970-åra, då nesten alle med direkte berøring av ekspedisjonen var døde.[150]

Kontroversane blussa opp med utgjevinga av Roland Huntford-boka Scott og Amundsen (1979, gjeve ut og sendt som fjernsynsserie i 1985 under namnet The Last Place On Earth). Huntford var kritisk til den visstnok autoritære leiarstilen til Scott og hans dårlege personvurderingar, og skulda han for fleire organisatoriske feil som i sum førte til den triste lagnaden til sørpolgruppa.[151] Det personlege ryet til Scott vart svekka av desse åtaka, Ranulph Fiennes[152], Susan Solomon[153] og David Kraner[154] forsøkte på ulikt vis å redde ryktet til Scott. Kraner gjorde i følgje historikaren Stephanie Barczewski «ein enorm jobb med å rette opp att [biletet av] Scott som eit heilstøypt menneske.»[155]

Dei fleste polarhistorikarar er samde om at dugleiken til Amundsen med ski og hundar, og hans lange erfaring med snø og is, gav han store fordelar i kappløpet mot Sørpolen.[156] I Scott sine vurderingar av ekspedisjonen, som han skreiv medan han under ekstreme forhold låg og venta på døden, peikar han på mange uhell, og ikkje på organisasjonsmessige feilvurderingar som årsak til den ulukkelege situasjonen dei var kome i.[157] Dei som i likskap med Huntford klandrar Scott for ulukka, avviser dette som eit forsøk på å rettferdiggjere seg sjølv,[158] medan Cherry-Garrard nemnde: «heile affæren er berre ei mengde viss-ar»[159]; ei opphoping av avgjersler og omstende som kunne slått ut annleis, men som til slutt førte dei i døden. Men «me var like kloke som ein kavar annen var før hendinga.»[160] Diana Preston sin dom etter å ha oppsummert alle hendingane omkring reisa mot sør er: «Poenget er ikkje at dei feila til slutt, men at dei var så nær ved å lukkast.»[161]

Med tanke på at den trulege årsaka til at polfararane døydde var svelt og/eller skjørbuk, er spørsmålet om innhaldet i matrasjonane interessant. Ekspedisjonen baserte seg på den ernæringsvitskapelege kunnskapen i 1910, det vil seie før vitamin C og årsakene til skjørbuk var kjende.[162] Ein la vekt på at eit høgt proteininnhald var naudsynt for å erstatte dei kaloriane kroppen forbrukte under det tunge arbeidet med å dra sledane. Kaloriverdiane i rasjonane som vart sett opp var kraftig overvurdert, noko som ikkje vart klart før lenge etter.[162] Dagsrasjonen per mann var fastsatt til 450 g kjeks, 340 g pemmikan, 85 g sukker, 57 g smør, 20 g te og 16 g kakao.[163] Ponnikjøtt kunne supplert denne dietten etter at ponniene hadde gjort unna trekkjobben, men slike tilskot ville ikkje ha gjeve balanse i kaloriunderskotet for meir enn i korte periodar.[162]

Merknadar

endre
  1. Terra nova tyder «nytt land»

