Buzz Gardner
Charles «Buzz» Guarnera (1931–1. februar 2004) var ein amerikansk trompetist og flygelhornspelar. Han var bror til Bunk Gardner og begge spelte med Frank Zappa and The Mothers of Invention.
Buzz Gardner | |||
Fødd | 1931 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Cleveland | ||
Død | 1. februar 2004 (72 år) | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | jazz | ||
Instrument | trompet | ||
Plateselskap | Verve Records | ||
Verka som | musikar, trompetist |
Tidleg liv
endreHan var fødd i 1931 i Cleveland i Ohio. Guarnera starta å spele musikk i særs ung alder. Han dreiv mot storband- og jazzmusikk. 16 år gammal starta Guarnera musikkarrieren sin med å turnere i midtvesten med Jack Wilson. Han flytta så til New York City og studerte ved Mannes School of Music. I 1951 gjorde han militærteneste i Trieste i Italia. Han spelte i eit militærband med den mellom andre fløytespelaren Herbie Mann. Han delte ein periode rom med Don Preston som seinare spelte med han i Frank Zappa and the Mothers of Invention. I 1953 enda militærtenesta til Guarnera og han flytta til Paris i Frankrike. Meda han var i Paris spelte han med René Thomas og André Hodeir, og spelte inn nokre album med han. I 1955 flytta Gardner attende til New York for å studere ved Manhattan School of Music. I 1959 gjekk han ut frå Manhattan School of Music med ein bachelorgrad i musikk. Han flytta så til Los Angeles og spelte med broren Bunk. Brødrene spelte i latin- og jazzgrupper i lag.
Karriere
endreI 1962 møtte Buzz igjen Don Preston og spelte i Don Preston's Unnamed Experimental Project. I 1968 hadde han byrja å spele avantgarde og jazzfusionmusikk. I november 1968 slo Buzz seg saman med Frank Zappa og the Mothers of Invention der han spelte trompet. Då spelte han igjen i lag med broren Bunk. Buzz var berre med på to album av the Mothers of Invention, Burnt Weeny Sandwich og Weasels Ripped My Flesh. I august 1969 avslutta Zappa the Mothers. Buzz og Bunk drog vidare for å spele med John Balkin som Menage A Trois i 1969-1972.
Brødrene er med på Tim Buckley sitt Starsailor i 1970 og debutalbumet til Dominic Troiano, Dominic Troiano i 1972. I 1980 spelte Buzz i lag med somme av the Mothers of Invention-medlemmane Bunk, Jimmy Carl Black, Jim Sherwood og Don Preston. Gruppa kalla seg the Grandmothers og spelte inn nokre få album. Dei kom saman att i 2002.
Gardner døydde 1. februar 2004, 72 år gammal.
Diskografi
endre- René Thomas quintet: rené thomas et son quintette 1954
- Bobby Jaspar: bobby jaspar's new jazz vol.2 1954
- Andre Hodeir et le jazz groupe de paris: essais 1955
Med Frank Zappa and the Mothers of Invention
endre- Burnt Weeny Sandwich (1970)
- Weasels Ripped My Flesh (1970)
- You Can't Do That On Stage Anymore Sampler (1988)
- You Can't Do That On Stage Anymore Vol. 1 (1988)
- You Can't Do That On Stage Anymore Vol. 4 (1991)
- You Can't Do That On Stage Anymore Vol. 5 (1992)
- BTB I: The Ark (1991)
- BTB II: Our Man In Nirvana (1992)
Med Captain Beefheart & his Magic Band
endre- Trout Mask Replica (1969)
Geronimo Black
endre- Geronimo Black (1972)
Tim Buckley
endre- Starsailor (1970)
Domenic Troiano
endre- Domenic Troiano (1972)
med Grandmothers
endre- The Grandmothers (1981)
- Fan Club Talk (1981)
- Lookin Up Granny's Dress (1983)
- A Mother of Anthology (1993)
med Ant-Bee
endre- Electronic Church Muzik (2011)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Buzz Gardner» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juni 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- United Mutations
- Buzz Gardner ved The Internet Movie Database (IMDb)