Campylobacter jejuni
slekt av prokaryotar
Campylobacter jejuni er ein spiralforma gramnegativ bakterie. Han kan valda gastroenteritt og er den vanlegaste årsaka til bakterievalda diaresjukdomar på verdsbasis. Etter infeksjon kan han òg valda sjukdomar som Guillain-Barré-syndrom, reaktiv artritt og irritabel tarm-syndrom.[1][2]
Campylobacter jejuni | |
Campylobacter jejuni | |
Systematikk | |
Domene: | Bakteriar Bacteria |
Rike: | Pseudomonadati |
Rekkje: | Pseudomonadota |
Klasse: | Epsilonproteobacteria |
Orden: | Campylobacterales |
Familie: | Campylobacteraceae |
Slekt: | Campylobacter |
Art: | C. jejuni |
Vitskapleg namn | |
Campylobacter jejuni |
Ei sekvensering av genomet til C. jejuni vart publisert i 2000. Det var på 1 641 481 basepar og hadde ingen innsetjingssekvensar eller sekvensar knytte til bakteriofagar, og hadde særs få repeterande sekvensar. Genomet vart estimert til å koda for 1 654 protein.[2]
Kjelder
endre- ↑ Iovine, Nicole M. (2014). «Resistance mechanisms in Campylobacter jejuni». Virulence 4 (3): 230–40. PMC 3711981. PMID 23406779. doi:10.4161/viru.23753.
- ↑ 2,0 2,1 Parkhill, J.; Wren, B. W.; Mungall, K.; Ketley, J. M.; et al. (2000). «The genome sequence of the food-borne pathogen Campylobacter jejuni reveals hypervariable sequences». Nature 403 (6770): 665–8. PMID 10688204. doi:10.1038/35001088.