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Crane, s. 397
  2. Crane, s. 332, s. 335–43
  3. Huntford, s. 176–177
  4. 82° 17' vart akseptert på den tida, men moderne kart og ei ny undersøking av fotografi og teikningar kan tyde på at dei ikkje kom lengre enn til ca. 82° 11'. Crane, s. 214–215
  5. Crane, s. 335–36.
  6. Preston, s. 100–101
  7. Riffenburgh, s. 110–16
  8. Huxley, s. 179
  9. Crane, s. 430
  10. Huxley, s. 186–187
  11. Amundsen endra i all løyndom planane sine på eit tidspunkt då alle trudde Frederick Cook hadde erobra nordpolen
  12. Fiennes, s. 157
  13. Crane, s. 425
  14. Oppført i Huxley L. (red.), vol. I, s. XXI–XXII
  15. Huxley L. (ed.), vol. II, s. 498
  16. Discovery-veteranane var Scott, Wilson, Edgar Evans, Lashly, Crean og Wiliamson. Nimrod-veteranane var Priestley, Dag, Cheetham, Paton og Williams (liste over Shackletons Nimrod-mannskap, s. 17–18)
  17. Crane, s. 401–403
  18. 18,0 18,1 18,2 18,3 Crane , s. 413–16
  19. Huntford, s. 267
  20. Preston, s. 111
  21. 21,0 21,1 Limb & Cordingley, s. 94
  22. 22,0 22,1 Preston, s. 112
  23. "the future interpreter, historian and conscience of the expedition.", Crane, s. 417
  24. Preston. p. 114
  25. Huntford, s. 262–264
  26. Crane, s. 432
  27. Preston, s. 101
  28. Preston, s. 112–113
  29. Preston, s. 113 og s. 217
  30. Huntford, s. 255
  31. Preston, s. 89
  32. Solomon, s. 22
  33. Crane, s. 462–464
  34. Preston, s. 50
  35. Huxley L. (red.), vol. I, s. 432
  36. I dei første stadia av ekspedisjonen uttrykte Scott at han var i ferd med å miste tiltrua til bruk av hundar (Huxley L. (red.), vol. I, s. 205), men i dagboka si frå slutten av ekspedisjonen skildrar han effektiviteten til hundane som glimrande («splendid») (Huxley L. (red.), vol. I, s. 486
  37. 37,0 37,1 Crane, s. 401
  38. Den totale kostnaden for ekspedisjonen var ikkje publisert. Eit av dei siste breva til Scotts var til sir Edgar Speyer, kasseraren i ekspedisjonen, der Scott beklagar å ha forlate finansane i «eit rot». Huxley, L. (red.), vol. I, s. 600
  39. Se Huxley, L. (red.), vol. II, s. 488–489
  40. Huxley E., s. 183, s. 192–193
  41. Crane, s. 277
  42. Crane, s. 406
  43. "The main objective of this expedition is to reach the South Pole, and to secure for The British Empire the honour of this achievement."
  44. Edward Wilsons brev sitert av Crane, s. 398: No one can say that it will have only been a Pole-hunt ... We want the scientific work to make the bagging of the Pole merely an item in the results.
  45. Seaver, s. 127–134
  46. Crane, s. 474: "the thing of the whole expedition"
  47. Crane, s. 409
  48. Crane, s. 411
  49. 49,0 49,1 49,2 49,3 Preston, s. 128–131
  50. Den nøyaktige ordlyden i telegrammet er usikker. Cherry-Garrard (s. 82), Crane (s. 423) og Preston (s. 127) gjev det som ganske enkelt «Går sørover». Solomon, s. 64, gjev ein lengre versjon: «Ber om løyve til å informere deg om at «Fram» held fram Antarktis»; Fiennes og Huntford brukte begge dette sitatet.
  51. Crane, s. 424
  52. Huxley L. (red.), vol. I, s. 13–14
  53. Huxley L. (red.) vol. I, s. 16
  54. "sheer bad luck"
  55. 55,0 55,1 Preston, s. 137
  56. Huxley L. (red.), s. 81–85
  57. Crane, s. 448–450
  58. 58,0 58,1 Huxley, L. (red.) vol. I, s. 89–90
  59. Crane, s. 450
  60. Huxley L. (red.), s. 106–107
  61. Huxley L. (red.), s. 99
  62. Preston, s. 139
  63. Scotts ordre til Campbell, SLE, vol. II, s. 79–82 (gruppa vart då kalla «Eastern Party»).
  64. Crane, s. 473–474
  65. 65,0 65,1 Preston, s. 144
  66. Cherry-Garrard, s. 172
  67. "One thing only fixes itself in my mind. The proper, as well as the wiser, course is for us to proceed exactly as though this had not happened. To go forward and do our best for the honour of our country without fear or panic.", Huxley L (red.), s. 187–188
  68. Fiennes, s. 206
  69. "in a state of hurry bordering on panic" Cherry-Garrard, s. 147
  70. 70,0 70,1 Huxley E., s. 214–216
  71. 71,0 71,1 Preston, s. 142
  72. Cherry-Garrard, s. 167–170.
  73. Preston, s. 143
  74. Bowers skildring av hendinga, Cherry-Garrard, s. 182–196
  75. Cherry-Garrard, s. 201
  76. Preston, s. 149
  77. 77,0 77,1 77,2 Preston, s. 151
  78. Preston, s. 158
  79. Huxley L. (red.), s. 292–294, s. 316
  80. Huxley L. (red.), s. 259
  81. Huxley L. (red.), s. 304–305, s. 324–328
  82. Huxley L. (ed.), vol. II, s. 87–90
  83. Huxley L. (red.), s. 112
  84. Huxley L. (red.), s. 126
  85. Huxley L. (red.), vol. II, s. 130
  86. Stanken av brent selfeitt er framleis sterk i Scotts hytte, arkivert frå originalen 30. juni 2019, henta 29. oktober 2012 
  87. Huxley L. (red.), s. 134–135
  88. Huxley L. (red.), vol. II, s. 312–316
  89. Huxley L. (red.), vol. II, s. 155–179
  90. Huxley L. (red.), s. 401–402
  91. Sjå Scotts instruksjonar av Huxley L. (red.), vol. II, s. 184–185
  92. Butter Point vart kalla opp etter eit depot med smør som låg att frå Discovery-ekspedisjonen. Huxley L. (red.), vol. II, s. 183
  93. Huxley L. (red.), vol. II, s. 186–221
  94. Scotts instruksjonar; Huxley L. (red.), vol. II, s. 222–223
  95. Huxley L. (red.), vol. II, s. 224–290
  96. Huxley, L. (red.), vol. II, s. 1
  97. Cherry-Garrard, s. 305–307
  98. 98,0 98,1 Huxley, L (red.), vol. I, s. 333–334
  99. "109 degrees of frost – as cold as anyone would want to endure in darkness and iced up clothes"
  100. Cherry-Garrard, s. 295–309
  101. Cherry-Garrard, s. 310–312
  102. Cherry-Garrard, s. 316–322
  103. Cherry-Garrard, s. 323–335
  104. 104,0 104,1 104,2 Huxley, L. (red.), vol. I, s. 361–369
  105. Cherry-Garrard, s. 351–353
  106. Fiennes, s. 260
  107. Cherry-Garrard, s. 350
  108. "a very wonderful performance"
  109. "We are as near perfection as experience can direct."
  110. Preston, s. 158–159
  111. Fiennes, s. 269 Evans noted that before the final breakdown the motors advanced the necessaries for the Southern journey 51 [nautical] miles over rough, slippery and crevassed ice
  112. Preston. s. 163–165
  113. Huxley, L (red.), vol. I, s. 470
  114. Fiennes, s. 275
  115. Preston, s. 167–168
  116. "things were not as rosy as they might be, but we keep our spirits up and say the luck must turn.", Huxley, L (red.), vol. I, s. 496
  117. Crane, s. 530
  118. 118,0 118,1 Cherry-Garrard, s. 439
  119. Crane, s. 534
  120. Wilson og Atkinson hadde før dette uttrykt at Lashly ville vere eit betre val enn Evans for sørpolgruppa. Preston, s. 177
  121. Crane, s. 536
  122. Lashly si dagbok sitert i Cherry-Garrard, s. 442–462
  123. Preston, s. 206–208
  124. Huxley, E, s. 275 og s. 278
  125. Huxley, L. (red.), vol. I, s. 529–545
  126. :"The Pole. Yes, but under very different circumstances from those expected ... Great God! This is an awful place and terrible enough for us to have laboured to it without the reward of priority."
  127. "Now for a desperate struggle [to get the news through first]. I wonder if we can do it.", Huxley, L. (red.), vol. I, s. 545. Orda «for å få meldinga gjennom først» vart utelatt frå den publiserte dagboka til Scott. Huntford, s. 481
  128. 128,0 128,1 Huxley, L. (red.), vol. I, s. 547–562
  129. 129,0 129,1 129,2 129,3 Crane, s. 547–552
  130. "He is absolutely changed from his normal self-reliant self"
  131. Solomon, s. 292–294
  132. Huxley, L. (red.), vol. I, s. 575
  133. Preston, s. 199
  134. 134,0 134,1 134,2 134,3 Huxley, L. (red.), vol. I, s. 583–595
  135. Every day we have been ready to start for our depot 11 miles away, but outside the door of the tent it remains a scene of whirling drift. I do not think we can hope for any better things now. We shall stick it out to the end, but we are getting weaker, of course, and the end cannot be far. It seems a pity but I do not think I can write more. R. Scott. For God's sake look after our people.
  136. Extra Summit, dvs. mat for fire menn i en uke
  137. Cherry-Garrard, s. 30–32
  138. Cherry-Garrard, s. 468–469
  139. Cherry-Garrard, s. 472–473
  140. Huxley, L. (red.), vol. II, s. 298–306
  141. Huntford, s. 504
  142. Huxley, L. (red.), vol. II, s. 306
  143. Preston, s. 210
  144. Huxley, L. (red.), vol. II, s. 309.
  145. Lt. Evans hadde drege med «Terra Nova» mars 1912. Crane, s. 556
  146. Preston, s. 211
  147. 147,0 147,1 Huxley, L. (red.), vol. II, s. 338–349
  148. omtrent «å streve, å søke, å finne, og ikkje å gje seg», Preston, s. 229
  149. Huntford, s. 526
  150. Fiennes, s. 410–422.
  151. Barczewski, s. 252–260
  152. direkte tilbakevisning av Huntfords versjon
  153. vitskapeleg analyse som konkluderte med at det var vêrtilhøva som til slutt knekte Scott
  154. biografi om Scott, 2005
  155. "a tremendous job of restoring Scott's humanity.": Barczewski, s. 305–308
  156. Crane, s. 426; Preston, s. 221.
  157. Preston, s. 214–215
  158. Huntford, s. 509.
  159. "the whole business simply bristles with 'ifs'"
  160. "we were as wise as anyone can be before the event.", Cherry-Garrard, s. 609–610
  161. "The point is not that they ultimately failed but that they so very nearly succeeded.", Preston, s. 228
  162. 162,0 162,1 162,2 Preston, s. 218–219
  163. Preston s. 181.

