Brive-la-Gaillarde

Brive-la-Gaillarde (oksitansk: Briva la Galharda) er ein by og kommune i Frankrike. Han er sous-préfecture i departementet Corrèze og har om lag 50 000 innbyggjarar.

Brive-la-Gaillarde
Turistsenteret i Brive-la-Gaillarde
Turistsenteret i Brive-la-Gaillarde
Turistsenteret i Brive-la-Gaillarde
Byvåpenet til Brive-la-Gaillarde
Byvåpenet til Brive-la-Gaillarde
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Nouvelle-Aquitaine
Corrèze
Geografi
Flatevidd 48,59 km²
Flatevidd
 - By

48,59 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

49 141
  1 011/km²
Koordinatar 45°09′35″N 01°32′02″E / 45.15972°N 1.53389°E / 45.15972; 1.53389
Høgd over havet 142 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.brive.net

Historie endre

Sjølv om det har vore busetnadar her sida 1. århundret byrja byen først å vekse på 400-talet rundt ei kyrkje tileigna Saint-Martin-l'Espagnol. På 1100-talet vart det bygd murar rundt byen og under Hundreårskrigen vart enno ein mur bygd. Desse festningane finst ikkje lenger og er erstatta av boulevardar.

Kommunen hadde namnet Brive fram til 1919, då han fekk det nye namnet Brive-la-Gaillarde. Ordet «Gaillarde», som vert nytta i fransk, står sannsynlegvis for mot eller styrke i bynamnet, men kan òg referere til dei gamle bymurane.

Bakgrunnsstoff endre