Carl Johansen (fødd 6. august 1974) er ein norsk forfattar og politikar frå Sunndalsøra.[1][2][3]

Carl Johansen
Nasjonalitet Noreg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. august 1974 (49 år)
Sunndalsøra
Yrke Forfattar, politikar
Politisk parti Miljøpartiet Dei Grøne
Debut Skinn, 2011

Han romandebuterte i 2011 med romanen Skinn på forlaget Vigmostad & Bjørke.[4] I 2020 gav han ut romanen Ferguson. A Novel på engelsk.[5] Han har bidrege med noveller i ei rekke antologiar, og dessutan skrive manus for TV. Tekstane til Johansen er omsett til kinesisk, polsk og latvisk, og nytta som pensum i VGS.

Johansen har studert statsvitskap og idéhistorie ved Universitetet i Oslo, og gått Forfattarstudiet i Bø.[6] Han er folkevald til fylkestinget i Møre og Romsdal for Miljøpartiet Dei Grøne.[7][8]

Utgjevingar endre

  • Antologien til Forfatterstudiet i Bø (2005)
  • 25 episodar av Hotel Cæsar (2008–2010)
  • «Lonely is the word, essay (Vinduet 4/2010)
  • Noveller i antologiane Tapt og funnet, Pilot, Det er bare å lukke øya og Jakten på tirsdag (Cappelen Damm 2005–2013)
  • Skinn, roman (Vigmostad & Bjørke 2011)
  • Grünerløkka, forteljingar (Vigmostad & Bjørke 2017)
  • Kynismer, aforismar og dikt (Vigmostad & Bjørke 2018)
  • «Rattus norvegicus», Intertekst VG1 (Fagbokforlaget 2020, fyrst publisert i Grünerløkka)
  • Ferguson. A novel (Grey Slate Press 2020)

Referansar endre

  1. ««Carl Johansen (06.08.1974)»». forfatterkatalogen.no. Henta 20. februar 2013. 
  2. Anders Malm (15. august 2011). «Debutanter høsten 2011:». nrk.no. Henta 4. februar 2012. 
  3. «BOKBADET I Sunndal folkebibliotek: Svein Sæter - Ekstra: Carl Johansen». Nettstaden til Sunndal kommune. 21. juli 2011. Henta 4. februar 2012. 
  4. «Skinn». nettstaden til forlaget Vigmostad & Bjørke. Henta 4. februar 2012. 
  5. Noble, Barnes &, «Ferguson: A novel|NOOK Book», Barnes & Noble (på engelsk), henta 11. april 2021 
  6. Malm, Anders (15. august 2011), «Desillusjonert idealist», NRK (på norsk bokmål), henta 12. april 2021 
  7. «Stortingsvalliste 2021», Møre og Romsdal MDG, henta 11. april 2021 
  8. «Møre og Romsdal fylkeskommune», mrfylke.no, henta 11. april 2021 

Bakgrunnsstoff endre