J.W. Cappelens Forlag

(Omdirigert frå Cappelens forlag)

J.W. Cappelens Forlag A/S er eit norsk forlag som vart grunnlagt 23. februar i 1829. Det er det eldste av forlaga som er i drift i Noreg i dag. Forlaget gjev ut bøker i alle sjangrar.

Forlaget vart skipa av Jørgen Wright Cappelen som han dreiv bokhandel i Storgata i Christiania der han også baud fram bøker frå eige forlag. J.W. Cappelen såg seg sjølv som ein folkeopplysningsmann, og etterkvart som leseferdigheita breidde seg over landet var han med på stetta trongen for bøker for vanlege folk. Forlaget gav ut salmebøker, huspostillar og katekismar som gjekk ut i store opplag. Læsebog for Folkeskolen og Folkehjemmet vart til dømes prenta og seld i eit opplag på til saman heile 300 000 eksemplar.

Etter at Jørgen Wright Cappelen døydde i 1878 vart firmaet drive vidare av familien heilt fram til i 1987 då det svenskekonsernet Bonnier tok over aksjemajoriteten i selskapet. I 2007 vart forlaget slege saman med forlaget N.W. Damm & Søn A/S, skipa i 1843, til forlaget Cappelen Damm AS, som er eigd av Bonnier og det danske konsernet Egmont med ein halvpart kvar. Før dette var J.W. Cappelens Forlag A/S eit av dei største i Noreg, og eigde både Cappelen Akademisk Forlag A/S og bokdistribusjonsverksemda Sentraldistribusjon ANS. Dessutan dreiv forlaget sine eigne bokklubbar. I fylgje forlaget sjølv, gav dei ut om lag 800 titlar i året, av desse er 400–500 lærebøker, medan resten var skjønn- og faglitteratur av anna slag. Desse tala inkluderte både nyutgjevingar og nye opplag av tidlegare utgjevne bøker.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  • Harald L. Tveterås: I pakt med tiden : Cappelen gjennom 150 år : 1829-1979. Cappelen, Oslo, 1979. ISBN 82-02-04310-7