Can't Get You Out of My Head

Can't Get You Out of My Head
Singel av Kylie Minogue
frå albumet Fever
B-side

«Boy»
«Rendezvous at Sunset»

Språk engelsk
Utgjeve 8. september 2001
Innspelt 2001
Sjanger Dansepop
Lengd 3:51
Selskap Parlophone
Komponist Cathy Dennis, Rob Davis
Tekstforfattar Cathy Dennis
Låtskrivar(ar) Cathy Dennis
Rob Davis
Produsent Cathy Dennis
Rob Davis
Kylie Minogue-kronologi 
«Butterfly»
(2001)
Can't Get You Out of My Head «In Your Eyes»
(2002)


«Can't Get You Out of My Head» er ein dansepopsong spelt inn av den australske songaren Kylie Minogue til det åttande studioalbumet hennar, Fever. Songen vart skriven og produsert av Cathy Dennis og Rob Davis, og vart utgjeven som den første singelen frå albumet.

Informasjon

endre

«Can't Get You Out of My Head» vart den til då mest suksessfulle singlen av Minogue. Singelen nådde førsteplass på topplistene i over 40 land og har selt over 4 millionar eksemplar. Songen fekk mange positive meldingar frå kritikarar. I biografien til Minogue er songen skildra som den mest vellykka songen hennar til då.

Komposisjon

endre

«Can't Get You Out of My Head» er ein midtempo dansepopsong med påverknad frå elektronisk musikk. Musikken blir laga av eit elektrisk piano, strykarar og ulike elektroniske lydar.

Utgjeving og listeplasseringar

endre

«Can't Get You Out of My Head» vart utgjeven 8. september 2001. I heimlandet til Minogue Australia gjekk songen rett inn på listetoppen, den sjuande gongen ho oppnådde dette. Songen låg fire veker på listetoppen i Australia og vart den tredje mest selde singelen det året. I tillegg nådde songen førsteplass i New Zealand og vart liggjande der i tre veker. Han nådde førsteplassen i alle dei europeiske landa bortsett frå Finland, der han nådde nummer fem. Han nådde førsteplassen for ei veke i Frankrike og Tyskland, der han selte over 500 000 eksemplar i kvart av landa. Singelen selde 306 000 eksemplar i den første veka si etter utgjevinga, og nådde førsteplassen på UK Singles Chart, der han vart liggjande fire veker på toppen. Ved utgangen av året hadde singelen selt over ein million eksemplar.

Etter suksessen som songen oppnådde rundt om i verda vart «Can't Get You Out of My Head» utgjeven i USA. Han debuterte på nummer sekstifire på Billboard Hot 100 og nådde nummer sju i den niande veka på hitlistene. I august 2005 sertifiserte Recording Industry Association of America singelen til gull for eit sal på over 500 000 digitale nedlastingar i USA.[1]

Musikkvideo

endre

Videoen viser Minogue som køyrer i eit framtidslandskap mot ein storby. I eit futuristisk bylandskap med dansarar i kvite kostyme som dansar som robotar. Minogue kjem til og dansar med dei i ei tilsvarande drakt. I den neste scenen dansar ho innandørs med dansarar i raude drakter med bøtteaktige hattar; ho sjølv ber ei kort, utfordrande hettedrakt som fekk mykje omtale. Til slutt opptrer Minogue i ein metallaktig kjole i eit mørkt utandørs bylandskap med dansarar kledde i svart. I 2002 vann videoen ein pris på MTV Video Music Awards for beste koreografien.

Format og sporliste

endre
Internasjonal CD 1
  1. «Can't Get You Out of My Head» – 3:51
  2. «Boy» – 3:47
  3. «Rendezvous at Sunset» – 3:24
  4. «Can't Get You Out of My Head» (Video)
Internasjonal CD 2
  1. «Can't Get You Out of My Head» – 3:51
  2. «Can't Get You Out of My Head» (K&M Mindprint Mix) – 6:34
  3. «Can't Get You Out of My Head» (Plastika Mix) – 9:26
Internasjonal CD 3
  1. «Can't Get You Out of My Head» – 3:51
  2. «Boy» – 3:47
Australsk CD 2
  1. «Can't Get You Out of My Head» – 3:51
  2. «Can't Get You Out of My Head» (K&M Mindprint Mix) – 6:34
  3. «Can't Get You Out of My Head» (Plastika Mix) – 9:26
  4. «Can't Get You Out of My Head» (Superchumbo Mix) – 8:32

Andre versjonar

endre
  1. «Can't Get Blue Monday Out of My Head» – 4:03
  2. «Can't Get Blue Monday Out of My Head» (Live) – 4:28 *
  3. «Can't Get You Out of My Head» (Extended Mix) – 5:57 *
  4. «Can't Get You Out of My Head» (Extended Instrumantal) – 5:57 *

* Desse versjonane var ikkje tilgjengelege ved den opphavlege utgjevinga.

