Bruse Sigurdsson (Brúsi Sigurðarson), fødd på slutten av 900-talet og død omkring 1031/1034, var jarl på Orknøyane saman med brørne Sumarlide, Einar og Torfinn.

Bruse Sigurdsson
Fødd ca. 980
Orknøyane
Død

1030
Orknøyane

Far Sigurd Lodvesson
Mor Olith
Detalj av pergamentside frå folio 101v av GKS 1005 - Flateyjarbók, med teksten: jarl í Orkneyum.

Familie endre

Bruse er nemnt i Orknøyingasoga[1] og i dei norrøne kongesogene, i Soga om Olav den heilage.[2] Han var son til Sigurd Lodvesson jarl (Sigurd Digre) og det er ikkje opplyst noko om kven som var mor hans. Han hadde to brør, Sumarlide og Einar (Einar Vrangmunn) og ein reknar med at dei hadde sams mor. Truleg så seint som i 1007 vart Sigurd jarl gift med dotter til den skotske kongen Malcolm II,[3] og ho var mor til Bruse sin tredje bror, halvbroren Torfinn.

Sogene nemner at Bruse hadde sonen Ragnvald, men kven mor hans var er ikkje opplyst.

Liv og lagnad endre

Orknøyingsoga fortel at etter at Sigurd Lodvesson fall i slaget ved Clontarf i 1014, vart Bruse jarl over Orknøyane saman med dei to brørne sine, og dei delte då riket i «tridjungar» [Note 1]. Halvbror deira, Torfinn, var då særs ung, kanskje berre fem år gamal, og han var blitt send til fostring hjå morfar sin, kong Malcolm 2.

Sogene skildrar Bruse som fredeleg og spaklyndt og heilt ulik den stridlynte og maktsjuke broren Einar. Etter at Sumarlide døydde, truleg ein gong i åra 1016-1018, vart det stor usemje mellom brørne om delinga av riket. Då var det Bruse som spela meklaren si rolle for å unngå open krig, men for seg sjølv kravde han ikkje meir enn han alt hadde, og Orknøyingasoga[1] (side 30) legg desse orda i munnen hans: «Eg vil ikkje gira etter meir av riket, enn den tridjungen som eg eig med retto.»

Då broren Einar vart drepen omkring 1020, tok likevel Bruse til seg Einar sin tredjepart, som han meinte han hadde arverett til. Då vart det ny usemje med broren Torfinn jarl som kravde å få halvparten av riket på øyane, attåt det han alt hadde på fastlandet i Skottland. Sjølv for den fredelege Bruse, gjekk dette for vidt. Men han kunne ikkje stå imot broren som hadde morfaren, den skotske kongen, i ryggen, og han reiste til kong Olav Haraldsson i Noreg for å få hjelp. Då gjekk det slik til at Torfinn òg reiste til Noreg; han meinte at han frå før var ven med kong Olav og rekna med å få støtte for si sak, hjå han.

Truleg trudde begge at dei kom til ein ven som ville hjelpe dei med å løyse konflikta; i staden møtte dei ein konge som var mest instillt på å nytte ut stoda til sin eigen fordel. Sogene skildrar i omstendelege ordelag korleis kong Olav med truslar og lovnadar, spela dei to jarlane opp mot kvarandre. Han tok Ragnvald, sonen til Bruse som gissel, og han la tydeleg for dagen at om ikkje Torfinn underordna seg den norske kongen, ville han ikkje kom derifrå i live. Skildringane er ikkje historisk truverdige, men truleg enda det med at både Bruse og Torfinn gav kong Olav rådvelde over jarleriket; dei lova han truskap og gav eidane sine på det. Skalden Ottar Svarte gjorde omkring 1023 diktet «Hovudløysinga»[4] til kong Olav, der det er nemnt i 19. verset:

Hjaltlendingane reknast no
for dine undersåttar;
men ingen kamphissig konge
stod fram her i aust (i Noreg),
før vi fekk deg,
som underkasta seg øyane i vest.
[Note 2]

I norsk historieskriving er det blitt hevda at Orknøyane på den tida vart lagt under norsk styre.[5] Dette står i motsetning til den eldste kjelda som gir oss konkret opplysning om norsk herredøme over Orknøyane; Beretningen om Hamburg stift av Adam av Bremen, der det i tredje bok, kapittel 17, blir sagt at kong Harald Hardråde la under seg øyane på hærferda i 1066.

Attende på Orknøyane vart Bruse etter kvart forlikt med bror sin, og truleg styrte dei etter denne tida riket sjølvstendig og tykte ikkje at dei skulda truskap til den norske kongen. Eidane om truskap og underkasting var gitt under tvang, og det er elles lite truleg at kong Olav var i stand til å setje makt bak krava sine. Han vart på denne tida (i byrjinga av 1020-åra) oppteken med herdferda for å erobre Danmark, noko som enda med slaget ved Helgeå mot kong Knut den store og ladejarlen Håkon Eiriksson. Etter det slaget (truleg i år 1026) hadde ikkje Olav Haraldsson lenger kongsmakt i Noreg.

Bruse hadde ei tid styringa med dei to tredjepartane han meinte seg å ha rett på, men det blir fortalt i soga at han ikkje rådde med vikingar som tok til å herje på øyane hans. Han skal difor ha gitt den eine tredjeparten til Torfinn som hadde større styrkar og var betre i stand til å verje riket. Etter Orknøyingasoga[1] (side 43) hende dette omkring år 1028. Bruse hadde deretter styringa med den siste tredjeparten, til han døydde.

Orknøyingasoga fortel ikkje direkte når og korleis Bruse døydde. Ragnvald, sonen hans som var blitt verande i Noreg som gissel, fylgde med Magnus Olavsson til Gardarike etter at kong Olav døydde på Stiklestad. Ragnvald kom attende til Noreg saman med Magnus då han vart norsk konge i 1035, og det er nemnt i Orknøyingsoga[1] (kap.21) at då fekk Ragnvald tidendar om at faren var død på Orknøyane. Ein reknar difor med at Bruse Sigurdsson døydde ein gong i åra 1031-1034. Ragnvald Brusesson reiste då attende til Orknøyane og fekk styringa med faren sitt rike.

Referanseside Føregangar O r k n ø y j a r l Etterkomar Tilleggsopplysningar
Orknøyjarlane Sigurd Lodvesson Bruse Sigurdsson Samstyre:
Sumarlide Sigurdsson
Einar Sigurdsson
Torfinn Sigurdsson
-

Notar endre

  1. Det ser ut til at det store riket som Sigurd Lodvesson hadde rådd over, fall saman då han døydde, og dei tre eldste sønene hans rådde berre over det opphavelege øyriket, Orknøyane og Shetland. Områda på fastlandet i Skottland (Caithness og Sutherland) vart lagt under ungguten Torfinn Sigurdsson, men no med det skotske kongen (morfaren) som overherre.
  2. Skalden Ottar Svarte var komen på kant med kong Olav og gjorde diktet «Hovudløysinga» nettopp for å «redde hovudet». Ein kunne då lett mistenke skalden for å ha gitt kongen skryt for slikt som han visste at kongen sjølv rekna som storverk, endå om det i røynda var mindre prisverdig.

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  2. Soga om Olav den heilage frå heimskringla.no (S. Schjött 1900)
  3. Malcolm II Scottish monarks
  4. Hovudløysinga Arkivert 2016-04-24 ved Wayback Machine. av Ottar Svarte
  5. Bruse Sigurdsson i Store norske leksikon

Bakgrunnsstoff endre