Camilla Nordberg Thorsen (fødd 30. desember 1975) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Kongsberg. Kantspelaren vart europameister med Noreg i 2004.

Camilla Thorsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. desember 1975 (48 år)
Kongsberg kommune
Yrke handballspelar

I 1990-åra var Thorsen aktiv i både Bergkameratene og Gjerpen IF, pluss Bergens-laga Tertnes og Nordnes. Ho spelte så på dei danske topplaga Viborg HK i tida 2000-05 og Ikast-Bording 2006-08, samt tyske Leipzig. Sidan reiste ho heim til Kongsberg og var nokre sesongar aktiv i Skrim.

Thorsen debuterte på Noregs landslag 15. juni 1995 mot Danmark, og fekk sin avskjed med landslaget mot same motstandar den 21. november 2007. Trass i over 12 år mellom debut og avskjed deltok ho ikkje i meir enn 61 landskampar, i desse sette ho inn 138 mål. Ho fekk med seg tre meisterskapsturneringar med Noreg, der EM-sigeren over Danmark i 2004 var det eine, store høgdepunktet.

Merittar endre

Kjelder endre