Canterbury-forteljingar

(Omdirigert frå Canterbury-forteljingane)

Canterbury-forteljingar, engelsk The Canterbury Tales eller Tales of Caunterbury, er ei samling forteljingar skrivne av den engelske forfattaren Geoffrey Chaucer på slutten av 1300-talet. Dei blir fortalde i ei rammefortelling der ei gruppe pilegrimar dreg frå Southwark til Canterbury for å vitja grava til Thomas Becket i domkyrkja der. Pilegrimane representerer ulike grupper i det samtidige engelske samfunnet.

Portrett av Chaucer som ein Canterbury-pilegrim i Ellesmere-manuskriptet av Canterbury-forteljingar.
Eit tresnitt for Canterbury-forteljingane frå 1484.

Forteljingane omfattar 24 stykke og over 17 000 linjer skrivne på mellomengelsk mellom 1387 og 1400.[1] Dei fleste forteljingane er skrivne på vers, medan to av dei er på prosa.

Bakgrunn endre

I 1386 fekk Chaucer embetsstillinga Controller of Customs and Justice of Peace og i 1389 blei han utnemnd til Clerk of the King's work.[2] Det var i denne åra han byrja å skriva det best kjende verket sitt. Etter ei rad tidlegare verk, som Troilus and Criseyde, House of Fame og Parliament of Fowls, er Canterbury-forteljingar rekna som Chaucer sitt meisterverk. Verket er blitt kjend som The Canterbury Tales på engelsk, men tittelen brukt i dei eldste overlevande tekstane er Tales of Caunterbury. Den eldste bruken av den moderne tittelen, Canterbury talys, opptrer i John Lydgate sin prolog til Siege of Thebes (1421–1422).[3]

Strukturen i verket minnar om den i Dekameronen av Giovanni Boccaccio, som Chaucer kan ha lese då han vitja Italia som diplomat i 1372. Som Dekameronen rekner ein med at Canterburyfortellingene bidrog til å gjera folk sitt talemål meir utbreidd som litteraturspråk, i staden for fransk eller latin.

Ein rekner med at verket var ufullendt då Chaucer døydde. I den generelle prologen introduserer han 30 pilegrimar som kvar skal dela fire forteljingar, to på vegen til Canterbury og to på tilbakevegen.[4] Det ville då ha omfatta 120 forteljingar. Også den tiltenkte rekkjefølgja på forteljingane er ukjend, ettersom verket blei laga før boktrykkarkunsten blei utvikla i Europa, og Canterburyfortellingene blei spreidde gjennom handskrivne manuskript.[4]

Innhald endre

 
Framstilling av pilegrimane etter Thomas Stothard.

Verket inneheld desse delane:

  • Prologen – The General Prologue
  • Ridderens fortelling og prolog – The Knight's Prologue and Tale
  • Møllerens prolog og fortelling – The Miller's Prologue and Tale
  • Reevens prolog og fortelling – The Reeve's Prologue and Tale[a]
  • Kokkens prolog og fortelling – The Cook's Prologue and Tale
  • Lovmannens prolog og fortelling – The Man of Law's Prologue and Tale
  • Enken fra Baths prolog og fortelling – The Wife of Bath's Prologue and Tale
  • Klosterbrorens prolog og fortelling – The Friar's Prologue and Tale
  • Stevningsmannens prolog og fortelling – The Summoner's Prologue and Tale
  • Skriverens prolog og fortelling – The Clerk's Prologue and Tale
  • Handelsmannens prolog og fortelling – The Merchant's Prologue and Tale
  • Væpnerens prolog og fortelling – The Squire's Prologue and Tale
  • Odelsbondens prolog og fortelling – The Franklin's Prologue and Tale
  • Legens fortelling – The Physician's Tale
  • Avlatskremmerens prolog og fortelling – The Pardoner's Prologue and Tale
  • Skipsførerens fortelling – The Shipman's Tale
  • Priorinnens prolog og fortelling – The Prioress' Prologue and Tale
  • Chaucers fortelling om Sir Topas – Chaucer's Tale of Sir Topas
  • Melibees fortelling – The Tale of Melibee
  • Munkens prolog og fortelling – The Monk's Prologue and Tale
  • Nonnens prests prolog og fortelling – The Nun's Priest's Prologue and Tale
  • Den andre nonnens prolog og fortelling – The Second Nun's Prologue and Tale
  • Kannikens tjeners prolog og fortelling – The Canon's Yeoman's Prologue and Tale
  • Forvalterens prolog og fortelling – The Manciple's Prologue and Tale
  • Sogneprestens prolog og fortelling – The Parson's Prologue and Tale
  • Chaucers avsanning – Chaucer's Retraction

Omsetjingar endre

Egil Tveterås utførte den første omsetjinga av verket til norsk, som Canterburyfortellingene i 1953.[5] Det kom ut ei ny omsetjing av Arthur O. Sandved i 2002.[6] Den norske mellomalderhistorikeren Kåre Lunden gjendikta eit utval av Canterbury-forteljingane og andre verk av Chaucer til nynorsk i 1993.[7]

Merknadar endre

  1. Reeve er ein tittel på ein embetsmann i mellomalderen. Til dømes er «sheriff» avleidd frå shire-reeve

Kjelder endre

  1. «The Canterbury Tales», Encyclopedia Brittanica 
  2. Prestwich, Michael (2014). Medieval People: Vivid Lives in a Distant Landscape. London: Thames & Hudson. s. 4. An Age of Plague 1300–1400. ISBN 9780500252031. 
  3. Carlson, David. «The Chronology of Lydgate's Chaucer References». The Chaucer Review, Vol. 38, No. 3 (2004), s. 246–254. Henta 6. januar 2014.
  4. 4,0 4,1 «About The Canterbury Tales». www.librarius.com. Henta 25. september 2015. 
  5. Geoffrey Chaucer Canterburyfortellingene, oversatt av Egil Tveterås , illustrert av H. Lawrence Hoffman Aschehoug 1953
  6. Geoffrey Chaucer Canterbury-fortellingene i utdrag gjendiktet av Arthur O. Sandved ISBN 82-03-18556-8
  7. Kåre Lunden Den Vakre snikkarkona: frå Geoffrey Chaucers Canterbury-forteljingar og andre mellomaldervers, 1992 ISBN 8252138608