Brus er ein leskedrikk laga med kolsyre, søtingsmiddel og interessante smakar og fargar. Ordet er ei forkorting for bruslimonade, og namnet viser til den brusande effekten som kolsyra gjer drikken.

Brusbobler
Inca kola er ein brus frå Peru som er farge- og smaksett med tartrazin (E102).

Sukkerdrikken endre

På svensk kallar ein produktet sockerdrycka eller 'sukkerdrikk', ettersom sukker er slik ein viktig del av brusen. Saman med kolsyra gjer sukkeret brusen skadeleg for tenner. Det finst òg sukkerfri brus som er søta med andre stoff, som aspartam, cyklamat og sakkarin, som kan vera mindre skadelege for tennene. Ved at brus har svært låg PH-verdi og inneheld svært mykje raffinert sukker, er den òg rekna for å vera skadeleg for resten av kroppen.

Brussmakar endre

Ulike brustypar har ofte, eller påstår at dei har, smak av ulike typar frukt. Bruslimonaden hadde sitronsmak medan ein annan gammal norsk brus, Solo, var kjenneteikna av appelsinsmaken sin. Det finst òg meir eksotiske brussmakar, som ananasbrus og litchibrus.

I tillegg finst det fleire brustypar utan naturlege smakar. Coca cola er kanskje den best kjende av desse, men rødbrus og champagnebrus er andre eksempel.

Mineralvatn endre

Vatn som ikkje er tilsett sukker og råsaft frå frukt eller andre kunstige smaksemne, men berre kolsyre, blir kalla mineralvatn, eller Farris.

Brusfabrikantar endre

Kjende norske fabrikantar av brus er: