Ei bygdebok er ei bok eller eit bokverk som omtalar den historiske utviklinga til eit bygdelag, som regel utgjeve av eller i samarbeid med ein eller fleire kommunar. I Noreg er det sidan midten av nittenhundretalet gjeve ut slike lokalhistoriske bøker for store delar av landet. Dei vert gjerne delte i to grupper:

  • Allmenn bygde- og kulturhistorie
  • Gards- og slektshistorie, med oversyn over innbyggjarar i arkivhistorisk tid (frå 15-/1600-talet) – vanlegvis ordna etter bustad (matrikkelgard). Det er vanleg å gje opplysningar om fødselsår, vigselsår og dødsår, kortfatta opplysningar om einskildpersonar og når dei har kjøpt eller bygsla eigendomen. Om matrikkelgardane vert tyding av namn, alder og driftsformer drøfta.

Bakgrunnsstoff endre