Butikkmuseet «Gammelbua på Voll»

Butikkmuseet på Voll («Gammelbua») er ein del av Rennebu bygdemuseum. Det består av tre bygningar som står ved riksveg 700Voll i Rennebu.

Butikklokalet vart oppsett i samband med tilskipinga av Rennebo Nedre Forbrugsforening i 1871. Samstundes vart det kjøpt to stabbur som fungerte som lager for butikkvarene. I 1970 vart drifta flytta til eit nybygg om lag 150 m unna, og «Gammelbua» vart ståande ubrukt. Etter dette fekk Rennebu historielag hovudbygninga i gåve av Ingebrikt O. Bakk, og den delen av varesortimentet som var høveleg til museumsbruk (og dei to stabbura), vart kjøpt av historielaget for 55 000 kroner. Seinare har det museale varespekteret vorte komplettert med gåver frå andre enkeltpersonar.

Det kanskje mest unike med samlingane på «Gammelbua» er at alle dokument frå hundre års butikkdrift er lagra. Ei mengd lister og anna bokførsel er ordna og katalogisert og gjev interessant innsikt i det daglege livet i ei trøndersk bygd gjennom hundre år.