Burkhard Christoph von Münnich

Burkhard Christoph Graf von Münnich (19. mai 168327. oktober 1767) var ein tyskfødd ingeniør, feltmarskalk og politikar i russisk teneste. Han var greve av Det tysk-romerske riket.

Burkhard Christoph von Münnich

Burkhard Christoph von Münnich
Fødd19. mai 1683
FødestadNeuenhuntorf i Oldenburg
Død27. oktober 1767
Dødsstad Russland St. Petersburg
Truskap Frankrike (Bourbon)
 Det tysk-romerske riket
 Det russiske imperiet
Tenestetid16991741
RangFeltmarskalk
EiningDen franske hæren
Hæren til Hessen
Den saksiske hæren
Den keisarlege russiske hæren
KonfliktarDen spanske arvefølgjekrigen
Den polske arvefølgjekrigen
Den russisk-austerrikske tyrkarkrigen
Seinare arbeidEksil i Sibir
Ansvarleg for Austersjøhamnene
Adelstittelgreve

Bakgrunn endre

Münnick var av ei opphavleg dansk adelslekt, då faren Anton Günther von Münnich vart adla av den danske kongen Christian IV som offiser og dikeansvarleg.

Münnick gjekk i 1699 inn i fransk teneste i Strasbourg. Då den spanske arvefølgjekrigen braut ut i 1701, tenestegjorde han som hauptmann i først styrkane til storhertugdømet Hessen og frå 1705 for Hessen-Darmstadt. Han deltok i kampar i Italia og Nederland, og vart etter slaget ved Malplaquet i Frankrike i 1709 utnemnd til oberstløytnant, men vart sterkt skadd sett i fransk krigsfangenskap. Etter at han vart lauslaten i 1713, vart han engasjert av landgreve Karl av Hessen-Kassel i bygginga av kanalen ved Karlshafen. I 1716 gjekk han som oberst inn i den kursaksiske hæren.

I russisk teneste endre

I 1721 tok han teneste som ingeniørgeneral i den russiske hæren, leia av Peter den store. Ei av dei første oppgåvene hans var å ferdigstille den kostbare Ladoga-kanalen som hadde vore under bygging i meir enn ti år. Deretter leia han utbygginga av hamna i Kronstadt og festningsverka i Riga. Då Peter II vart tsar i 1727, vart Münnick utnemnd til generalløytnant og året etter vart han utnemnd til russisk greve. Under Anna av Russland auka han sin politiske innverknad.

I 1732 vart han utnemnd til feltmarskalk og leiar av krigsrådet, det høgste militære organet i Russland. Her stod han for ei reorganisering av den russiske hæren og grunnla eit kadettkorps for å sikre rekrutteringa av nye offiserar.

Krigsmerittar endre

Etter ei lengre kringsetjing, inntok han under den polske arvefølgjekrigen byen Danzig frå polske og franske styrkar i 1734. Deretter slo han ned uroer i Warszawa og hadde kommandoen over dei russiske styrkane som var retta mot Det osmanske riket.

I 1736 byrja den russisk-austerrikske tyrkarkrigen der hans militære renomme for alvor vart lagt. Etter å ha rykt fram langs svartehavskysten frå Krim og inntok Otsjakiv i Ukraina i 1737 etter ei lengre kringsetjing. I 1739 vann han eit større slag ikkje langt frå Khotyn og inntok byen. Han etablerte deretter ein sterk posisjon i Moldava. PÅ denne tida engasjerte han seg meir i russisk politikk, særleg gjennom rivalisering med Ernst Johann von Biron, hertugen av Kurland og diplomaten Heinrich Johann Friedrich Ostermann.

Eksil i Sibir endre

Den politiske verksemda hans tok ein brå slutt ved palassrevolusjonen i 1741 som førte Elisabeth av Russland til makta. Han vart arrestert då han var på veg mot grensa og dømt til døden. På sjølve skafottet vart avrettinga avbroten og han vart i staden send til Pelym i Sibir.

Rehabilitert endre

Her budde han heilt til Peter III av Russland rehabiliterte han under sine berre seks månader som tsar. Peter III sin etterfølgjar, Katarina II engasjerte den aldrande feltmarskalken som leiar av hamnene til Russland mot Austersjøen. Etter at han døydde fire år seinare, vart han gravlagt ved godset sitt ikkje langt frå Dorpat. Gravstaden vart likevel øydelagt av dei sovjetiske styresmaktene.

Det russiske 34. dragonregiment er kalla opp etter han.

Kjelder endre