Opna hovudmenyen
Camp Nou

Camp Nou er eit fotballstadion i Barcelona i provinsen Catalonia i Spania. Stadion, som vart opna i september 1957, har i dag plass til 99 354 tilskodarar, noko som gjer Camp Nou til det største fotballstadionet i Europa. Camp Nou er heimebana til fotballklubben FC Barcelona.

Fleire finalar i europacupen, meisterligaen og cupvinnarcupen har funne stad på Camp Nou, mellom anna då Manchester United vann 2-1 mot Bayern München i Meisterligafinalen 1999.

KjelderEndra