Brunkinnparula

art av sporvefuglar
Brunkinnparula
Brunkinnparulahann
Brunkinnparulahann
Brunkinnparulahoe
Brunkinnparulahoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiing: Gult er hekkeområdet, blått er utbreiing vinter
Utbreiing: Gult er hekkeområdet, blått er utbreiing vinter
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Parulafamilien Parulidae
Slekt: Setophaga
Art: Brunkinnparula S. tigrina
Vitskapleg namn
Setophaga tigrina

Brunkinnparula (Setophaga tigrina) er ein art i parulafamilien. Han hekkar i boreale barskogar i nordlege Nord-Amerika. Hekkeområdet spenner over Sør-Canada frå Alberta i vest, austover over Dei store sjøane og til New England. Han er ein trekkfugl, dei fleste overvintrar i Dei store Antillane.

Slektsnamnet Setophaga er frå gammalgresk 'sest', «møll» og 'fagos', «å ete», og den spesifikke tigrina er latin for «tigerstripa» frå 'tigris', «tiger».[1]

Skildring endre

Brunkinnparula er ein liten sporvefugl og er ein mellomstor parula. Kroppslengda kan variere litt rundt 13 cm, og kroppsmassen er om lag 10 gram.[2] Hannfuglar i hekkedrakt har ein brun overside, gul overgump og mørkebrun krone. Undersida er gul med svarte streker, slik som det vitskaplege namnet til fuglen ymtar om. Halsen og nakken er lysegul og kinnet har slåande kastanjefarge med ei svart augestripe. Han har eit smalt kvitt vengeband. Hoa i hekkedrakt er bleikare, og manglar kastanjebrunt kinn. Utanom hekketida har begge kjønna meir utvaska versjonar av hekkedrakta, utan det markante mønsteret på hovudet. Den gule overgumpen og indikasjonar på det kvite vengebandet er alltid til stades.[2]

Denne arten er insektetar og får større ungekull i år med rikelege Choristoneura-sommarfuglar. Han plukkar insekt frå spissane på bartregreiner eller flyg ut for å fange insekt. Brunkinnparulaer et òg bær og nektar om vinteren, og har, unikt for ein parula, ei røyrforma tunge for å lette denne åtferda.[2]

Hekkemiljøet til denne fuglen er i utkantar av barskog. Brunkinnparulaer hekkar nær stammen på treet, ofte i ei svartgran, og legg 4–9 egg i eit koppforma reir. Denne arten kan få dei største kulla av alle parulaer, sannsynlegvis som svar på auke i mengde av Choristoneura.[2]

Songen til brunkinnparula er ein enkel repetisjon av høgfrekvente tonar. Ropet er ofte ein tynn høgfrekvent sip. Han syng vanlegvis frå ei grein høgt i eit tre.[2]

Storleiken på populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[3]

Spontant i Noreg

Eit første individ av arten for Noreg vart registrert på Utsira den 23-26. september 2020, og dette var den fjerde kjente observasjonen i Europa.[4]

Kjelder endre

Referansar
  1. Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London, United Kingdom: Christopher Helm. s. 355, 385. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Baltz, M. E. and S. C. Latta (2020). Cape May Warbler (Setophaga tigrina), version 1.0. In Birds of the World (P. G. Rodewald, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.camwar.01 Henta 28. november 2020
  3. BirdLife International (2020) Species factsheet: Setophaga tigrina. Henta frå http://www.birdlife.org den 28. november 2020
  4. Mo, Bjørn (2020). «Brunkinnparula - ny art for Norge». Vår fuglefauna (Norsk Ornitologisk Forening) 43 (4): 250–251. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Brunkinnparula