Topplisteplasseringar og sertifisering

endre

Vekentlege toppliste

endre
Toppliste (2001) Listeplassering
Australia (ARIA Charts)[2] 1
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[3] 1
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[4] 1
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[5] 1
Danmark (Tracklisten)[6] 1
Nederland (Single Top 100)[7] 1
Finland (Suomen virallinen lista)[8] 5
Frankrike (SNEP)[9] 1
Tyskland (Media Control Charts)[10] 1
Hellas (IFPI Greece)[11] 1
Irland (IRMA)[12] 1
Italia (FIMI)[13] 1
New Zealand (RIANZ)[14] 1
Noreg (VG-lista)[15] 1
Spania (PROMUSICAE)[16] 1
Sveits (Schweizer Hitparade)[17] 1
Sverige (Sverigetopplistan)[18] 1
Storbritannia (UK Singles Chart)[19] 1
Toppliste (2002) Listeplassering
USA (Billboard Hot 100)[20] 7
USA (Hot Dance Club Songs)[21] 1
USA (Pop Songs)[22] 3

Årsslutt toppliste

endre
Toppliste (2001) Listeplassering
Australia (ARIA Charts)[23] 3
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[24] 1
Belgia (Ultratop Flandern)[25] 8
Belgia (Ultratop Vallonia)[26] 5
Frankrike (SNEP)[27] 8
Tyskland (Media Control Charts)[28] 6
Irland (IRMA)[29] 7
Nederland (Single Top 100)[30] 2
Sveits (Schweizer Hitparade)[31] 1
Storbritannia (UK Singles Chart)[32] 3
Toppliste (2002) Listeplassering
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[33] 50
Frankrike (SNEP)[34] 36
Tyskland (Media Control Charts)[35] 15
Sveits (Schweizer Hitparade)[36] 26
USA (Billboard) 45

Sertifisering

endre
Land Sertifisering
Australia (ARIA) 3× Platina
Austerrike (IFPI Austria) Platina
Belgia (BEA) 2× Platina
Frankrike (SNEP) Platina
Tyskland (BMVI) Platina
Hellas (IFPI Greece) Platina
New Zealand (RIANZ) Gull
Noreg (IFPI Norway) Platina
Sverige (GLF) Platina
Sveits (IFPI Switzerland) Platina
Storbritannia (BPI) Platina
USA (RIAA) Gull

Utgjevingshistorie

endre
Land Dato
Australia 8. september 2001
Storbritannia 17. september 2001
USA 27. februar 2002

Kjelder

endre
  1. «U.S. Certification». Recording Industry Association of America. Henta 15. juli 2009. 
  2. «Australian-charts.com – Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head». ARIA Top 50 Singles. Hung Medien. 
  3. «Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head – Austriancharts.at». Ö3 Austria Top 40. Hung Medien. 
  4. «Ultratop.be – Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head». Ultratop (Flandern). Hung Medien. 
  5. «Ultratop.be – Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head». Ultratop (Vallonia). Hung Medien. 
  6. «Danishcharts.com – Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head». Tracklisten. Hung Medien. 
  7. «Dutchcharts.nl – Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head». Mega Single Top 100. Hung Medien. 
  8. «Finnishcharts.com – Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head». Suomen virallinen lista. Hung Medien. 
  9. «Lescharts.com – Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head». SNEP. Hung Medien. 
  10. «Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de». Media Control Charts. PhonoNet GmbH. 
  11. «Greek Singles Chart». IFPI Greece. Arkivert frå originalen 3. april 2002. Henta 12. mai 2012. 
  12. «Chart Track». Irish Singles Chart. Irish Recorded Music Association. 
  13. «Italiancharts.com – Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head». FIMI. Hung Medien. 
  14. «Charts.org.nz – Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head». Recording Industry Association of New Zealand. Hung Medien. 
  15. «Norwegiancharts.com – Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head"». VG-lista. Hung Medien. 
  16. «Spanishcharts.com – Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head». PROMUSICAE. Hung Medien. 
  17. «Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head – swisscharts.com». Schweizer Hitparade. Hung Medien. 
  18. «Swedishcharts.com – Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head». Sverigetopplistan. Hung Medien. 
  19. «Chart Stats – Kylie Minogue – Can't Get You Out of My Head». UK Singles Chart. Chart Stats. 
  20. «Kylie Minogue Album & Song Chart History». Billboard Hot 100. Prometheus Global Media. 
  21. «Kylie Minogue Album & Song Chart History». Billboard Hot Dance/Club Play. Prometheus Global Media. 
  22. «Kylie Minogue Album & Song Chart History». Billboard Pop Songs. Prometheus Global Media. 
  23. «ARIA Annual Chart». Australian Recording Industry Association. 2001. Henta 15. juli 2009. 
  24. «Austrian Annual Chart». Austrian Charts. 2001. Henta 15. juli 2009. 
  25. «Belgian Flemish Annual Chart». Ultratop. 2001. Henta 15. juli 2009. 
  26. «Belgian Walloon Annual Chart». Ultratop. 2001. Henta 15. juli 2009. 
  27. «French Annual Chart». SNEP. 2001. Henta 15. juli 2009. 
  28. «German Annual Chart». Universität Würzburg. 2001. Henta 15. juli 2009. 
  29. «Ireland - Top Singles For 2001». Allcharts.org. Henta 5. januar 2012. 
  30. Steffen Hung. «Dutch charts portal». dutchcharts.nl. Henta 5. januar 2012. 
  31. «Swiss Annual Chart». Swiss Charts. 2001. Henta 15. juli 2009. 
  32. «UK Annual Chart». The Official Charts Company. 2001. Arkivert frå originalen 30. april 2008. Henta 15. juli 2009. 
  33. «Austrian Annual Chart». Austrian Charts. 2002. Henta 15. juli 2009. 
  34. «French Annual Chart». SNEP. 2002. Henta 15. juli 2009. 
  35. «German Annual Chart». Universität Würzburg. 2002. Henta 15. juli 2009. 
  36. «Swiss Annual Chart». Swiss Charts. 2002. Henta 15. juli 2009. 

Bakgrunnsstoff

endre