Californiastraumen
Californiastraumen er ein havstraum i Stillehavet som renn sørover langs vestkysten av Nord-Amerika, frå utanfor sørlege område av British Columbia til utanfor sørenden av Baja California. Straumen er ein austleg grensestraum og ein del av nordstillehavsvirvelen. Straumen fører til oppvelling ved kysten, der kaldt, og næringsrikt vatn strøymer opp frå djupare vasslag. Det kjølige vatnet gjer at ein ofte får tåke på kysten av California.
Ein smalare og svakare motstraum, Davidsonstraumen, flyttar stundom varmare vatn nordover om vinteren. Under El Niño-hendignar vert Californiastraumen forstyrra. Dette som fører til mindre planteplankton, som igjen påverkar heile næringskjeda i havområdet, som både fisk, sjøfugl og havpattedyr.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «California Current» frå Wikipedia på engelsk, den 6. september 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Carina Stanton. Warmer oceans may be killing West Coast marine life. Seattle Times. 13 July 2005. Retrieved 22 March 2008.
- Mann, K.H., Lazier, J.R.N. 2006. Dynamics of Marine Ecosystems: Biological-Physical Interactions in the Oceans. Third Edition. Blackwell Publishing. pp. 166–167, 194-204.
- Schwing, M.R., Mendelssohn, R., Bograd, S.J. 2003. El Nino Impacts of the California Current Ecosystem. Report produced by NOAA Fisheries, Southwest Fisheries Science Center. 1-8.