Benjamin Britten

(Omdirigert frå Britten)

Edward Benjamin Britten (22. november 19134. desember 1976) var ein britisk dirigent, musikar og komponist. Han er rekna som ein av dei viktigaste samtidskomponistane på 1900-talet. Britten skreiv fleire symfoniar og operaer og fleire verk for barn. Han grunnla The English Opera Group og festspela i Aldeburgh. Han blei tildelt Leonie Sonnings musikkpris 1968 og dei britiske ordenane Order of Merit og Order of the Companions of Honour. Kort tid før han døydde tok han imot adelstittelen Baron Britten, of Aldeburgh in the County of Suffolk.

Benjamin Britten

Fødd22. november 1913
FødestadLowestoft
Død4. desember 1976 (63 år)
DødsstadAldeburgh
FødenamnEdward Benjamin Britten
OpphavStorbritannia
Aktiv1937–1976
Sjangeropera, symfoni, klassisk musikk
Instrumentpiano
PlateselskapDecca Records
Verka somdirigent, komponist, pianist, politikar, koreograf
MorEdith Rhoda Hockey
FarRobert Victor Britten
Sambuar medPeter Pears
PrisarLéonie Sonnings musikkpris, Royal Philharmonic Societys gullmedalje, Wihuri Sibelius-prisen, Ernst von Siemens’ musikkpris, Johann-Heinrich-Merck-Ehrung, Companion of Honour, Order of Merit
Byste av Benjamin Britten i Royal Festival Hall i London.

Bakgrunn endre

Britten vart fødd på minnedagen til sankt Cecilia, vernehelgen for musikk. Fødestaden hans var hamnebyen Lowestoft i Suffolk aust i England, eit område han skulle bu i størsteparten av livet sitt. Han var den yngste av fire søsken. Far hans, Robert, var tannlege medan mora Edith var amatørmusikar. Det var ho som lærte Benjamin pianospel og noter. Allereie som femåring prøvde Britten å skriva eit musikkstykke, utan å eigentleg kunna noter. I 9–12-årsalderen skreiv han småstykka som han seinare skulle arrangera til Simple Symphony i 1934. I tillegg til musikk interesserte Britten seg for idrett, som tennis, symjing og cricket, og matematikk.

Då Benjamin Britten blei litt eldre tok han pianotimar hjå læraren Ethel Astle og lærte å spela bratsj av bratsjspelaren Audrey Alston. Som trettenåring fekk han opplæring i komposisjon av Frank Bridge etter å ha høyrd tonediktet hans The Sea på konsert. Som sekstenåring fekk Britten eit stipend til å studera ved Royal College of Music i London. Her studerte han komposisjon hjå John Ireland og piano hjå Arthur Benjamin. Han blei ein dyktig pianospelar som seinare spelte det mykje som akkompagnement og til kammermusikk.

Komponist endre

 
The Scallop, skulptur av Maggi Hambling i Aldeburgh i Suffolk. Teksten på skjelet er henta frå Britten sin opera Peter Grimes.

Britten skreiv fleire verk medan han var ved College of Music. Hans første verk med opusnummer var Sinfonietta frå 1932. A Boy was Born (opus 3, 1933) for kor utan akkompagnement. Dette verket blei spelt på BBC i februar 1934, og blei så positivt motteke at eit anna stykke av Britten, Phantasy (opus 2), blei vald ut av International Society for Contemporary Music til å framførast ved deira festival for samtidsmusikk i Firenze same året. Den dødssjuke faren hans oppfordra Britten til å dra, og døydde under festivalen.

Ved festspela i Salzburg i 1937 fekk Britten stor internasjonal suksess med sine Variasjoner over eit tema av Frank Bridge. Men dette året miste Britten også mor si og Peter Burra, ein nær ven. Gjennom ein arv etter Burra blei Britten kjend med tenoren Peter Pears, som han skulle utvikla eit nært musikalsk og seinare også personleg tilhøve til. Mora etterlét seg også nok pengar til å kjøpa ei gammal vindmølle i Snape i Norfolk og setja henne i stand til bustad.