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen bygger på «Terra Nova-ekspedisjonen» frå Wikipedia på bokmål, den 29. oktober 2012.
  • Cherry-Garrard, Apsley (1970): The Worst Journey in the World. London: Penguin Books. ISBN 0-14-009501-2.
  • Crane, David (2005): Scott of the Antarctic. London: Harper-Collins. ISBN 978-0-00-715068-7.
  • Fiennes, Ranulph (2003): Captain Scott. London: Hodder & Stoughton. ISBN 0-340-82697-5.
  • Huntford, Roland (1985): The Last Place On Earth. London: Pan Books. ISBN 0-330-28816-4.
  • Huxley, Elspeth (1977): Scott of the Antarctic. London: Weidenfeld and Nicolson. ISBN 0-297-77433-6.
  • Huxley, Leonard (red.) (1913): Scott's Last Expedition, vol. I og II. London: Smith, Elder & Co. OCLC 1522514
  • Limb, Sue and Cordingley, Patrick (1982): Captain Oates: Soldier and Explorer. London: B.T. Batsford. ISBN 0-7134-2693-4.
  • Preston, Diana (1999). A First Rate Tragedy. London: Constable. ISBN 0-09-479530-4.
  • Riffenburgh, Beau (2005): Nimrod. London: Bloomsbury Publishing. ISBN 0-7475-7253-4.
  • Seaver, George (1933): Edward Wilson of the Antarctic. London: John Murray.
  • Shackleton, Ernest (1911): The Heart of the Antarctic. London: William Heinemann.
  • Solomon, Susan (2001): The Coldest March: Scott's Fatal Antarctic Expedition. New Haven (USA): Yale University Press. ISBN 0-300-09921-5.

