Brooklyn er ein bydel i New York i USA. Bydelen har samanfallande grenser med fylket Kings County i delstaten New York. Brooklyn er den mest folkerike av dei fem bydelane i New York, og med rundt 2,5 millionar innbyggjarar ville Brooklyn ha vore den fjerde største byen i USA dersom den var ein by for seg sjølv.

Brooklyn
Land  USA
Fylke Kings County
Kart
Brooklyn
40°41′34″ N 73°59′25″ W
Wikimedia Commons: Brooklyn, New York City

Brooklyn utvikla seg frå den vesle tettstaden Breuckelen, grunnlagt av nederlendarane og oppkalla etter Breukelen i Nederland.[1][2]

Blant kjende nabolag i Brooklyn er Bedford-Stuyvesant, Bensonhurst, Flatbush og Coney Island.

Kjelder Endra

  1. Dexter, Franklin B. (April 1885). «The History of Connecticut, as Illustrated by the Names of Her Towns». Proceedings of the American Antiquarian Society (American Antiquarian Society): 438. 
  2. Powell, Lyman Pierson (1899). Historic Towns of the Middle States (på engelsk). G. P. Putnam's sons. s. 216. Henta 16. juli 2017.