Rundt midten av 30-talet arbeidde Britten for General Post Office Film Unit, som laga dokumentarfilmar om livet i England, særleg blant arbeidarar. Her arbeidde han mellom anna med diktaren W.H. Auden. Begge var med på å laga den omtykte filmen Night Mail, og dei to utvida samarbeidet til mellom anna songsyklusen Our Hunting Fathers. Også seinare skreiv Britten musikk for film og fjernsyn, som Owen Wingrave (1976), ein opera skriven for fjernsyn, The Young Person's Guide to the Orchestra (1946), eit mykje omtykt verk som var bestilt av det britiske undervisingsdepartementet og skulle visa fram lyden av ulike musikkinstrument. Britten skreiv mykje musikk for, av og til støtte for barn, som barneoperaer, kantaten Saint Nicolas (1948) og Children's Crusade (1968) for Save the Children (Redd barna).

I 1939 drog Auden, og seinare også Britten og Pears, til USA. Britten skreiv fleire stykke her, mange av dei songstykke for Pears eller andre solistar, men også orkesterverk, som Sinfonia da Requiem, tileigna foreldra. Han pleia venskapen med Aaron Copland og høyrde dei nye verka hans. Britten skreiv sitt første musikalske drama, Paul Bunyan, i USA og etter ei amerikansk soge, men med libretto av Auden. Britten og Pears blei verande i USA til 1942, først for å oppfordra amerikanarane til å støtta Storbritannia i andre verdskrigen, seinare fordi det var vanskeleg å få visum til å dra attende. Under overfarten fullførte Britten A Ceremony of Carols og Hymn to St Cecilia. Britten var pasifist og både han og Pears meinte dei kunne støtta landet sitt betre musikalsk enn militært. Dei registrerte seg som militærnektarar og heldt i staden konsertar for Council for the Encouragement of Music and the Arts (CEMA).

I 1945 hadde Britten sin opera Peter Grimes premiere i Sadler’s Wells Theatre med Peter Pears i hovudrolla. Han spådde ei ny tid for britisk opera, og er blitt rekna som den første store engelske operaen sidan Dido and Aeneas av Henry Purcell. I åra som følgde skreiv Britten fleire operaer, som «kammeroperaene» The Rape of Lucretia, Albert Herring og den mykje omtykte The Turn of the Screw (1954). Han samarbeidde om mange av desse verka med Eric Crozier, som var seneinstruktør og librettoforfattar. Medan mykje av musikken Britten skreiv var basert på moderne litteratur, skreiv han også opera basert på Shakespeare (Midsummer Night's Dream, 1960) og engelsk historie (Gloriana, 1950, om dronning Elisabet I).

I 1947 slo Britten og Pears seg ned i Aldeburgh ved kysten av Norfolk. Året etter arrangerte dei Aldeburgh-festivalen for første gong. På festivalen, som har halde fram til våre dagar, blei det presentert førelesingar, kunst og musikk av Britten og andre.

 
Mstislav Rostropovitsj og Benjamin Britten etter ein konsert i 1964.
 
Glasmåleri til minne om Benjamin Britten i kyrkja i Aldeburgh, basert på Britten sine tre Church Parables.

I 1950-åra fann Benjamin Britten inspirasjon i asiatisk musikk. Under ei reise i 1957 opplevde han både balinesisk gamelanmusikk og japansk no-teater. Hans musikalske svar var balletten The Prince of the Pagodas (1957) og tre halv-operatiske verk han kalla Parables ('likningar') til framføring i ei kyrkje. Han skreiv også mange andre religiøst inspirerte verk, som fem canticles og i 1962 War Requiem, eit meisterleg korverk basert på dikta til Wilfred Owen, til opninga av den gjenoppbygde domkyrkja i Coventry.

På 1960-talet knytte Britten venskap med russarane Sjostakovitsj, som han dirigerte musikken til, cellisten Rostropovitsj og kona hans, sopranen Galina Visjnevskaja. Desse skreiv han fleire verk for. Gjennom heile karrieren sin hadde Britten ofte skrive musikk for særskilde utøvarar. Hans siste opera, Death in Venice, blei laga som ei avskjedsrolle for Peter Pears. Britten hadde vore plaga av dårleg helse under skrivinga, og kort tid før premiera måtte han ta ein hjarteklaffoperasjon. Operasjonen var ikkje heilt vellukka, og etterpå kunne ikkje Britten dirigera lenger. Han trengde sjukepleie, men klarte likevel å skriva fleire verk før han døydde i 1976. Mange av desse blei urfamførte ved Aldeburgh-festivalar.

