Opna hovudmenyen

C.H.D. Buys Ballot

nederlandsk fysikar

Christophorus Henricus Diedericus Buys Ballot (òg kalla Christoph Heinrich Diedrich Buys Ballot) (10. oktober 18173. februar 1890) var ein nederlandsk kjemikar og meteorolog, som Buys-Ballot si lov og Buys-Ballot-tabellen er kalla opp etter.

C.H.D. Buys Ballot
Christophorus Henricus Diedericus Buys-Ballot.jpg
Fødd 10. oktober 1817
Goes, Kloetinge
Død

3. februar 1890
Utrecht, Utrecht

Yrke fysikar, matematikar, meteorolog, kjemikar, professor, universitetslærar
C.H.D. Buys Ballot på Commons

Han gjekk på Gymnaset ved Zaltbommel og Hogeschool (i dag Universitet) i Utrecht. Etter at han fekk doktorgrad i 1844, vart han forelesar i mineralogi og geologi i Utrecht. Han la til teoretisk kjemi i 1846. I 1847 vart han professor i matematikk og frå 1867 fram til han pensjonerte seg var han professor i fysikk.

Buys Ballot testa dopplereffekten for lydbølgjer i 1845 ved å bruke ei gruppe musikarar som spelte ein kalibrert tone på eit tog langs Utrecht-Amsterdam-linja.

Buys Ballot er best kjend for resultata han kom fram til i meteorologi, særleg i samband med å forklare retninga til luftstraumane i store vêrsystem. I tillegg grunnla han Det nasjonale nederlandske meteorologiske instituttet (KNMI) i 1854 der han var administrerande direktør fram til han døydde. Han var ein av dei første som innsåg behovet for internasjonalt samarbeid, og i 1873 vart han den første styreformannen i Den internasjonale meteorologiske komiteen, ein føregjengar for Verdas meteorologiorganisasjon (WMO).

Buys-Ballot si lov seier at om ein person på den nordlege halvkula står med vinden i ryggen, så har han eit lågtrykk til venstre for seg. Den største arbeidsoppgåva hans i meteorologi var å utforske lange tidsseriar for å finne faktorar som gjekk igjen. Han var meir opptatt av å finne desse faktorane enn å forklare dei. Han medverka ikkje til meteorologiske teoriar, noko som kan verke overraskande sidan han var utdanna innan fysikk. Dette står i kontrast til amerikanaren William Ferrel, som levde samtidig, og som oppdaga Buy-Ballot si lov noko tidlegare.

Buys Ballot utvikla ein tabellmetode for å utforske periodisiteten i tidsseriar. I 1847 nytta han tabellen, som i dag er kalla opp etter han, til å avgjere perioden til solrotasjonen frå daglege observasjonar av temperatur i Nederland frå 1729 til 1846.

LitteraturEndra

  • Harold L. Burstyn «Buys Ballot, Christoph Hendrik Diederik» Dictionary of Scientific Biography volum 1, s. 628, New York: Scribners 1973.
  • E. van Everdingen C. H. D. Buys Ballot 1817-1890 The Hague 1953.
  • O. B. Sheynin On the History of the Statistical Method in Meteorology, Archive for the History of the Exact Sciences, 31, (1984-5) 53-95.
  • J. L. Klein Statistical Visions in Time, Cambridge: Cambridge University Press 1997.

BakgrunnsstoffEndra

  • M. Buys-Ballot, «Note sur le rapport de l'intensite et de la direction du vent avec les ecarts simultanes du barometre», Comptes Rendus, Vol. 45 (1857), s. 765–768.

KjeldeEndra