By the Time I Get to Phoenix

By the Time I Get to Phoenix
Singel av Glen Campbell
frå albumet By the Time I Get to Phoenix
B-side

«You've Still Got a Place in My Heart»

Språk engelsk
Utgjeve 23. oktober 1967
Innspelt 1967
Sjanger Country
Lengd 2:42
Selskap Capitol
Komponist Jimmy Webb
Tekstforfattar Jimmy Webb
Låtskrivar(ar) Jimmy Webb
Produsent Al De Lory
Glen Campbell-kronologi 
«Gentle on My Mind»

(1967)

By the Time I Get to Phoenix «Hey Little One»

(1968)


«By the Time I Get to Phoenix» er ein song skriven av Jimmy Webb. Han vart først spelt inn av Johnny Rivers i 1965, og vart så spelt inn av den amerikanske countryartisten Glen Campbellalbumet med same namn. Han vart gjeven ut på Capitol Records i 1967 og Campbell-versjonen toppa RPM si countryliste i Canada, og nådde andreplassen på Billboard si Hot Country Singles-liste. Versjonen vann òg to Grammyprisar.[1] Broadcast Music, Inc. (BMI) oppførte songen som den tredje mest framførte songen frå 1940 til 1990.[2] Songen vart rangert på 220. plassen på BMI-lista over dei 100 beste songane på 1900-talet.[3] Frank Sinatra kalla songen «den beste [[tåreperse>tårepersa]] som nokon gong var skriven.»[4]

Bakgrunn og låtskriving endre

By the time I get to Phoenix she'll be rising
She'll find the note I left hangin' on her door
She'll laugh when she reads the part that says I'm leavin'
'Cause I've left that girl so many times before

Jimmy Webb

Webb fekk inspirasjonen til å skrive «By the Time I Get to Phoenix» då forholdet hans til Susan Horton tok slutt. Dei vart verande vener etter ho gifta seg med Bobby Ronstadt, eit syskenbarn av songaren Linda Ronstadt. Forholdet deira var òg inspirasjonskjelda for songen «MacArthur Park».[5]

Webb sa at songen ikkje var meint å vere geografisk bokstavleg. «Ein fyr kom bort til meg etter ein konsert og synte meg korleis det var umogeleg å køyre frå L.A. til Phoenix, og så kor langt det var til Albuquerque. Kort fortalt, sa han, 'denne songen er umogeleg.' Og det er han nok. Det er ein slags fantasi om noko eg ønskte eg hadde gjort, og finn stad i grensa til røyndomen.» Køyreturen skal visstnok vere mogeleg.

Webb kalla songen ei «konsis soge» med ein «O. Henry-aktig tvist på slutten, der karen i songen berre seier, 'She didn't really think that I would go,' men det gjorde han.» Sjølv om hovudpersonen i songen forlet kjærasten sin, forlet ikkje Webb Horton.[6]

Musikalsk er songen kjend for å ende i «feil» toneart.

Andre versjonar endre

«By the Time I Get to Phoenix» vart rekna som den tredje mest framførte songen i perioden mellom 1940 og 1990 av Broadcast Music, Inc. (BMI) den 14. september 1990.[2] Det er blitt spelt inn mange versjonar av songen. Frankie Valli and the Four Seasons; Isaac Hayes-versjonen på albumet Hot Buttered Soul er 18 minuttar og 40 sekundar lang, der Hayes fortel kva som skjedde før sjølve bilturen.[7] Brídín Brennan, syster til songaren Enya, sampla songen for den andre singelen hennar Eyes of Innocence. Hayes og Dionne Warwick gav ut songen i lag som ein live medley med «I Say a Little Prayer» i 1977. Denne singelen nådde 65. plassen på R&B-lista i USA. The Mad Lads spelte inn songen i 1969 for Stax Records. Denne nådde 28. plassen på R&B-lista. Harry James gav ut ein versjon i 1981 for albumet For Listening And Dancing (Reader's Digest RD4A 213). Nick Cave spelte songen i 1980-åra og seinare. John Peel, ein kjend britisk programleiar på radio frå 1967 til 2004 rekna Cave-versjonen som den beste versjonen.

Lister endre

Liste (1967–1968) Plassering
US Hot Country Singles (Billboard)[8] 2
US Billboard Hot 100[9] 26
US Adult Contemporary (Billboard)[10] 12
Canada Country Tracks (RPM)[11] 1

Kjelder endre

  1. «Past Winners Search». National Academy of Recording Arts and Sciences. Henta 15. august 2016. 
  2. 2,0 2,1 «BMI list of Most Popular Songs from 1940–1990». Broadcast Music, Inc. September 2, 1990. Arkivert frå originalen April 2, 2003. 
  3. «BMI Announces Top 100 Songs of the Century». Broadcast Music, Inc. December 13, 1999. 
  4. Takiff, Jonathan (January 17, 1992). «The Man Behind The Hits». Philadelphia Daily News. 
  5. Boucher, Geoff (June 10, 2007). «'MacArthur Park' Jimmy Webb, 1968». Los Angeles Times (Tribune Publishing). 
  6. Gross, Terry (February 10, 2004). «Jimmy Webb: From 'Phoenix' To 'Just Across The River'». Fresh Air. NPR. 
  7. Birchmeier, Jason. By the Time I Get to PhoenixAllmusic. Henta 15. august 2016.
  8. «Hot Country Singles». Billboard (Nielsen Business Media, Inc) 80: 37. January 13, 1968. ISSN 0006-2510. 
  9. "Campbell?f=379&g=Singles Glen Campbell Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Glen Campbell. Prometheus Global Media.
  10. "Campbell?f=341&g=Singles Glen Campbell Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for Glen Campbell. Prometheus Global Media.
  11. "RPM Country Tracks." RPM. Library and Archives Canada. January 27, 1968.

Bakgrunnsstoff endre