Camel av Camel

album av Camel
Camel av Camel
Studioalbum av Camel
Språk engelsk
Utgjeve 28. februar 1973
Innspelt 15–26. august 1972
Studio Morgan Studios i London
Sjanger Progressiv rock
Lengd 39:17
Selskap MCA
Produsent Dave Williams
Camel-kronologi 
Camel av Camel Mirage
(1974)


Camel er debutalbumet til det engelske, progressive rockebandet Camel, utgjeve på MCA Records i februar 1973.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[1]

Bakgrunn endre

I august 1972 fekk Camel kontrakt med MCA Records. Dei gjekk raskt inn i studio for å spele inn debutalbumet, Camel. Det var ei samling av individuelle songar, hovudsakleg skrivne av Andrew Latimer og Peter Bardens, men albumet selde heller og MCA ønskte ikkje å gå for eit nytt album. Innan den tid hadde bandet fått Geoff Jukes og Max Hole frå Gemini Artists (seinare GAMA Records) som managerar og gått til Decca Records, der dei vart verande dei neste ti åra.

Turné endre

Camel turnerte ni månader av året og fekk eit godt rykte som konsertband i Storbritannia, Sveits, Belgia og Nederland. Dei delte scene med andre artistar som Stackridge, Barclay James Harvest, Gong, Hawkwind, Pink Fairies, Global Village Trucking Company og Spyro Gyra.

Nyutgjeving endre

Albumet vart ommastra og gjeve ut på ny i 2002 på London Records med to bonusspor: singelversjonen av «Never Let Go» og eit konsertopptak av «Homage to the God of Light», som var fast på dei tidlege konsertane deira. Ein studioversjon av sistnemnde kom ut på soloalbumet til klaverspelaren Peter Bardens, The Answer, i 1970.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Slow Yourself Down»Andrew Latimer, Andy Ward4:47
2.«Mystic Queen»Peter Bardens5:40
3.«Six Ate» (instrumental)Latimer6:06
4.«Separation»Latimer3:57
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Never Let Go»Latimer6:26
6.«Curiosity»Bardens5:55
7.«Arubaluba» (instrumental)Bardens6:28
Bonusspor på 2002-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
8.«Never Let Go» (singelversjon)Latimer3:36
9.«Homage to the God of Light» (Peter Bardens-song, konsertopptak frå The Marquee Club – 29. oktober 1974)Bardens19:01

Medverkande endre

Camel
Produksjon
  • Lydteknikar: Roger Quested
  • Plateomslag: Modula

Kjelder endre

  1. Jehnzen, Daevid (2011). «Camel - Camel (1973) album review at AllMusic». AllMusic.com. Henta 7. november 2019.