CO2-nøytral energi

CO2-nøytral eller klimavennleg energi er energi framstilt utan at prosessen medfører utslepp av drivhusgassen CO2, eller ved at energiframstillinga inngår i eit økologisk krinsløp slik at mengda CO2 i utsleppa svarer til mengda CO2 som vert bunden som følgje av energiframstillinga.

CO2-nøytral energi kan til dømes vere vasskraft, vindkraft, bølgjekraft, bioenergi og atomkraft.

Derimot slepper kolkraftverk, gasskraftverk og oljefyrte kraftverk ut monalege mengder CO2 og andre drivhusgassar.

Ved produksjon av bioenergi vil vedfyringa medføre utslepp av CO2, men denne gassen vil gjennom fotosyntesen bli bunden ved ny produksjon av trevirke.