Tharthar (eller Therthar) og i Irak kjend som Buhayrat ath-Tharthar (arabisk بحيرة الثرثار) er ein kunstig innsjø som var ferdig i 1956. Han ligg kring 100 km nordvest for Bagdad mellom Tigris og Eufrat.

Tharthar
innsjø
Landsat 5 (1990)
Land  Irak
Guvernement Al Anbar guvernement
Høgd moh.
Koordinatar 33°58′N 43°11′E / 33.967°N 43.183°E / 33.967; 43.183
Lengd 120 km
Breidd 48 km
Areal 2 710 km² [1][2]
Volum 85,59 km³ [1]
Kjelde Tharthar-kanalen
Munning Taksim Tharthar-kanalen
Ferdigstilt 1956
Kart
Tharthar
33°58′00″N 43°11′00″E / 33.966666666667°N 43.183333333333°E / 33.966666666667; 43.183333333333
Wikimedia Commons: Lake Tharthar
Amerikansk fly flyg over Tharthar i 2004.

Skildring endre

I 1956 vart den sørlege delen av Tharthar-søkket omgjort til eit vassreservoar for å samle flaumvatn frå Tigris. Vatnet flyt inn i innsjøen via ein kunstig kanal, Thartharkanalen. Vatnet inn i kanalen vert styrt ved Samarradammen og renn ut i innsjøen ved søraustbreidda.

Vatnet renn ut frå innsjøen via den kunstige Taksim Tharthar-kanalen, som munnar ut i Eufrat. Kanalen deler seg etter 28 km i ein annan kanal, kalla Dhira'a Dijla (Tigrisarmen) og returnerer vatn attende til Tigris.

Tharthar-søkket vart danna under holocen, hovudsakleg på grunn av karstdanning.[2] Tharthar dekkjer kring 2 050 km² og strekkjer seg frå dei sentrale og austlege områda av Sinjarfjella og omliggande åsar. Høgda er berre tre meter over havet. På det lengste er innsjøen 120 km lang og på det breiaste 48 km brei. Austkanten av søkket er høgare enn den vestlege, og strekkjer seg 90 meter opp frå innsjøen.

Hovudføremålet med Tharthar er å samle overflødig vatn frå Tigris i flomtida og sende vatn til Tigris og Eufrat i tørketida, då det kan vere vassmangel i begge elvane. I tillegg vert saltet vaska ut av det lagra vatnet ved ei naturleg, kontinuerleg drenasje av det lagra vatnet.[2]

Dyre -og planteliv endre

Tharthar og området rundt er eit av ei viktigaste beiteområda i Irak, og somme området er dekt av korn- og maisåkrar. Området har mange dyre- og planteartar.

Fuglar endre

Tharthar vert rekna som vinterhabitat for mange truga trekkfuglar som tartarfalk, kragtrapp og steppevipe. Ein har observert 54 fugleartar i Tharthar, som trekkfuglane steppehauk, blåråke og svarthalespove (alle nær truga) og ein endemisk kråkeart (Corvus cornix capellanus).

Pattedyr endre

Det er blitt observert gullsjakalar på staden. Stripehyener og ørkengauper er òg sett av lokale innbyggjarar nær innsjøen.

Reptil endre

Det er observert mange reptilartar som tyrkisk halvfingergekko og egypttornehale.

Fisk endre

Ein har funne ti fiskeartar i innsjøen som mellom andre gullfisk og karpe.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tharthar