Burrito Deluxe
Studioalbum av The Flying Burrito Brothers
Språk engelsk
Utgjeve April 1970
Studio A&M, Hollywood, California
Sjanger Countryrock
Lengd 33:08
Selskap A&M
Produsent Jim Dickson, Henry Lewy
The Flying Burrito Brothers-kronologi 
The Gilded Palace of Sin
(1969)
Burrito Deluxe The Flying Burrito Bros
(1971)


Burrito Deluxe er det andre studioalbumet til countryrockgruppa The Flying Burrito Brothers, gjeve ut i mai 1970 på A&M Records. Det er det siste albumet med Gram Parsons før han slutta i gruppa. Det inneheld den første utgjevinga av Mick Jagger/Keith Richards-songen «Wild Horses,» nesten eitt år før The Rolling Stones sjølv gav ut songen på Sticky Fingers.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[1]
The Village VoiceB+[2]

Bakgrunn endre

Etter utgjevinga av debutalbumet, vart det tidlegare medlemmet i The Byrds, Michael Clarke henta inn som fulltidsmedlem som trommeslagar. Han hadde då alt spelt med eit anna tidlegare medlem av The Byrds, Gene Clark sitt Dillard and Clark. Hausten 1969 slutta bassisten Chris Ethridge i The Burrito Brothers i frustrasjon av mangel på suksess. Han vart erstatta av gitaristen Bernie Leadon frå Dillard and Clark, som då var i ferd med å gå i oppløysing[3] medan Chris Hillman gjekk over til å spele bass. Den nye Burritos-besetninga for dette andre albumet var då Parsons, Hillman, Pete Kleinow, Leadon og Clarke.

Uheldigvis hadde ikkje nokon av dei mange nye songar å bidra med, som Leadon forklarte til forfattaren David Meyer som skreiv biografi om Parsons i 2007: «Me kom saman - Gram, Chris og I – i bygningen til A&M og prøvde å skrive songar. Me brukte tre eller fire månadar på dette. Det var som å trekkje tenner. Me kjende mekanikkane i å skrive musikk, men det me gjorde der var ikkje blant dei beste songane til Gram.» Hillman var samd og sa til Meyer, «Etter eit kort blaff i starten, klarte ikkje eg og Gram å få det til igjen. Burrito Deluxe vart spelt inn utan at nokon kjende på kjenslene og intensiteten frå det første albumet.»

Innspeling og komposisjon endre

Plata er kanskje mest kjend for å ha den første innspelinga av «Wild Horses.» Parsons, som først møtte Rolling Stones-gitaristen Keith Richards i 1968, hadde blitt ein god ven av Richards i 1969.[4] Richards gav Parsons ein demo av «Wild Horses» den 7. desember 1969, dagen etter konserten på Altamont, tilsynelatande i eit forsøk på å trøyste Parsons etter ein påstått feilkommunikasjon med Michelle Phillips.[5] I dokumentarfilmen Gram Parsons: Fallen Angel frå 2004, fortel Pamela Des Barres at «Gram var så stolt av at The Stones gav han ein song, for det var uvanleg. The Stones brukte ikkje å gje bort songar til folk.» «Lazy Days» var blitt spelt inn med det førre bandet til Parsons, The International Submarine Band og The Byrds, men ingen av desse versjonane var gjevne ut då, sjølv om The Byrds-versjonen kom ut i ein plateboks i 1990. Burrito Deluxe inneheld nokre coversongar, som Conway Twitty-hitten -«Image of Me», ein superladd versjon av Bob Dylan-songen «If You Gotta Go» og gospelstandarden «Farther Along».