Litteratur

endre
Engelsk
  • Fiennes, Ranulph (2005): Race to the Pole: Tragedy, Heroism, and Scott's Antarctic Quest, Hyperion. ISBN 1-4013-0047-2
  • Hattersley-Smith, G. (1984, red.): The Norwegian with Scott: The Antarctic Diary of Tryggve Gran 1910-13, HMSO. ISBN 0-11-290382-7
  • Jones, Max (2003): The Last Great Quest: Captain Scott's Antarctic Sacrifice, OUP. ISBN 0-19-280483-9
  • Lambert, K. (2001): The Longest Winter: The Incredible Survival of Captain Scott's Lost Party, Smithsonian Books. ISBN 1-58834-195-X
  • Limb, S. og Cordingley, P. (1982): Captain Oates, Soldier and Explorer, Batsford. ISBN 0 7134 2693 4
  • Ponting, H.G. (1921): The Great White South, Duckworth.
Norsk
  • Bainbridge, Beryl (2000, oversatt av Kjell Olaf Jensen): Gutteselskap – en roman om Scotts ekspedisjon til Sørpolen, Oslo: Genesis. ISBN 82-476-0164-8
  • Gran, Tryggve (1961): Kampen om Sørpolen, Oslo: Mortensen.
  • Holt, Kåre (1974): Kappløpet, Oslo: Gyldendal. ISBN 82-05-08611-7
  • Holwood, Will (1978, oversatt av Kari Gran): Historien om kaptein Scott, Oslo: Forlagshuset. ISBN 82-511-0337-1
  • Huntford, Roland (1980, oversatt av Jan Christensen): Scott og Amundsen, Oslo: Aschehoug. ISBN 82-03-10296-4
  • Kvam, Ragnar (2000): De fire store – og hvordan de ledet sine menn, Oslo: Gyldendal. ISBN 82-05-27107-0
  • Ousland, Børge (2009): Sydover – kappløpet mot Sørpolen, Oslo: Cappelen Damm. ISBN 978-82-02-29610-0
  • Rees, Jasper (2006, oversatt av Kirsti Boger): Det store kappløpet, Oslo: Schibsted. ISBN 978-82-516-2288-2
  • Scott, Robert Falcon (2004, oversatt av Kari og Kjell Risvik): Den siste reisen – Scotts dagbøker, Oslo: Kagge. ISBN 82-489-0459-8

Bakgrunnsstoff

endre