Buj
Buj (russisk Буй) ) er ein by i Kostroma oblast i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Kostroma, rundt 90 km nord for Kostroma.
Buj Буй | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Kostroma oblast | ||
Grunnlagd Bystatus |
1536 1778 | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - Totalt (2005) |
26 500 | ||
Koordinatar | 58°29′N 41°31′E / 58.483°N 41.517°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Retningsnummer (tlf) | +7 49435 |
Historie
endreBuj vart grunnlagt i 1536 som ei festning der elvane Kostroma og Vjoksa renn saman. Festninga vart bygd etter ordre frå Jelena Glinskaja, regenten i Russland på den tida og mor til Ivan den grufulle.
Buj fekk byrettar i 1778, under Katarina den store.
Under bygginga av St. Petersburg – Vjatka-jernbanen (ferdig i 1908) voks folketalet frå rundt tusen til 3500 i 1913.
Økonomi og næringsliv
endreDei viktigaste næringane i Buj er kjemisk industri, treforedling, møbel- og næringsmiddelindustri.
Bakgrunnsstoff
endre- Om Buj på MojGorod (russisk)
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Buj (by)» frå Wikipedia på bokmål, den 3. februar 2009.
Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.