Parsons byrja å miste interessa i The Burritos og etter at han ikkje hadde møtt opp til fleire konsertar eller var for full til å spele, vart han sparka får bandet i juni 1970.[6] I Fallen Angel-dokumentaren seier Chris Hillman at Parsons sin mangel på ambisjon og at han vart stadig meir hugteken av The Rolling Stones var hovudårsakene til at albumet ikkje lukkast: «Gram byrja å gå med ganske interessante ting på scenen. Han hadde eit skjerf og ei av skjortene til kjærasten sin på, og eg brukte å sei 'Denne fyren prøver å sjå ut som ei blanding av Dottie West og Mick Jagger'...Dei siste dagane hans i The Burritos kom han til konsertane våre i limousin. Altså, dette var konsertar me tente 500 dollar på - og me pressa oss inn i ein eigen bil med utstyret vårt, og her møtte han opp i ein limousin. Gram kom frå ein særs rik familie og hadde dette fondet, som var på kring 55 000 dollar i året, og det var om om han var blitt forført av alt det utan å heilt tene det enno.» Parsons gav seinare produsenten Jim Dickson skulda for at albumet mislukkast. I boka Twenty Thousand Roads i 2007, siterte David Meyer Parsons: «Det andre albumet var ein feil - det var ein feil å la Jim Dickson bli involvert. Me burde ha vore meir forsiktig enn det.» Parsons er òg sitert på at han var misnøgd med steelgitaristen «Sneaky» Pete Kleinow: «Chris (Hillman) visste heile tida at Sneaky ikkje var den riktige steelgitaristen. Chris likar Sneaky meir enn meg, fordi han liker den dut dut dut dut som Sneaky klarar å spele. Eg ville ha Tom Brumley. Så gjekk eg med på å bruke ein kvar som kunne spele slidegitar med pedalar på. Eg ønskte ein glimrande, god, kjapp pedalsteelgitarist.»

Plateomslaget til Burrito Deluxe syner eit par gamle burritoar, der den øvste er lagt med paljettar, medan eit liten fotografi av bandet i kvite kjeledressar er lagt over biletet.

Mottaking endre

Burrito Deluxe selde dårleg og nådde ikkje ein gong Billboard 200. Det fekk heller ikkje særskild god kritikk, i motsetnad til debutplata. Mark Deming i AllMusic opna med, «... sjølv om det ikkje er eit dårleg album, er det ikkje på langt nær så slåande som The Gilded Palace of Sin. Parsons leverte ikkje like mange merkverdige originalar her, og 'Cody, Cody' og 'Older Guys' gjer det best, men er svake ved sidan av høgdepunkta frå det førre albumet.» I Parsons-artikkelen «The Lost Boy» i Mojo skreiv John Harris at albumet «la bort omtrent all sjarmen som debutplata hadde, men det hadde eit par greie songar: 'Older Guys,' 'Cody Cody' og 'High Fashion Queen.'» I platenotisane i 1997 skreiv Sid Griffin om Burrito Deluxe: «Ut gjekk dei sentimentale R&B-balladane, og inn kom rock and roll...Burrito Deluxe er likevel pensum ved Introduksjon til Countryrock 101 på universitetet.»

Innhald endre

Side ein endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Lazy Days»Gram Parsons3:03
2.«Image of Me»Harlan Howard, Wayne Kemp3:21
3.«High Fashion Queen»Chris Hillman, Gram Parsons2:09
4.«If You Gotta Go»Bob Dylan1:52
5.«Man in the Fog»Bernie Leadon, Gram Parsons2:32
6.«Farther Along»J.R. Baxter, W.B. Stevens4:02

Side to endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Older Guys»Chris Hillman, Bernie Leadon, Gram Parsons2:31
2.«Cody, Cody»Chris Hillman, Gram Parsons2:46
3.«God's Own Singer»Bernie Leadon2:08
4.«Down in the Churchyard»Chris Hillman, Gram Parsons2:22
5.«Wild Horses»Mick Jagger, Keith Richards6:26

Medverkande endre

Musikars endre

Andre medverkande endre

Teknisk endre

  • Produsentar - Jim Dickson, Henry Lewy
  • Lydteknikar - Henry Lewy

Kjelder endre

  1. Deming, Mark. Burrito DeluxeAllmusic
  2. Christgau, Robert (28. mai 1970). «Consumer Guide (10)». The Village Voice. Henta 9. oktober 2020. 
  3. Byrdwatcher website retrieved 23. juli 2012. Arkivert 27. august 2012 ved Wayback Machine.
  4. Richards, Keith; Fox, James (2010). Life. London: Weidenfeld & Nicolson. ISBN 978-0-297-85439-5. 
  5. Davis, Stephen. Old Gods Almost Dead. New York: Broadway Books, 2001, ISBN 0-7679-0313-7, pp. 322-323.
  6. George-Warren, Holly. Hot Burritos! The Flying Burrito Brothers Anthology 1969–1972. A&M 069 490 610-2, 2000, liner notes.