Burnham i Buckinghamshire
Burnham er ein by i Buckinghamshire i England. Han ligg ved Themsen på grensa til Berkshire, mellom Maidenhead og Slough. Sistnemnde byen og Burnham har tildels vakse inn i kvarandre, og Burnham blir ofte rekna som ein forstad til Slough. Han har likevel verna mykje av den eldre karakteren sin.
Burnham | ||
---|---|---|
Old Five Bells | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Buckinghamshire | |
Distrikt | South Bucks | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
11 512 | |
Koordinatar | 51°32′N 0°40′W / 51.533°N 0.667°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | SL1 | |
Telefon-retningsnummer | 01628 | |
Namnet er av angelsaksisk opphav, og tyder «bustaden ved ei elv». Han er først nemnt i Domesday Book (1086) som «Burneham», med ein herregard som høyrde til Walter Fitz-Other.
Burnham var lengje ein viktig kjøpstad, sidan vegen mellom London og Bath, no A4, gjekk gjennom byen. I 1271 vart det innvilga rettar for ein marknad og ein årleg festival. Då brua over Themsen i Maidenhead vart opna vart vegtraséen lagt om, og marknaden vart flytta til Maidenhead. Dette førte til ein lang nedgangsperiode.
I 1265 vart eit benediktinarkloster grunnlagt i Burnham. Det vart nedlagt ved oppløysinga av klostera i England under Henrik VIII, og det som er igjen av bygningane er no del av eit kontorkompleks.
Utanfor byen ligg Burnham Beeches, eit urskogområde.
Soknet Burnham inkluderte tidlegare dei små landsbyane Boveney, Cippenham, Britwell og East Burnham, men dei blir no rekna som sjølvstendige landsbyar. Soknekyrkja i Burnham er vigd til St. Peter.
Burnham stasjon tener hovudlinja mellom London og Reading.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Burnham (Buckinghamshire)» frå Wikipedia på bokmål, den 14. juli 2011.