Natteramnar og seglarfuglar

fugleorden
(Omdirigert frå Caprimulgiformes)
Natteramnar og seglarfuglar
Hamrenatteramn Caprimulgus macrurus
Hamrenatteramn
Caprimulgus macrurus
Utbreiing
Utbreiinga av natteramnar og seglarfuglar
Utbreiinga av natteramnar og seglarfuglar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Natteramnar og seglarfuglar Caprimulgiformes
Ridgeway, 1881

Den biologiske orden natteramnar og seglarfuglar (Caprimulgiformes) samlar froskemunnar, natteramnar og andre relaterte fugleartar. Utbreiingsområdet deira dekkjer det meste av verda, men dei finst ikkje i arktisk klima og på øyane på New Zealand.

Nattfuglar som natteramnar og potuar skjuler seg om dagen med hjelp av komplisert kamuflasjeteknikk, fjørdrakta etterliknar tørre blad og bork på tre, eit fenomen som òg kallast krypsis.

Ein antar at medlemmer i Caprimulgiformes har fjernt slektskap med ugler, Strigiformes.[treng kjelde]

Taksonomi endre

Caprimulgiformes samla tidlegare fem familiar, og framtidig åtte familiar, talet på artar i parentes:[1]

Taksonomien av ordenen Apodiformes for seglarar og kolibriar, samt ordenen Caprimulgiformes for froskemunnar, natteramnar og andre relaterte fugleartar, blir for tida endra av taksonomiske autoritetar. Revisjonen av The Clements Checklist of Birds of the World, (eBird/Clements Checklist v2016), frå august 2016 har allereie iverksett ei endring slik at seglarar og kolibriar går inn i Caprimulgiformes.[1] Apodiformes går ut som takson i denne klassifiseringa, og Caprimulgiformes blir den største ordenen nest etter sporvefuglar med 588 artar.

Kjelde endre

  1. 1,0 1,1 Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017