Bubiyan (arabisk جزيرة بوبيان) er den største øya i Kuwait og ligg heilt nordvest i Persiabukta, med eit areal på 863 km². Øya har ikkje fast busetnad.

Bubiyan
جزيرة بوبيان
øy
Land  Kuwait
Koordinatar 29°47′N 48°11′E / 29.783°N 48.183°E / 29.783; 48.183
Areal 863 km²
Folketal 0
Kart
Bubiyan
29°47′00″N 48°11′00″E / 29.783333333333°N 48.183333333333°E / 29.783333333333; 48.183333333333

Mellom øya og det irakiske fastlandet i nordaust ligg kanalen Khawr Abd Allah og mellom øya og det kuwaitiske fastlandet i sørvest ligg kanalen Khawr az-Zubayr. Den sistnemnde kanalen går rundt nordenden av Bubiyan, og skil ho frå øya Warbah. 5,4 km nordvest for Ras al Barshah, det sørlegaste punktet, er Bubiyan knytt til fastlandet via ei bjelkebru i betong over Khawr as Sabiyah-kanalen. Brua er 2,38 km lang[1] og vart bygd i 1983. Brua er berre for militær bruk. Under Golfkrigen i 1991 vart brua øydelagd, men har så blitt bygd opp att på ny. Sjølve øya vart omgjort til ein militærbase i 1991 og har vore det sidan den gongen.[2]

I november 1994 aksepterte Irak formelt grensa som SN hadde trekt mot Kuwait. Det enda formelt eit tidlegare krav Irak hadde på Bubiyan.[3]

Mubarak Al-Kabeer-reservatet endre

Etter at Kuwait signerte Ramsar-konvensjonen vart Mubarak al-Kabeer-reservatet erklært som det første internasjonalt viktige våtmarksområdet i landet. Det 50 948 mål store reservatet består av små lagunar og grunt marskland og er ein viktig stoppestad for trekkfuglar langs to ruter, frå Tyrkia til India og frå Eurasia til Afrika. Hekkande vadefugl i området er mellom anna den største hekkekolonien i verda av krabbevipe (Dromas ardeola) og det omliggande havområdet er ynglestad for mykje fisk.[4]

Kjelder endre

  1. Bubiyan Bridge hos Structurae
  2. «Kuwait Geography and Population». Arkivert frå originalen 5. september 2017. Henta 3. september 2017. 
  3. «CIA World Fact Book - Irak». everything2.com. 14. januar 2007. [daud lenkje]
  4. Ramsar. «Kuiwait becomes Ramsar state». BirdGuides. Henta 3. september 2017. [daud lenkje]