Brusneva (russisk Ostrov Brusneva) er ei lita øy i Laptevhavet i Russland. Ho ligg utanfor austsida av Lenadeltaet i Tiskibukta, berre 5 km nordaust for Tiksi. Ho er 2,3 km lang og på det breiaste mindre enn 1 km. Namnet vert stundom skrive Brusnova på somme kart.

Brusneva
øy
Land  Russland
Kart
Brusneva
71°39′14″N 129°02′00″E / 71.653888888889°N 129.03333333333°E / 71.653888888889; 129.03333333333

Tiskibukta er utsett for særs hardt arktisk vêr med mange vinterstormar. Bukta er islagd ni månader av året.

Historie endre

I august 1901 kryssa det russiske polarskipet «Zarja» Laptevhvet på leit etter det segnomsuste Sannikov land (Zemlja Sannikova), men vart raskt fanga i pakkisen ved Nysibirøyane. I 1902 gjorde dei forsøk på å nå Sannikov land, medan Zarja framleis var fanga i isen. Den russiske polarforskaren baron Eduard Toll og tre av følgjesveinane hans gjekk frå skipet og forsvann i isaude då dei reiste sørover frå Bennettøya på eit laust isflak. Etter strabasane i isen vart den lekke Zaraja til slutt fortøydd ved Brusneva i Tiskibukta og vart aldri flytta igjen. Resten av ekspedisjonsmedlemmene reiste tilbake til St. Petersburg, medan kaptein Matisen reiste til Jakutsk.

Øya er kalla opp etter den russiske ingeniøren M. I. Brusnev som var med på den russiske polarekspedisjonen. Brusnev leia ein del av mannskapet våren 1903 i leit etter Baron Eduard Toll. Dei leita langs kysten av Nysibirøyane, medan ei anna gruppe leia av Aleksandr Koltsjak reiste med kvalbåt til Bennettøya. Brusnev fann restane av ein mammut på øya Nysibir under leitinga etter Eduard Toll.[1]

Kjelder endre

71°6552′N 129°0527′E / 180.200°N 137.783°E / 180.200; 137.783 Coordinates: latitude minutes >= 60
Coordinates: longitude minutes >= 60
{{#coordinates:}}: ugyldig breiddegrad