Buskhokko

fugleart
Buskhokko
Buskhokko
Buskhokko
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Buskhokko
Utbreiinga av Buskhokko
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Hønsefuglar Galliformes
Familie: Hokkoar Cracidae
Underfamilie: Penelopinae
Slekt: Ortalis
Art: Buskhokko O. guttata
Vitskapleg namn
Ortalis guttata

Buskhokko (Ortalis guttata) er ein medlem av hokkofamilien som lever i vestlege til sørlege område av Amazonasbassenget i Sør-Amerika.

Skildring endre

Dette er ein liten til mellomstor hokko, ca. 49-55 centimeter i kroppslengd. Fjørdrakta har brun overside som blir mørkare mot nakke og hovud, hals og bryst har små kvite flekker, undersida er lysare brun. Dei har ein raud naken hudsekk i strupeområdet. Nebbet er blåleg, beina er rosa.[1]

Utbreiingsområdet for nominatforma er i Colombia frå søraustlege Boyacá-departementet og sørover aust for Andesfjella, i Ecuador og Peru aust for Andes. Dessutan store delar av Bolivia nord for Cochabamba og i Amazonas i Brasil med nordgrense omtrent langs Rio Negro og Vaupés. Ein underart, O. g. remota finst i eit avgrensa isolert område sør i Brasil, i delstatane Mato Grosso do Sul, lengst aust, og i tilgrensande, nordre São Paulo.[2]

Buskhokkoar lever i varierande typar av skog eller i utkanten av skog, og beitar ofte lågt i tre, skjult av lauvverk. Dei kan gå ned på bakken og meir sjeldan høgt opp i trekroner. Habitater er i lågland og for eksempel i Peru helst under 1700 moh. og under 1100 moh i Ecuador. I Ecuador er dei mest talrike med nærleik til vatn.[1] Dei beitar i grupper på 4-6 fuglar og føda er ofte frukt.

Storleiken på populasjonen er ikkje estimert, men arten er klassifisert som globalt livskraftig, LC.[2] Nominatforma er vanleg i delar av utbreiingsområdet, i alle landa.[3]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II, Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8
  2. 2,0 2,1 BirdLife International (2021) Species factsheet: Ortalis guttata. Henta frå http://www.birdlife.org den 16. januar 2021
  3. Kirwan, G. M., J. del Hoyo, N. Collar, and D. A. Christie (2020). Speckled Chachalaca (Ortalis guttata), version 1.0. In Birds of the World (red. S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, and T. S. Schulenberg). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.specha3.01

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Buskhokko