Bygdøy Kongsgård

(Omdirigert frå Bygdøy kongsgard)

59°54′40.018″N 10°40′40.037″E / 59.91111611°N 10.67778806°E / 59.91111611; 10.67778806

Bygdøy Kongsgård i 1903.
Bilete frå parken med dam og bru i 1935.
Kongsgården rundt 1982-1983.
Foto: Arne Gunnarsjaa

Bygdøy Kongsgård er ein kongsgardhalvøya Bygdøy, i Oslo kommune. Tidlegare vart staden kalla Øya eller Lagårdsøya[1] (ofte skrive Ladegaardsøens Hovedgaard).[2]

Frå 1. januar 2004 vart drifta av kongsgarden overteke av Norsk Folkemuseum. Bygdøy tilhøyrde kongen av Danmark-Noreg frå 1532. Etter kvart vart noko seld ut, men framleis er det store område som er prega av landbruk.

Tomta er på om lag 2 000 dekar, med 740 dekar dyrka mark. Bygdø Kongsgård er den største mjølkeprodusenten i Oslo og produsere økologisk mjølk. Sjølve garden er ope for publikum, og er drifta av Landbruksavdelinga på Norsk Folkemuseum.[3] Bygdø Kongsgård omfattar gardsbruket, Rodeløkken, Thulstrupløkken, Strømsborg, Kongeskogen, Bygdøy Sjøbad, Hengsenga og Sæterhytta på Dronningberget. Området er freda av Riksantikvaren.[4]

Historie endre

I 1305 gav kong Håkon V Magnusson garden i morgongåve til kona si, dronning Eufemia av Rügen.[5] Garden har sidan den gongen tilhøyrd eller stått til disposisjon for det norske, dansk-norske eller svensk-norske kongehuset.

Hovudbygninga på garden vart reist av statthaldaren grev Christian Rantzau i 1733 i samband med kong Kristian VI si noregsreise. Gjennom resten av 1700-åra vart bygningen sumarbustad for statthaldarar og andre høge embetsmenn, og vart frå omkring 1800 òg sumarresidens for kongelege.

Kong Kristian Fredrik, den seinare Kristian VIII av Danmark, budde på Kongsgården sumaren og hausten 1814 etter at han måtte seie frå seg trona ved Mossekonvensjonen, og det var her han tok imot Stortingets deputasjon før avreisa til Danmark 10. oktober.[5] Ved avreia blei han rodd frå Paradisbukta til eit ventande skip ved Jeløya. På grunn av dårleg vêr måtte skipet ta inn ved Fredriksvern (Stavern), og den endelege avreisa frå Noreg skjedde 28. oktober. Kristian Fredrik kom aldri att til Noreg.

I tiåra omkring 1800 blei store delar av eigedomen utparsellert til private landstader, men i 1837 kjøpte kong Karl III Johan resten av garden frå Staten.[5] Sonesonen Karl IV selde den att til Staten i 1863, og den blei da stilt til disposisjon for kongehuset. Oscar I førte opp lystslottet Oscarshall på Kongsgården i 1847–1852, ut mot Frognerkilen. Sonen Oscar II utvikla garden vidare som folkepark for byen og førte opp Kongevillaene ved stranda sørvest på Bygdøy som sumarhus for dei kongelege og gjestene deira. I alt blei seks villaer førte opp, men berre «Villa Sofie» frå 1878 er bevart. I 1881 starta han verdas første friluftsmuseum på eigedomen, Oscar IIs Samling. Dei fem bygningane, med Gol stavkyrkje som midtpunkt, blei i 1907 tatt over av Norsk Folkemuseum.

Etter 1905 endre

Etter unionsoppløysinga i 1905 vart hovudbygninga sett i stand og modernisert, og kong Haakon VII og familien hans, og seinare kong Olav V, nytta han som fast sumarbustad.[5]

Da bygningen vart bygd i 1733 skjedde det svært med stort hastverk og det blei mellom anna nytta tømmer som ikkje var skikkeleg tørka. Bygninga fekk difor tidleg omfattande råteskadar. Seinare endringar, restaureringar og oppussing har ikkje tatt omsyn til dette. Det førte med seg at det blei nødvendig med ei omfattande restaurering som starta i 2004 og pågjekk fram til hausten 2007.[5]

I 2004 vart eigedomen overført til Norsk Folkemuseum.[6] Kong Harald V sa frå seg bruksretten til garden og driftsbygningane, men tok vare på hovudbygninga, bygningane for tenestefolket og parken. Etter overdraginga vert hovudbygninga kalla Bygdøy Kongsgård, og gardsanlegget med parkområda Bygdø Kongsgård.

Til 70-årsdagane sine i 2007 fekk kong Harald og dronning Sonja restaurering og oppgradering av parkskogen Dronningberget i gåve frå regjeringa. Dronningberget ligg nord på Bygdøy og høyrer til kongsgarden. Bysten av grev Herman Wedel Jarlsberg og den sørgjande løva er renovert. Sæterhytten er ført attende til tida rundt 1880.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bygdøy Kongsgård