Niese

(Omdirigert frå Brordotter)

Niese er ei slektskapsnemning bruka om ei bror- eller systerdotter.

Miniatyrbilde av den franske diktaren Catherine d'Amboise og niesa Antoinette d'Amboise.

Som «nevø» er ordet «niese» kome til norsk gjennom fransk (nièce) frå latin, frå ordet neptis, som tydde 'sonedotter, dotterdotter'. Ei anna nemning for jenter og gutar nokon er onkel eller tante til er onkel- eller tantebarn. Desse nemningane kan opplevast som mindre formelle enn «niese» og «nevø».

Kjelder endre