Carl Wilhelm Hartmann (3. juli 188025. juni 1957) var ein norsk jurist og Venstre-politikar frå Kongsberg.

Hartmann tok cand.jur.-graden i 1902 og arbeidde som fullmektig hos byfogden i Bodø og statsadvokaten for Nordland. Frå 1907 var han fullmektig hos riksadvokaten, deretter politifullmektig 1911-16 i Kristiania. Perioden 1917-31 var han statsadvokat i Telemark og Aust-Agder, til sist lagmann ved Hålogaland lagmannsrett fram til 1947.

Hartmann var ordførar 1928–30 i Skien og sidan medlem i bystyret. Hausten 1930 vart han vald til stortingsmann frå kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder. På Stortinget var han nestformann i Protokollkomiteen. I 1931 var Hartmann mellombels utestengd frå Venstre då han i ei sak i april 1931 røysta mot Venstre-regjeringa, noko som førte til at Johan Ludwig Mowinckel si andre regjering gjekk av. I den såkalla Lilleborgsaka kom Protokollkomiteen med framlegg til Odelstinget om at regjeringa ikkje burde gjeve Lilleborg konsesjon til å kjøpe Denofa, eit framlegg stilt av Hartmann.[1]

Kjelder endre

Fotnotar endre