Britisk einingssystem for mål og vekt

Det britiske einingssystemet for mål og vekt (engelsk imperial units eller British Imperial) vart vedteke i 1824, og seinare raffinert fram til 1959, og sidan redusert. Systemet vart offisielt nytta over heile Det britiske imperiet. Seint på 1900-talet hadde dei fleste landa i det tidlegare imperiet offisielt vedteke det metriske einingssystemet for mål og vekt. Så langt (2012) nyttar Storbritannia framleis berre delvis det metriske systemet.

Einingane var frå 1856 innanfor den nøyaktigheita ein kunne oppnå, og var lik dei einingane som i 1824 vart fastsett som felles for England, Skottland og Irland. Einingane for yard og pound skilde seg ikkje noko særleg frå Tudor-einingane som vart fastlagt av Elisabeth I av England kring 1590. Lengda av 1 yard stemte omtrent med 1 Winchester yard som var fastlagt av kong Edgar av England i 965, medan pound avoirdupois var innført 1303. Frå 1856 nytta ein imperia eller imp. som nemning før eininga. I 1963 vart imp. yd og imp. lb erstatta av høvesvis internasjonal yard og internasjonal pound avoirdupois i ein avtale mellom Storbritannia, USA, Canada, Australia og Sør-Afrika. Dei nye einingane vart fastlagde i forhold til meter og kilogram. Ein tidlegare skilnad mellom dei britiske og amerikanske einingane, nær grensa for kor nøyaktig ein kunne måle, vart dermed oppheva. Imp. gallon og US gallon vart derimot halde uendra.

Storbritannia vedtok i 1896 meterkonvernsjonen og metersystemet vart lovleg, men ikkje teke i bruk. Først i førebuingane til EU-samarbeidet vart det i 1965 vedteke å gå over til SI-eininga og dei metriske einingane, men gjennomføringa av dette har sidan medlemskapen i EU i 1973 gått tregt.

Kjelder endre