Cares
Cares er ei elv nord i Spania, som renn gjennom dei autonome regionane Asturias og León før ho renn saman med Rio Deva og munnar ut i Biscayabukta i Atlanterhavet. Her dannar dei estuaret Tina Mayor som er ei naturleg grense mellom Asturias og Cantabria.
Cares | |||
elv | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Lengd | 54 km | ||
Kjelde | Posada de Valdeón i Dei kantabriske fjella | ||
- høgd | 1 600 moh. | ||
Munning | Rio Deva | ||
![]() Cares | |||
Wikimedia Commons: Cares River | |||
Cares er mest kjend for ei smal og spektakulær kløft som ho dannar gjennom Picos de Europa, ein av dei største geografiske attraksjonane i Asturias. Elva er òg kjend for den rike laksebestanden.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Cares» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mai 2009.