Opna hovudmenyen

Britisk rhythm and blues var ei musikalsk rørsle som utvikla seg i Storbritannia mellom slutten av 1950-åra og tidleg i 1960-åra, og nådde ein topp i midten av 1960-åra. Perioden overlappa med det breiare britisk beatmiljøet og det meir puristiske britiske bluesmiljøet, men skilde seg musikalsk frå desse med å prøve å etterlikne musikken til afroamerikanske blues- og rock and roll-pionerar som Muddy Waters, Howlin' Wolf, Chuck Berry og Bo Diddley. Miljet la ofte større vekt på gitarar og vart ofte smelt med høgare energi.

Opphavet til rørsla kom frå britisk jazz, skiffle og folk i 1950-åra. I 1958 vitja Muddy Waters Storbritannia og inspirerte nøkkelpersonane Cyril Davies og Alexis Korner til å byrje å spele elektrisk blues og skipe bandet Blues Incorporated, som vart ein slags garanti-institusjon for britiske rhythm and blues-musikarar. Eit blømande miljø med klubbar og grupper oppstod seint i 1950- og tidleg i 1960-åra og fleire band slo etter kvart gjennom kommersielt. Større band innan stil er The Rolling Stones, Manfred Mann, The Animals, The Yardbirds, Them og The Spencer Davis Group, som dominerte britiske og amerikanske salslister frå 1964 etter Merseybeat slo gjennom, og vart sentral i mod-kulturen i Storbritannia og ei ny bølgje av artistar under den britiske bølgja i USA.

FLeire av banda og medlemmane deira vart leiande rockeartistar seint i 1960- og tidleg i 1970-åra og var med å skape psykedelisk rock, progressiv rock og hardrock og gjorde rhythm and blues til ein viktig komponent i denne musikken. I midten og slutten av 1970-åra vart britisk R&B igjen populært gjennom britisk soul og disco, pubrock-miljøet, new wave og mod revival, og har hatt fleire populære periodar sidan slutten av 1980-åra. I 2000-åra vart ein britisk verjson av moderne R&B populært, og sidan seint i 2000-åra har fleire britiske kvinnelege songarar innan soul og R&B ført til snakk om ei ny «britisk R&B-bølgje».

Britiske R&B-hittarEndra

Denne tabellen inneheld innspelingar som gjekk inn på UK Singles Chart tidleg i 1960-åra med britisk grupper. Mange av songane var tidlegare spelt av amerikanske rhythm and blues-musikarar:[1]

Månaden singelen gjekk inn på lista Band Tittel Høgaste plassering Opphavleg av
Mai 1963 Freddie and the Dreamers «If You Gotta Make a Fool of Somebody»
3
James Ray
Juni 1963 The Searchers Sweets For My Sweet
1
The Drifters
Juli 1963 The Rolling Stones «Come On»
21
Chuck Berry
Brian Poole and The Tremeloes «Twist and Shout»
4
The Top Notes (original)
The Isley Brothers (amerikansk hitversjon)
August 1963 The Hollies «Searchin'»
12
The Coasters
September 1963 Brian Poole and the Tremeloes «Do You Love Me»
1
The Contours
Oktober 1963 Dave Berry and the Cruisers «Memphis Tennessee»
19
Chuck Berry
November 1963 The Hollies «Stay»
8
Maurice Williams and The Zodiacs
Bern Elliott and The Fenmen «Money (That's What I Want)»
14
Barrett Strong
Januar 1964 Dave Berry and The Cruisers «My Baby Left Me»
37
Arthur Crudup
The Paramounts «Poison Ivy»
35
The Coasters
Februar 1964 The Hollies «Just One Look»
2
Doris Troy
Mai 1964 Lulu and The Luvvers «Shout»
7
The Isley Brothers
The Dennisons «Walking the Dog»
36
Rufus Thomas
Juni 1964 The Animals «House of the Rising Sun»
1
Lead Belly
og mange andre innspelingar
Juli 1964 The Rolling Stones «It's All Over Now»
1
The Valentinos
Manfred Mann «Do Wah Diddy Diddy»
1
The Exciters
November 1964 The Rolling Stones «Little Red Rooster»
1
Howlin' Wolf
The Yardbirds «Good Morning Little Schoolgirl»
44
Sonny Boy Williamson I
Desember 1964 The Moody Blues «Go Now»
1
Bessie Banks
Januar 1965 The Animals «Don't Let Me Be Misunderstood»
3
Nina Simone
Them «Baby Please Don't Go»
10
Big Joe Williams
Februar 1965 The Spencer Davis Group «Every Little Bit Hurts»
41
Brenda Holloway
Mars 1965 The Animals «Bring It On Home To Me»
7
Sam Cooke

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Betts, Graham (2004). Complete UK Hit Singles 1952–2004 (1st utg.). London: Collins. ISBN 0-00-717931-6. 

BakgrunnsstoffEndra