Brynjulf Bull

norsk politikar
(Omdirigert frå Brynjulf Friis Bull)

Brynjulf Friis Bull (fødd 17. oktober 1906 i Oslo, død 18. juni 1993) var ein norsk jurist, høgsterettsadvokat og politikar for Arbeidarpartiet, oppvaksen på Alfaset.

Brynjulf Bull

Fødd17. oktober 1906
Christiania
Død18. juni 1993 (86 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, dommar, advokat
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
BarnBernt Bull
Alle verv
  • ordførar i Oslo (1951–1955)
  • ordførar i Oslo (1960–1961)
  • ordførar i Oslo (1964–1975) Sjå dette på Wikidata

Oppvekst og utdanning endre

Brynjulf Bull vart fødd i Kristiania som ein av fleire søner til forretningsmannen Trygve Bull og Sally, fødd Friis. Ein av brørne hans var Trygve Bull. På farssida tilhøyrde familien den trønderske slekta Bull.[1] Etter skulegang på Fru Nielsens Latin- og realskole tok han examen artium ved Oslo katedralskole i 1925 og byrja deretter på jusstudiar ved Universitetet i Oslo.

Som student vart han med i den kommunistiske akademikargruppa Mot Dag og organisasjonen Clarté, som var meir internasjonalt orientert, men i Noreg nært knytt til Mot Dag. Han vart leiar for Clarté i 1933. I 1935 var han leiar for Det Norske Studentersamfund.

Bull var interessert i skodespelarkunst og tok del både som skodespelar og som leiar i Studentersamfundets Theater ved Det Norske Studentersamfund.

Han tok juridisk embetseksamen i 1930.

Karriere endre

 
Brynjulf Bull viser Haile Selassie I av Etiopia det nydekorerte Oslo rådhus under statsbesøket til den etiopiske keisaren i november 1954. Bak ser ein kong Haakon VII.

I 1933 etablerte Bull sin eigen advokatpraksis der han mellm anna tok saker for fagrørsla og straffesaker. Under krigen arbeidde han for fagrørsla til at han vart arrestert av tyskarane og sat fengsla blant anna på Grini frå 1942 til 1944.

Han var statsadvokat for landssviksaker 1945–47. Bull var ordførar i Oslo 1952–1975, bortsett frå i periodane 1956–1959 og 1962–1963. Frå 1953 til 1963 var han leier i Arbeidsretten.[2]

Etter at Mot Dag gjekk inn i Arbeidarpartiet vart òg Brynjulf Bull engasjert der. Han vart vald inn i Oslo kommunestyre i 1945. I 1948 vart han varaordførar og i 1952 ordførar. Ordførarposisjonen hadde han til 1975 bortsett frå i periodane 1956-1959 og 1962-1963.

I 1966 var han sentral i løysinga av «teaterstreiken». Bull var pådrivar for, og første styreleiar i, Oslo Konserthus. I Oslo er vestre del av Rådhusplassen oppkalla etter han.

Han mottok St. Hallvard-medaljen i 1976.[3]

Familie endre

Bull var frå 1937 gift med Ruth Bernhardina Øgrim og er far til tidlegare statssekretær Bernt Bull. Politikaren, forfattaren og skulemannen Trygve Bull var bror hans.

Referansar endre

  1. Terje Bratberg. «Den trønderske slekten Bull». Store norske leksikon. Henta 8. september 2012. 
  2. «Ledere i Arbeidsretten». Arbeidsretten. Arkivert frå originalen 16. mars 2012. 
  3. «Tidligere mottakere av St. Hallvard-medaljen». Arkivert frå originalen 10. januar 2014. 

Bakgrunnsstoff endre