Opna hovudmenyen

Bundesliga er den øvste fotballdivisjonen i Tyskland og tidlegare Vest-Tyskland. Den klassiske avsparkstida er kl. 15.30 på laurdagar. Bundesligaen vart oppretta i 1963, og har gjennomgått fleire endringar opp gjennom tidene, heilt fram til i dag.

Bundesliga
Land Flag of Germany.svg Tyskland
Region UEFA
Forbund DFB
Grunnlagt 1963
Nedrykk til 2. Bundesliga
Nasjonal cup DFB-Pokal
Sjå òg: Nasjonale toppdivisjonar i fotball

Før Bundesliga vart oppretta, spelte laga i regionale seriar. Vinnarane (og nokre gonger nestvinnarane) møttes så i eit sluttspel etter cup-system, med ein seriefinale for å avgjere seriemeisterskapen.

OversynEndra

Bundesligaen er delt opp i to divisjonar, Første Bundesliga og Andre Bundesliga. Første Bundesliga blir som regel berre kalla Bundesliga, medan nummer to blir kalla 2. Bundesliga, eller Zweite Bundesliga for å skilje dei to divisjonane. Det er desse to divisjonane som blir rekna som Tysklands profesjonelle fotballseriar, medan dei lågare divisjonane blir rekna som amatørligaer. Dei lågare divisjonane er i stadig vekst, og det er særleg den tredje høgaste, Regionaliga, som er i ferd med å nå eit profesjonelt nivå.

Dei to første åra hadde Bundesliga 16 klubbar. Etter det har serien hatt 18 klubbar, med unntak av sesongen 1991/92, då Bundesliga vart utvida til 20 klubbar fordi klubbane frå det tidlegare DDR vart med i det alltyske seriesystemet.

Til og med sesongen 1973/74 besto nivå to av fleire ulike Regionalligar. I 1974 vart andre Bundesliga oppretta, i to avdelingar (Nord og Süd). Andre Bundesliga vart samla til ein nasjonal divisjon i 1981. I 1991/92-sesongen vart andre Bundesliga igjen utvida til to avdelingar for ein sesong, då dei to beste klubbane frå Oberliga i DDR fekk plass i første Bundesliga, medan dei seks nest beste klubbane i DDR kom inn i andre Bundesliga.

Toppscorarar i Bundesliga gjennom tideneEndra

RekordarEndra

Nordmenn med flest scoringar i BundesligaEndra

Vinnarar av BundesligaEndra

Bundesliga-mestere
Sesong Vinner
1963/64 FC Köln
1964/65 Werder Bremen
1965/66 TSV 1860 München
1966/67 FC Nürnberg
1967/68 Eintracht Braunschweig
1968/69 Bayern München
1969/70 Borussia Mönchengladbach
1970/71 Borussia Mönchengladbach
1971/72 Bayern München
1972/73 Bayern München
1973/74 Bayern München
1974/75 Borussia Mönchengladbach
1975/76 Borussia Mönchengladbach
1976/77 Borussia Mönchengladbach
1977/78 FC Köln
1978/79 Hamburger SV
1979/80 Bayern München
1980/81 Bayern München
1981/82 Hamburger SV
1982/83 Hamburger SV
1983/84 VfB Stuttgart
1984/85 Bayern München
1984/85 Bayern München
1984/85 Bayern München
1987/88 Werder Bremen
1988/89 Bayern München
1989/90 Bayern München
1990/91 FC Kaiserslautern
1991/92 VfB Stuttgart
1992/93 Werder Bremen
1993/94 Bayern München
1994/95 Borussia Dortmund
1995/96 Borussia Dortmund
1996/97 Bayern München
1997/98 FC Kaiserslautern
1998/99 Bayern München
1999/00 Bayern München
2000/01 Bayern München
2001/02 Borussia Dortmund
2002/03 Bayern München
2003/04 Werder Bremen
2004/05 Bayern München
2005/06 Bayern München
2006/07 VfB Stuttgart
2007/08 Bayern München
2008/09 VfL Wolfsburg
2009/10 Bayern München
2010/11 Borussia Dortmund
2011/12 Borussia Dortmund
2012/13 Bayern München
Klubb Gonger
Bayern München 22
Borussia Mönchengladbach 5
Borussia Dortmund 5
Werder Bremen 4
Hamburger SV 3
VfB Stuttgart 3
FC Kaiserslautern 2
FC Köln 2
TSV 1860 München 1
FC Nürnberg 1
Eintracht Braunschweig 1
VfL Wolfsburg 1


BFC Dynamo Berlin har gjort krav på å bli anerkjent som 10 gonger seriemeister i Tyskland. Dette kravet er ikkje blitt godtatt, sidan Dynamo Berlins seriemeisterskap var i DDR, og mykje også tyder på at mange av kampane på 1980-talet var fiksa. Sjå Oberliga DDR.