Prisar og utmerkingar endre

(utval)

Verkliste endre

Sortert etter opusnummer

  • Op. 1, Sinfonietta, 1932
  • Op. 2, Phantasy, obokvartett, 1932
  • Op. 3, A Boy was Born for blanda kor meg orgel ad lib, 1933, revidert 1955
  • Op. 4, Simple Symphony for strykarar, 1934 (også for strykekvartett)
  • Op. 5, Holiday Diary for piano, 1934
  • Op. 6, Suite for fiolin og piano, 1935
  • Op. 7, Friday Afternoons for barnestemmar og piano, 1935
  • Op. 8, Our Hunting Fathers for sopran eller tenor og orkester (tekst W.H. Auden), 1936
  • Op. 9, Soirées musicales for orkester (etter Rossini), 1936
  • Op. 10, Variations on a Theme of Frank Bridge for strykeorkester, 1937
  • Op. 11, On this Island for sopran eller tenor og piano (tekst W. H. Auden), 1937
  • Op. 12, Mont Juic (etter katalanske dansar, med Lennox Berkeley), 1937
  • Op. 13, Pianokonsert, 1938, revidert 1945
  • Op. 14, Ballad of Heroes for tenor eller sopran, koru og orkester (tekst W.H. Auden og Randall Swingler), 1939
  • Op. 15, Fiolinkonsert, 1939, revidert 1958
  • Op. 16, Young Apollo for piano og strykarar, 1939 (trekt tilbake)
  • Op. 17, Paul Bunyan, opera/operette (libretto W.H. Auden), 1941, revidert 1976
  • Op. 18, Les Illuminations, for sopran eller tenor og strykarar (tekst Arthur Rimbaud), 1939
  • Op. 19, Canadian Carnival overtyre, 1939
  • Op. 20, Sinfonia da Requiem, 1940
  • Op. 21, Diversions for venstrehendig piano og orkester, 1940, revidert 1954
  • Op. 22, Seven Sonnets of Michelangelo for tenor og piano, 1940
  • Op. 23
    • No. 1, Introduction and Rondo alla burlesca for to piano, 1940
    • No. 2, Mazurka elegaica for to piano, 1941
  • Op. 24, Matinées musicales for orkester (etter Rossini), 1941
  • Op. 25, Strykekvartett nr. 1, 1941
  • Op. 26, Scottish Ballad for to piano og orkester, 1941
  • Op. 27, An American Overture, 1941 [først framført 1983]
  • Op. 27, Hymn to St. Cecilia for SSATB, 1942
  • Op. 28, A Ceremony of Carols for korgutar og harpe, 1942
  • Op. 29, Prelude and Fugue for 18 strykarar, 1943
  • Op. 30, Rejoice in the Lamb for solistar, kor og orgel, 1943
  • Op. 31, Serenade for Tenor, Horn and Strings, songsyklus, 1943
  • Op. 32, Festival Te Deum for kor og orgel, 1945
  • Op. 33, Peter Grimes, opera (libretto Montagu Slater etter George Crabbe), 1945
    • Op. 33a, Four Sea Interludes from Peter Grimes
    • Op. 33b, Passacaglia from Peter Grimes
  • Op. 34, Variations and Fugue on a Theme of Henry Purcell (The Young Person's Guide to the Orchestra), 1946
  • Op. 35, The Holy Sonnets of John Donne for soprano or tenor and piano, 1945
  • Op. 36, Strykekvartett nr. 2, 1945
  • Op. 37, The Rape of Lucretia, opera (libretto Ronald Duncan etter André Obey), 1946 revidert 1947
  • Op. 38, Occasional Overture, 1946
  • Op. 39, Albert Herring, opera (libretto Eric Crozier etter Guy de Maupassant), 1947
  • Op. 40, My beloved is mine (Canticle I) for sopran eller tenor og piano (tekst Francis Quarles), 1947
  • Op. 41, A Charm of Lullabies for mezzosopran og piano, 1947
  • Op. 42, Saint Nicolas for solistar, kor, strykarar, firhendig piano, perkusjon og orgel, 1948
  • Op. 43, The Beggar's Opera etter John Gay, 1948
  • Op. 44, Spring Symphony for solistar, blanda kor, barnekor og orkester, 1949
  • Op. 45, The Little Sweep, opera (libretto Eric Crozier), 1949
  • Op. 46, A Wedding anthem Amo Ergo Sum for sopran, tenor chorus and organ (words Ronald Duncan), 1949
  • Op. 47, Five Flower Songs for SATB, 1950
  • Op. 48, Lachrymae for bratsj og piano, 1950
    • Op. 48a, Lachrymae for bratsj og strykarar, 1976
  • Op. 49, Six Metamorphoses after Ovid for obo, 1951
