Bysse

(Omdirigert frå Byssa)

Bysse (eigentleg kabyss eller kabysse, av mellomnedertysk) er kjøkkenet om bord på eit skip. Maten vert servert til mannskapet og offiserane i messa.

Byssa på eit indonesisk skip.

Ordet vert også brukt om sjølve komfyren i rommet. Om bord på båtar der maten ikkje vert laga på eit eige rom, vert kjøkkendelen gjerne kalla «pantry».