Brown Eyed Handsome Man

Brown Eyed Handsome Man
av Chuck Berry
frå albumet After School Session
A-side

«Too Much Monkey Business»

Utgjeve September 1956[1]
Innspelt 16. april 1956 i Chicago[2]
Sjanger Rock and roll, rhythm and blues
Lengd 2:19
Selskap Chess 1635[1][2]
Komponist Chuck Berry
Tekstforfattar Chuck Berry
Låtskrivar(ar) Chuck Berry
Produsent Leonard Chess, Phil Chess[2]
Chuck Berry-kronologi 
«Maybellene»
(1955)
Brown Eyed Handsome Man «Roll Over Beethoven»
(1956)


Brown Eyed Handsome Man
Singel av Buddy Holly
frå albumet Reminiscing
B-side

«Rock-a-Bye Rock»

Utgjeve 1963
Innspelt 1956–1957
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:07
Selskap Carol 93 352
Komponist Chuck Berry
Tekstforfattar Chuck Berry
Låtskrivar(ar) Chuck Berry
Produsent Norman Petty
Buddy Holly-kronologi 
«Reminiscing»
(1962)
Brown Eyed Handsome Man «Bo Diddley»
(1963)


«Brown Eyed Handsome Man» er ein rock and roll-song skriven og spelt inn av Chuck Berry, først gjeven ut av Chess Records i september 1956 som B-sida til «Too Much Monkey Business». Han vart òg gjeven ut på debutalbumet til Berry i 1957, After School Session. Tittelen på songen vart seinare nytta som tittelen på ein biografi om Berry.[3]

Bakgrunn og innspeling endre

«Brown Eyed Handsome Man» vart skriven etter Berry hadde vitja fleire afroamerikanske og latinamerikanske område i California. Medan han var der såg han ein latinamerikansk mann som vart arrestert då «ei kvinne kom ropande om at politimannen måtte la han gå».[4]

«Brown Eyed Handsome Man» vart spelt inn 16. april 1956 i Chicago i Illinois. Innspelinga vart produsert av Chess-brørne, Leonard og Phil. Med seg på innspelinga hadde Berry Johnnie Johnsonpiano, L. C. Davis på tenorsaksofon, Willie Dixonbass og Fred Belowtrommer.[2]

Songen kom ut i september 1956[1] og nådde femteplassen på Billboard si R&B Singles-liste seinare på året.[5]

Andre versjonar endre

Songen er blitt spelt av mange andre artistar, som Buddy Holly. Han nådde topp 5 på singellista i Storbritannia i 1963, etter han var død, med songen, som vart gjeven ut på albumet Reminiscing.[6] Johnny Rivers spelte òg inn songen, for det første albumet sitt, At the Whisky à Go Go, i 1964. Nina Simone spelte inn songen i 1967 for albumet High Priestess of Soul og Waylon Jennings gav songen ut på singel frå albumet Waylon i 1970. Songen vart òg spelt av Robert Cray i 1987 på eit live hyllestalbum til Berry, Hail! Hail! Rock 'n' Roll og av Paul McCartney i 1999 på albumet Run Devil Run. McCartney gav òg ut songen på singel med «No Other Baby».

Songen vart framført av den såkalla «Million Dollar Quartet»: Johnny Cash, Carl Perkins, Jerry Lee Lewis og Elvis Presley under ein jam 4. desember 1956.[7] Lewis gav òg ut ein soloversjon av songen i 1970 på albumet She Even Woke Me Up to Say Goodbye.[8] Cash spelte inn songen med Perkins og denne vart gjeven ut på det posthume albumet Unearthed i 2003. «Brown Eyed Handsome Man» vart framført i Broadway-musikalen Million Dollar Quartet, som opna i New York i april 2010,[9] og var med på albumet Million Dollar Quartet, spelt inn av den originale Broadway-besetninga med Lance Guest som Johnny Cash, Robert Britton Lyons som Carl Perkins, Levi Kreis som Jerry Lee Lewis og Eddie Clendening som Elvis Presley.[10]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Rudolph, Dietmar. «A Collector's Guide to the Music of Chuck Berry: The Chess Era (1955–1966)». Henta December 4, 2010. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Gold (CD liner notes). Chuck Berry. USA: Geffen Records/Chess Records. 2005. s. 20, 27. 0602498805589 http://www.discogs.com/viewimages?release=1987023 |url= missing title (hjelp). 
  3. Pegg, Bruce (2002). Brown Eyed Handsome Man: The Life and Hard Times of Chuck Berry: An Unauthorized Biography. Routledge.
  4. «Brown Eyed Handsome Man by Chuck Berry». Rolling Stone. Arkivert frå originalen October 16, 2007. 
  5. «Chuck Berry: Billboard Singles». Allmusic. Rovi. Henta 27. juni 2017. 
  6. McAleer, Dave (2004). Hit Singles: Top 20 Charts From 1954 to the Present Day. Hal Leonard. p. 84.
  7. The Million Dollar Quartet. Henta 27. juni 2017.
  8. Jerry Lee Lewis. She Even Woke Me Up to Say Goodbye. Henta 27. juni 2017.
  9. Zielinski, Peter James. "Photo Coverage: Million Dollar Quartet Opens on Broadway». Posted April 12, 2010. [1]
  10. “Song List” and “Performing Credits”. Million Dollar Quartet (2010). CD booklet. p. 5. New York: Avatar Studios; Chicago: Chicago Recording Company.

Bakgrunnsstoff endre