  • Op. 50, Billy Budd, opera (libretto E. M. Forster og Eric Crozier etter Hermann Melville), 1951, revidert 1960
  • Op. 51, Abraham and Isaac (Canticle II) for alt, tenor og piano (Chester miracle play), 1952
  • Op. 52, Winter Words for sopran eller tenor og piano (tekst av Thomas Hardy), 1953
  • Op. 53, Gloriana, opera (libretto William Plomer etter Lytton Strachey), 1953
    • Op. 53a, Symphonic Suite "Gloriana" for tenor eller obo og orkester, 1954
  • Op. 54, The Turn of the Screw, opera (libretto Myfanwy Piper etter Henry James), 1954
  • Op. 55, Still Falls the Rain (Canticle III) for tenor, valthorn og piano (tekst Edith Sitwell), 1954
  • Op. 56a, Hymn to St. Peter for korgut, SATB og orgel, 1955
  • Op. 56b, Antiphon for SATB og orgel, 1955
  • Op. 57, The Prince of the Pagodas, ballet, 1956
    • Op. 57a, Pas de six frå The Prince of the Pagodas
  • Op. 58, Songs from the Chinese for sopran eller tenor og gitar, 1957
  • Op. 59, Noye's Fludde, opera (Chester mystery play), 1957
  • Op. 60, Nocturne for tenor, 7 obbligatoinstrument og strykeorkester, songsyklus, 1958
  • Op. 61, Sechs Hölderlin-Fragmente, 1958
  • Op. 62, Cantata academica, 1959
  • Op. 63, Missa brevis for boys' voices and organ, 1959
  • Op. 64, A Midsummer Night's Dream, opera (libretto Benjamin Britten og Peter Pears etter William Shakespeare), 1960
  • Op. 65, Sonate for cello og piano, 1961
  • Op. 66, War Requiem, 1961
  • Op. 67, Psalm CL for barnekor og instrument, 1962
  • Op. 68, Cello Symphony, 1963
  • Op. 69, Cantata misericordium, 1963
  • Op. 70, Nocturnal after John Dowland for gitar, 1963
  • Op. 71, Curlew River, church parable (libretto William Plomer etter no-sel), 1964
  • Op. 72, Cello Suite No. 1, 1964
  • Op. 73, Gemini Variations for fløyte, fiolin og firhendig piano, 1965
  • Op. 74, Songs and Proverbs of William Blake for bariton og piano, 1965
  • Op. 75, Voices for Today for gutestemmar, kor og orgel ad lib, 1965
  • Op. 76, The Poet's Echo for sopran eller tenor og piano (tekst Aleksandr Pusjkin), 1965
  • Op. 77, The Burning Fiery Furnace, church parable (libretto William Plomer etter Daniels bok), 1966
  • Op. 78, The Golden Vanity for gutestemmar og piano (words Colin Graham), 1966
  • Op. 79, The Building of the House overtyre, for kor og orgel eller blåsarar og orkester, 1967
  • Op. 80, Cello Suite No. 2, 1967
  • Op. 81, The Prodigal Son, church parable (libretto William Plomer), 1968
  • Op. 82, Children's Crusade (tekst Bertold Brecht/Hans Keller), 1968
  • Op. 83, Suite for Harp, 1969
  • Op. 84, Who are these Children? for tenor og piano (tekst William Soutar), 1969
  • Op. 85, Owen Wingrave, opera (libretto Myfanwy Piper etter Henry James), 1970
  • Op. 86, The Journey of the Magi (Canticle IV) for kontratenor, tenor, bariton og piano (tekst T. S. Eliot), 1971
  • Op. 87, Cello Suite No. 3, 1972
  • Op. 88, Death in Venice, opera (libretto Myfanwy Piper, etter Thomas Mann), 1973
  • Op. 89, The Death of Narcissus (Canticle V) for tenor og harp (tekst T. S. Eliot), 1974
  • Op. 90, A Suite on English Folk Tunes "A Time There Was" for kammerorkester, 1974
  • Op. 91, Sacred and Profane (8 medieval lyrics) for fem stemmar (SSATB), 1975
  • Op. 92, A Birthday Hansel for høg stemme og harpe (tekst Robert Burns), 1975
  • Op. 93, Phaedra, kantate (tekst Robert Lowell, etter Jean Racine), 1975
  • Op. 94, Strykekvartett nr. 3, 1975
  • Op. 95, Welcome Ode for ungdomsstemmar og orkester, 1976
  • Op. 96, Praise we great men for solistar, kor og orkester (tekst Edith Sitwell), 1976 (ufullendt)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre