Camilla Läckberg

svensk skribent

Jean Edith Camilla Läckberg (fødd 30. august 1974 i Fjällbacka i Sverige) er ein svensk forfattar.

Camilla Läckberg

Statsborgarskap Sverige
Fødd 30. august 1974 (49 år)
Fjällbacka
Yrke skribent, romanforfattar, programleiar, samfunnsøkonom
Sjanger Kriminalroman, barnelitteratur
Ektefelle Martin Melin
Camilla Läckberg på Commons

Ho er utdanna siviløkonom og bur med mannen sin og tre born i Enskede. Kriminalromanane til Läckberg er lagde til Fjällbacka i Bohuslän, der forfattaren sjølv voks opp. Gjennomgangspersonane er forfattaren Erica Falck og politimannen Patrik Hedström, med Hedström sine kollegaer ved Tanumshede politistasjon i biroller. Romanane Isprinsessan og Predikanten er filmatiserte av Sveriges Television, og er også viste på NRK.

Fleire av bøkene til Läckberg har toppa bestseljarlista i heimlandet. Ho har selt over ein million eksemplar berre i Sverige, og er omsett til fleire språk.

Bibliografi endre

  • Isprinsessan (2002)
  • Predikanten (2004)
  • Stenhuggaren (2005)
  • Olycksfågeln (2006)
  • Tyskungen (2007)
  • Smaker från Fjällbacka – kokebok (2008)
  • Sjöjungfrun (2008)
  • Fyrvaktaren (2009)

Prisar og utmerkingar endre

(Utval)

Bakgrunnsstoff endre